Archive for oktober, 2010

På dommens dag

mandag, oktober 25th, 2010

TEATER
Den store finalen
Av Teater Fusentast
Basert på novella ”Het grote gebeuren” av Belcampo
Regi og dramaturgi: Elin Hassel Iversen
Illustratør og dokkedesign: Janne Magnussen
Scenografi og dokkemakar: Camilla Lilleengen
Musikk: Dr. (Tor Einar) Bekken
Med: Coby Omvlee, Jaap den Hertog og Dr. Bekken
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
FINGERSTORE: Aktverdige innbyggarar, men det er utanpå. FOTO: DAG ARVE FORBERGSKOG

Eit halsbrekkande prosjekt, – sjarmerande, humoristisk, detaljrikt, og litt over stokk og stein.

Teater Fusentast feirar seg sjølv og sine første 20 år som teatergruppe. Denne trondheims-nederlandske frigruppa som består av Jaap den Hertog og Coby Omvlee, har laga eit utal produksjonar som har vore særs leikne, litt rørande og temmeleg underfundige. Og ein del figurteater er det òg blitt. Mellom anna sette gruppa for mange år sia opp ein hysterisk morosam versjon av Peer Gynt der dei spela alle aktene på under timen, og så vidt eg hugsar med berre to aktørar. Når dei nå jubilerer, gjer dei det med den mest ambisiøse produksjonen dei nokon sinne har laga, og det seier ikkje lite. På bakgrunn av den nederlandske novella ”Het grote gebeuren” fekk Jaap den Hertog ein nærast umogeleg idé, og ettersom det bur ein liten Reodor Felgen i han, lét han seg ikkje stoppe. Coby Omvlee skreiv manus, og saman framfører dei om lag eit femtital ulike roller berre assistert av musikken og lydane til Dr. Bekken.

Vi er i den vesle byen Fagersund, ikkje heilt ulik arketypen Trangvik, ein liten stad som historia gløymde, der det meste har stått stille, og der den tilsynelatande idyllen er på det mest Ibsenske lumre. Men under overflata kokar det, og dobbeltmoralen har gode vekstvilkår. Hit kjem vi på verdas aller siste dag og blir presentert for eit stort, representativt og ikkje så reint lite fargerikt utval av plassens innbyggarar. Lite veit dei om kva som er i vente, og hadde dei det gjort, hadde dei kanskje posisjonert seg litt betre for dommens dag. Så langt er ikkje dette spesielt grensesprengande. Men Fusentastane har dramatisert historia som ein ”fantasmagori”. Omgrepet er ei samansetting av dei latinske orda for skrømt og torg. Og framsyninga er blitt ei blanding av nye og urgamle projiseringsteknikkar miksa med dokketeater som er både live og projisert. På eit modellbord er heile byen Fagersund sirleg bygd opp med hus, gater og folk. Med eit lite kamera som dei fører gjennom gatene samstundes med at dei også er dokkeførarar, får vi på lerret sjå opptaket medan vi til same tid ser både dokkeføring og heile settinga. Som om dette ikkje var nok, nyttar dei også ei rekke ulike projiseringsmetodar for å vise supplerande stillbilde. Sjølv om power point har tatt over for lysbilde og overhead, er vel likevel dette ennå kjende teknikkar. Men ”Laterna Magica”, lysbildets mor, ein 350 år gamal metode for å vise bilde på skjerm, er ikkje kvardagskost. Og slett ikkje lett å handtere!

Utkledd som englar fortel dei to Fusentastane historia om Fagersunds siste dag, samstundes med at dei filmar, fører dokker, gir liv til nesten femti personar og viser mengdevis av fantasifulle teikningar og stillbilde. Berre assistert av lyd og musikk frå Dr. Bekken framført på harmonium og synth nærast spring dei to mellom dei forskjellige oppgåvene. Det er blitt litt av eit puslespel, og det går då også sjølvsagt over stokk og stein. Ei noko ustrigla framføring er ein del av sjarmen til Teater Fusentast, og slik skal det vere. Men denne gongen var det vel hektisk, sceneskifta var ikkje synkrone, og det blei ein del kunstpausar. Men eg vil tru at mye av dette går seg til når premierenervar får lagt seg og dei blir varmare i trøya.

