Archive for desember, 2010

Livet er eit tidsfordriv

tirsdag, desember 7th, 2010

TEATER

The Ballad of Ricky and Ronny – A Pop Opera
Av og med: Anna Sophie Bonnema og Hans Petter Dahl
Libretto: Anna Sophie Bonnema
Musikk: Hans Petter Dahl
Scenografi, lys og kostyme:  MaisonDahlBonnema
Produsert av Needcompany/MaisonDahlBonnema
Teaterhuset Avant Garden i samarbeid med Trøndelag Teater
Studioscena, Trøndelag Teater

Bildet:
TIDSFORDRIV: Når alt er utan innhald, blir livet berre eit tidsfordriv. FOTO: MAARTEN VANDEN ABEELE

Underspela opera, – absurd og litt komisk, men grunnleggande trist sivilisasjonskritikk.

Hans Petter Dahl var i si tid ein av dei som starta teatergruppa ”Baktruppen”. Nå er han busett i Nederland, og saman med kona, Anna Sophie Bonnema, driv han teaterkompaniet ”MaisonDahlBonnema under paraplyen til og i samarbeid med det belgiske kompaniet ”Needcompany”. Dahl og Bonnema er først og fremst performanceartistar, men har starta eit forsøk på å skrive og framføre ein operatrilogi. To av dei er alt produsert, og den første, ”The Ballad of Ricky and Ronny”, gjesta Trondheim denne helga. I form er produksjonen i nær slekt med populærmusikken og moderne syngespel, men i røynda har han forbausande stor likskap med tradisjonell opera nettopp av di han framstår nesten som sjangerens antitese.

Dahls og Bonnemas alter ego, ekteparet Ricky og Ronny, er heime hjå seg sjølve. Scenografien er enkel og kan illudere eit minimalistisk designinteriør frå når som helst dei siste førti åra. På ein skjerm bak det heile kan vi følge librettoen, akkurat som i ein vanleg opera. Styring av synth og lyd skjer ope og synleg. Spelet er sjølvsagt live, men resten, og kanskje også det eigentlege innhaldet, er ganske hermetisk. I denne settinga, eit klassisk lukka rom, møter vi eit middelklassepar, to etterlevningar frå sekstitalsgenerasjonane med eit liberalt syn på både seksualliv, dopbruk og det meste.  Intellektuelt kapable, men likevel ganske så avstumpa. Heimen og det tosame er deira kosmos. Det er ei beskytta boble, og utanfor forstår vi at det er kaos; –  truleg krig i tillegg til skremmande naboar og det som verre er.

I denne tilverets uuthaldelege lettheit blir vi presentert for det livstrøytte småborgarskapet personifisert med Ricky og Ronny. Tida får dei til å gå med inkjeseiande og tilsynelatande absurd small talk. Innimellom sper dei på med ulike sexleikar, men også det blir berre keisamt. Livet er eit tidsfordriv utan eige innhald, og i ei fantasiverd, som kan ha bakgrunn i galskap, dop, eller båe, drøymer dei fram eit barn dei kallar ”Freedom”, laga av snø og sæd.

Spelet er så tilbakelent og low pitch som det vel er mogeleg, og all songen blir framført i ein ganske monoton synth-pop som likevel har forbausande gode musikalske kvalitetar. Tradisjonell opera går føre seg i store bokstavar, alt er særs tydeleg, kjenslene ligg som metertjukke lag utapå songarane, og det er lite att til fantasien. I ”The Ballad of Ricky and Ronny” er det heilt motsett. Kjensleladde utsegner som ”fuck you”, og ”fuck you, too” blir formidla like uttrykkslaust som om dei skulle kommentert veret. Men nettopp gjennom ei slik ekstremt underspela form får dei to likevel fram nyansane, og sjølvsagt også monotonien og det innhaldslause i denne småborgarlege idyllen.

”The Ballad of Ricky and Ronny” er ei eksperimentell framsyning som trass i det nyskapande likevel er godt forankra i fleire teatertradisjonar. I forma finn vi tydelege røter i både det psykedeliske sekstitalets dopkultur og i Ionescos absurde teater frå førtitalet, men i innhald er det like mye Ibsensk oppgjer med den lumre småborgaridyllen i 1880-åra. Trass i uttrykkslaus framføring og grovt underspel, og eit dystopisk og grunnleggande trist tema, er produksjonen likevel full av humor og slik sett ganske underhaldande. Dvelinga ved det keisame kan stundom bli vel monotont, og ein overraskande og animert finale blei for meg litt for tydeleg i ei oppsetting som elles ga masse inspirasjon til fantasien.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. desember 2010)