Archive for mai, 2011

He ain’t heavy…

søndag, mai 15th, 2011

TEATER 

Your brother. Remember?
Av Zachary Oberzan
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
Kickboksing mot tre: Scena som stykket hentar tittel frå. Foto: Zachary Oberzan

Ei lågmælt, varm og sterk framsyning, særs personleg, men langt frå privat.

Zachary Oberzan er ein dyktig og velrenommert skodespelar. Mellom anna er han medlem av gruppa Nature Theatre of Oklahoma som har gjesta Norge med eit par særs gode produksjonar dei siste to åra; No Dice (der han sjølv var med) og Romeo & Juliet. Som oss alle har han ei fortid og ein barndom. Oberzan vaks opp i ein syskenflokk på tre der han og den litt eldre broren Gator i ungdomen mora seg med å lage videoparodiar på favorittfilmane sine. For dryge tjue år sia spela dei inn sin eigen versjon av Jean-Claude Van Dammes Kick Boxer frå 1989, ein film som handla om to brør der den eine blir lam etter ein brutal kickboksekamp i Bangkok, og der den andre skal gjere gjengjeld og rette opp brorens ære. Filmen er basert på ei sann historie, og synte ein nokså firkanta og uferdig Van Damme i ei ganske naivistisk setting. Slik sett kan ein seie at videoversjonen til Oberzanbrørne fekk eit i dobbel tyding sterkt slektskap med originalen.

Tjue år etter er mye vatn runne ut i havet, og Oberzanbrørne har gått ulike vegar. Zachary er blitt ein vellukka teatermann med både plate- og filmutgjeving på merittlista, medan Gator har store problem med dop, og har mange fengselsopphald bak seg. Men Zachary får broren med på å lage ei ny innspeling av filmen, og den teaterframsyninga han i desse dagar gjestar Trondheim med, er ei kryssklipping av originalfilmen og dei to videoversjonane, knytt saman av han sjølv som kommenterer det heile.

Det er ei blitt ei lågmælt framsyning som opererer på eit utal plan. Den leikne, uskuldige og særs naivistiske tilnærminga frå guterommet for tjue år sia er tatt med som ramme også for  nyinnspelinga. Men med det bakteppet vi etter kvart får rulla opp, og der Gator er særs open om fengselsopphald og dopproblem, blir vi etter kvart drege rett frå uskuldig barndom der framtida er ein fjern visjon og alt er mogeleg, til ein røyndom som er meir enn brutal. Tittelen til oppsettinga er henta frå Kick Boxer då yngstebroren under treninga skal sparke ned eit tre, men finn det for tøft, og er i ferd med å gi seg. Instruktøren hans minner han på kvifor han held på med dette prosjektet; It’s your brother. Remember? Med det som har skjedd med Oberzanbrørne dei siste tjue åra, blir dette nærast profetisk, og ei særs sterk scene.

I ei nedtona, og temmeleg low pitch setting lar Zachary Oberzan dei tre filmane i hovudsak tale for seg. Hans eiga rolle på scena er redusert til eit minimum, og slik blir dette eit skuleeksempel på kor sterkt og rett det er å nytte devisa ”show them, don’t tell them”. Her er det likskapen og samstundes kontrasten mellom dei tre innspelingane som spelar hovudrolla, korleis noko som berre skulle vere ein leik på guterommet i ettertid er blitt både profetisk og dermed metateater på særs høgt nivå. Særleg sterkt er det når Gator på grunn av abstinensproblem må avbryte delar av nyinnspelinga.

Zachary Oberzan har laga ein produksjon som formidlar ei særs trist og personleg historie, men presentert utan å bli privat og med masse humor og varme. Det er ei, og samstundes eit utal historier om to brør, om to heilt ulike lagnadar, og kanskje også om kor lite som skil når det kjem til stykket. Men først og fremst er det uvanleg godt teater.
Amund Grimstad