Den gode teksten til Coby Omvlee er skriven i bunden form, og han er full av humor, dobbel botn og uventa og litt naivistiske rim. Framsyninga er noko av det mest leikne eg har sett, og både innhald og presentasjon boblar av overskot. Detaljrikdomen er enorm, og jamvel om figurane berre er fingerstore, kjem vi tett innpå personlegdomen til både fotografen Belcampo, piloten Winge, kona hans, Bella Skjønning, som har seg med Belcampo medan Winge er på vingane(!), og mange av dei andre. Og det er eit heilt ope spørsmål kven som får reise opp eller ned på dommens dag. I ”Den store finalen” er det ikkje djevelen, men snarare himmelsk oppleving som ligg i detaljane!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. oktober 2010)

Skodd for interaksjon

tirsdag, oktober 12th, 2010

TEATER

De Røde Skoene
Av Teater Fot
Regi: Lise Hovik
Koreografi: Tone Pernille Østern
Komposisjon/musikk: Tor Haugerud
Med: Line Strøm, Hilde Bjerkeskaug og Terese Vangstad
Trøndelag Teater, Teaterkafeen (og Kasematten på Kristiansten festning)

Bildet:
SKO MED SKO PÅ: Sko i alle utenkelege fasongar. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Ei leiken, vakker, poetisk og ikkje minst uvanleg interaktiv framsyning.

”De Røde Skoene” er ein etter kvart gamal produksjon som hadde urpremiere på kvinnedagen i 2008. Sjølv såg eg framsyninga første gong i Kasematten på Kristiansten Festning i juni same året, og blei mektig begeistra. På den tida hadde eg ikkje nokon blogg, og avisa eg skriv for hadde innført eit merkeleg regime (som nå heldigvis er oppheva) om at ein ikkje skreiv om barneteater. Eg måtte difor brenne inne med begeistringa mi. Då eg etablerte meg som teaterbloggar, bad eg difor ”Teater Fot” om å seie frå om produksjonen skulle kome til ein plass nær meg slik at eg kunne få sett han att og melde han. Etter nesten to og eit halvt år, og på slutten av livet til denne produksjonen, er bønene mine blitt høyrt, og denne veka blir skoa presentert to gongar dagleg i Teaterkafeen på Trøndelag Teater. Eg såg att oppsettinga i dag. Det var eit triveleg gjensyn, og slik det ofte er med interaktivt teater – ganske annleis frå første gongen.

Denne produksjonen er mynta på barn i alderen eitt til to år, altså dei som akkurat har lært seg å gå, og som er nysgjerrige så det held og fysisk heilt ustoppelege. Med andre ord ei særs krevjande målgruppe, men utruleg takknemlege om du treff. Lise Hovik er av dei mest røynde i landet med omsyn til teater for dei yngste, og under hennar kyndige leiing har den vesle teatergruppa utvikla ein produksjon der dei tre aktørane på scena syng, nynnar, dansar og leikar seg fram til eit møte med ei særs skeptisk målgruppe som for ein gongs skuld ikkje skal bli haldne att av foreldre og øvrigheit, men som skal få lov å gjere det dei har- og får lyst til i løpet av framsyninga.

Til lyd- og musikalske kulisser laga og framført av Tor Haugerud startar det heile med forsiktig scat-song, ei slags flørting med publikum. Framføringa eg såg for to år sia fekk etter kvart eit par ungar til å driste seg frampå golvet, men det sat ganske langt inne. Likevel var det tydeleg at konsentrasjonen til ungane var på topp. Dei følgde med, lo og gledde seg med det som skjedde. Men altså med ein trygg distanse der foreldras fang var ein solid base det ikkje var så lett å frigjere seg frå. Ikkje slik i dag. Ungane var raskt på scena, og på det meste talde eg over tjue småtroll som var heilt ukontrollerbare. Med andre ord to totalt ulike framsyningar, kanskje i kvart sitt ytterpunkt av kva Teater Fot hadde planlagt, men likevel båe heilt tydelege på at dette fenga.

Etter oppstarten med lett flørting med publikum i enkel koreografi, gjekk skodespelarane gradvis over til det verkeleg opplevingsrike. For ei målgruppe som akkurat har lært å gå, er fottøyet ein særs sentral reiskap. Og her fekk vi presentert sko i eit utal, og i fasongar du aldri før har sett. Mange av dei hadde andlet, nokre var som høyretelefonar, andre var som akvarium, og atter andre var berre nydelege raude sko. I denne opplevingsrikdomen boltra både dei tre på scena, og alle ”statistane” seg hemningslaust.

Vaskesetelen for denne produksjonen presenterer henne som ei interaktiv framsyning for dei aller minste. Det er berre delvis sant. Dei to oppsettingane eg har sett synte båe at dette raskt blei interaktivt, og at det var dei aller minste som sytte for at det blei slik. Men nettopp interaksjonen, og den spontane og heilt tydeleg gleda alle ”statistane” gav uttrykk for, gjorde at det blei ei ganske unik oppleving også for dei aller eldste. Utan ungane ville framsyninga ha blitt relativt ordinær.

Lise Hovik og Teater Fot har med denne produksjonen synt at det er mogeleg å lage godt teater heilt ned i dei ennå språklauses sfærar. I solid tillit til ungane har dei laga ei oppsetting som tydeleg fenga og fengsla dei små, og som nettopp gjennom det at dette var så synleg, også gjorde det til ei minnerik teateroppleving for oss godt vaksne. I tillegg var det ei sanseleg, poetisk, vakker og særs leiken oppsetting.
Amund Grimstad

Alt det usagte

tirsdag, oktober 12th, 2010

TEATER

1000 zašto 1000 zato
Av Azra Halilovic
Regi: Azra Halilovic og Thorunn Wikdahl
Scenografi: Azra Halilovic og Thorunn Wikdahl
Med: Azra Halilovic
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
TVITYDIG: Kva meining ligg det i å vende ryggen til den eller det ein elskar? FOTO: EIRIK BRENNE TORSETHAUGEN

Personleg, lågmælt og ikkje så reint lite sjølvironisk om eigne opplevingar frå krigens og flyktningtilverets kvardag.

Azra Halilovic er 31 år gamal. Ho er norsk statsborgar, utdanna teatervitar frå NTNU, og den siste tida har ho vore ein særs dugande ansvarleg for ”Symposium” ved Teaterhuset Avant Garden, eit prosjekt der teatergrupper og andre får vise fram og diskutert arbeid dei held på med. Då ho var elleve år gamal begynte ho å skrive dagbok, og nå har ho dramatisert utdrag av dagbøkene. Ikkje noko av dette er spesielt kontroversielt. Men legg til at Halilovic er bosnisk muslim, dotter av ein imam, og at dagbøkene handlar om ungpikeliv midt i eit krigshelvete som for hennar del endar opp med at ho og familien kjem til Trondheim som flyktningar, så forstår du raskt at dette kan vere ei utforsking av eit minefelt i dobbel forstand.  Og det er blitt ei imponerande framsyning, personleg og sikkert mentalt enormt krevjande. Det er sterke saker Halilovic presenterer. Men for publikum ligg styrken i produksjonen først og fremst i alt det usagte.

Azra Halilovic har arbeidd med dette prosjektet i fleire år, og det er ganske forståeleg, for framleis er truleg opplevingane særs nære. I eit formidlingsperspektiv kan det vere fornuftig å få ein viss avstand til opplevingane sjølv om dét igjen kan gjere at det spontane og det kjenslemessige ikkje blir like sterkt. Halilovic nyttar grepet med ein sjølvironisk distanse som kler framsyninga, og som truleg gjer det både lettare for henne å formidle, og for oss å ta i mot.

Tolv år gamal er ho når krigen i heimlandet bryt ut, men i dagbøkene er det symptomatisk nok naivistisk ungjentekjærleik som dominerer. Det er sikkert ein naturleg forsvarsmekanisme, samtidig som det minner oss om at midt i krig og elende, er det også ein kvardag fylt av trivialitetar, – og sjølvsagt kjærleik og håp. Men Halilovic les ikkje berre frå dagbøkene sine. Ho supplerer med å fortelle om sterke og hatefulle opplevingar. Og ho avsluttar ikkje utan også ta med ein god porsjon om korleis det var å kome som flyktning til Norge. For den som trur at toppen av alle draumar må vere å kome hit, kan denne bolken vere særs god vaksenopplæring, for slik er det sjølvsagt ikkje. Ho fortel humoristisk, men med massevis av undertekst om dei første åra i Trondheim.

Framsyninga, som hadde urpremiere på Avant Garden torsdag, er i form eit relativt enkelt fortellarteater der Halilovic både fysisk og verbalt nærast slentrar seg gjennom si eiga historie, presentert med digresjonar og små avbrot som gjer at du får inntrykk av å vere med på ei individuell og unik framføring. Dagbøkene ligg spreidd utover golvet, og ho les frå dei tilsynelatande nesten tilfeldig, og utan annan hjelp enn særs illustrerande og gode  videoprojeksjonar på det skråstilte scenegolvet. Lydbildet, som er musikk med tydelege spor av 90-tal, blir framført live av Andreas Elvenes og Svein Segtnan, og er ein integrert og viktig del av produksjonen.

Tittelen ”1000 zašto 1000 zato” tyder Tusen kvifor, tusen difor. Spørsmåla er Halilovic sine, og etter kvart som ho stiller dei, dukkar nye svar opp, – svar som treng både analysering og bearbeiding, og som gir rom for endelause nye rekker av spørsmål og svar. Vi forstår raskt at i svara kan det ligge både hat og aggresjon, og relativt lite forsoning. Azra Halilovic har laga ein produksjon som er personleg utan å bli privat, og som fortel eit lite knippe sterke historier frå eit ungpikeliv i ei for oss utenkeleg setting berre nokre få timars flyreise unna. Men det sterkaste er alt det usagte. For tjuefem år sia laga den russiske regissøren Elem Klimov filmen ”Gå og se!”, som truleg er ein av dei mest opprivande krigsfilmar som er laga nettopp fordi vi ikkje fekk sjå alt det forferdelege som skjedde i Kviterussland under 2. verdskrigen, men i staden fekk eit innblikk i korleis dette blei opplevd av ungguten Fljora.  Ein tilsvarande indikeringskunst er det Azra Halilovic så meisterleg får til med ”1000 zašto 1000 zato”. Det er ganske godt gjort!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 11. oktober 2010)

Gjøglarglede i hundre år

tirsdag, oktober 5th, 2010

MUSIKAL
Hei, ny dag!
– En Knutsen & Ludvigsen-musikal
Av Marianne Meløy og Stian Hovland Pedersen
Regi: Stian Hovland Pedersen
Med: Studentersamfundets Interne Teater – SIT
Studentersamfundet i Trondhjem, Storsalen

Bildet:
JUBA, JUBA: Jubileum og hyllest til Knutsen & Ludvigsen, men diverre ikkje med duoens kvalitet. FOTO: FOTOGJENGEN.NO

Studentersamfundet i Trondhjem er hundre år og feirar med musikal som skal heidre songskatten etter Knutsen & Ludvigsen.

Hausten 1910 tok dei første arkitekt- og ingeniørstudentane til på det som etter kvart fekk namnet Norges Tekniske Høgskole, og 15. september i år var det høgtideleg hundreårsfeiring av universitetet med det kryptiske namnet NTNU. Det første studentkullet i Trondheim hadde ikkje hatt mange førelesingar før dei fann ut at dei også trong eit sosialt forum. Dryge to veker etter skulestart blei ”Norges tekniske Høiskoles Studentersamfund” (seinare kjend som ”Studentersamfundet i Trondhjem”) formelt stifta. Trondheimsstudentanes ”founding fathers” låg ikkje på latsida denne hausten, for berre to månader seinare skipa dei også eit teaterlag i Samfundet. Hundreårsjubilea står med andre ord i kø i Stiftsstaden denne hausten. Ikkje før hadde universitetsfeiringa lagt seg, så var det bursdag i Studentersamfundet. Fredag var det festmøte i det raude, runde huset ved Elgeseter Bru med kronprins, statsråd, ordførar og andre honoratiores til stades. Studentersamfundets Interne Teater (SIT) hadde, tradisjonen tru, eit kunstnarleg innslag på møtet, og det var ikkje mindre enn urpremiere på ein heilaftans musikal.

SIT feirar sitt eige hundreårsjubileum først den 3. desember, men fann raskt ut at det kunne vere på sin plass å lage ei jubileumsframsyning til Samfundets hundreårsdag. Norsk revy hadde vore vesentleg fattigare utan SIT som kan syne til ein samanhengande revytradisjon heilt attende til 1917. Atskillige av dei revyvisene vi i dag reknar som eviggrøne, skriv seg frå ein eller annan UKE-revy i Trondheim. På norske profesjonelle scener har det gjennom hundre år stått utallege skodespelarar, songarar og gjøglarar som har fått grunnutdanninga si i SIT. To slike, og som dei siste førti åra har prega norsk vise- og revykunst, er Knutsen & Ludvigsen alias Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen. Dei har òg representert ein vesentleg del av oppvekstsongane for dei siste generasjonar studentar. Med det som bakgrunn, og også med tanke på at Gustav Lorentzen døydde så alt for tidleg for berre eit halvt år sia, var det ganske naturleg å lage ei framsyning som kunne heidre dei to og den uvurderlege songskatten deira. Marianne Meløy og Stian Hovland Pedersen, båe sjølvsagt med bakgrunn frå SIT, blei hyra til å skrive manus, og Stian Hovland Pedersen har instruert det heile. Fredag var det urpremiere på musikalen ”Hei, ny dag!”

Då Robert Altman i si tid ville lage film på grunnlag av ni noveller av Raymond Carver, var det neppe mange som trudde det ville bli ei særleg samanhengande historie. Men ”Short Cuts” blei ein kjempesuksess, og for alt eg veit kan Meløy og Hovland Pedersen ha skjela til dette prosjektet då dei tok til med skrivinga. Dei har dukka ned i songane til Knutsen & Ludvigsen, og med bakgrunn i eit neppe tilfeldig utval, har dei snekra saman ei historie som skal binde songinnslaga saman. Vi er naturleg nok i Trondheim, i eit bukollektiv for studentar, der eit virus er i ferd med å spreie seg. Symptoma er at studentane får umotiverte og oftast lite passande anfall der dei berre MÅ synge songar av Knutsen & Ludvigsen. Dette burde vere eit relativt enkelt skjelett å henge songane på, men Meløy og Hovland Pedersen har diverre laga ei historie som er alt for tunn. Vi er sjølvsagt innom ei rekke lett attkjennelege situasjonar for studentar til alle tider, slik som eksamensnervar, morske hybelvertinner, arrogante professorar ”samt aldri så lit’ erotikk”, men handlinga blir aldri meir enn ei middels orsaking for å framføre songar vi alle kjenner og er glade i. Det gjer ikkje saka betre at personinstruksjonen heller ikkje er god nok slik at framføringa blir både litt heseblesande og ikkje alltid i tråd med innhaldet i det som blir sunge. Songtekstane til Knutsen & Ludvigsen er særs gode i ei herleg blanding av alvor og skjemt, humor og underfundige politiske innslag. Aktørane syng bra og har godt følge av eit dyktig orkester, men greier diverre ikkje formidle kva dei syng. To nummer skil seg ut og syner kva dette kunne ha blitt. Eivind Haugland framførte ”Feskhandlar Torske” endå meir innfult enn originalen, og Anna Bettina Langlo Jevne gav oss ”Eventyret om en melodi” i Gustav Lorentzens and der ho fekk heile salen til å plystre og nynne med. Det var vakkert og nesten magisk.

”Hei, ny dag!” representerer nok den same gjøglargleda som ligg bak både revytradisjonen i Samfundet og Knutsen & Ludvigsen, men greier ikkje å fylle henne med tilsvarande kvalitet. Eg veit at SIT berre er unge amatørar, men eg veit også av årelang røynsle at dei kan så mye betre. Vi får bruke den akademiske politikarterminologien og vone at ”Hei, ny dag!” berre er eit ”kvileskjær” på veg mot neste års UKE-revy.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. oktober 2010.)