Archive for juli, 2010

Når faderretten gjeld

mandag, juli 19th, 2010

TEATER

Augusta og Bjørnstjerne
Av Bjørn Rognstad
Basert på ein roman av Gerd Brantenberg
Regi: John Nyutstumo
Produsert og framført av Spillene på Gjøvik Gård
Oppdalsmuseet, Oppdal 17. juli 2010

Bildet:
ROMEO OG JULIE?: Augusta og Bjørnstjerne, – forelska og forlova, men utan faderleg løyve. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Oppdals eigen Romeo og Julie framført nærast på location.

Ein julidag i 1853 forlova to unge elskande seg på toppen av Allmannberget i Oppdal. Ho var Augusta Mjøen, 20 år gamal og dotter av lensmannen i Oppdal, medan han var eitt år eldre og heitte Bjørnstjerne Bjørnson. Dei to hadde kjend kvarandre sia barnsbeina ettersom mor til Augusta var kusina til Bjørnstjerne, og då Augusta nokre år tidlegare var i Christiania for å utdanne seg, var den komande diktaren til stor hjelp. Det var på denne tida kjærleiken mellom dei to utvikla seg. Men for lensmann Jon Mjøen var ikkje den unge Bjørnstjerne godt nok parti for dottera, og Augusta blei henta heim. Etter at Bjørnson var på vitjing i Oppdal sommaren 1853, og dei to stal seg til å forlove seg, blei det alvor, og lensmannen let ”faderretten” gjelde. I halvtanna år blei så godt som all korrespondanse mellom dei to konfiskert slik at båe trudde forholdet var slutt. Augusta gifta seg etter kvart, og med sterkt påtrykk frå faren, med agronom Niels Hansen. I 1861 flytta heile familien Mjøen til Gjøvik Gård, og med det kunne minna frå den forbodne kjærleiken i Oppdal ha blitt historie. Men etter 19 år tok Augusta og Bjørnstjerne opp att kontakten. Han kom ofte innom på Gjøvik, og i følge Alf Mjøen (son av Augusta og Niels) drog Niels då frå garden og kom ikkje heim att før diktaren var reist. Så opna han alle vindauga ”for å lufte ut venstrekrapylet”. Då Bjørnson døydde i 1910 var to av sonene til Augusta æresvakt på panserskipet Norge som tok båra heim frå Paris.

Denne fantastiske historia er dokumentert både i Augustas eigne nedteikningar og i romanen ”Augusta og Bjørnstjerne” av Gerd Brantenberg (Augustas oldebarn). På bakgrunn av denne romanen har Bjørn Rognstad skrive eit teaterstykke med same namn, og tidlegare i sommar var det urpremiere på nettopp Gjøvik Gård. Laurdag var det gjestespel på Oppdalsmuseet, og med ryggen mot forlovingsfjellet fekk eit entusiastisk publikum presentert mye fortetta historie om bygdas mest namngjetne Romeo og Julie.

Bjørn Rognstad har i denne oppsettinga vald å konsentrere seg om kjærleiksforholdet mellom dei to unge. Det er sjølvsagt særs freistande å dikte kontrafaktisk på bakgrunn av ei slik historie, men det har han halde seg frå. Han opnar med Bjørnsons gravferd i 1910 då den gamle Augusta let seg overtale av sonen Alf til å skrive ned historia si. Ho blir så fortald i retrospekt i eit dusin tablå som ei blanding av fortellarteater og vanleg spel. Rognstad har mye å sette oss inn i, og i starten blei det nok vel bibliografisk og pedagogisk. Men etter kvart som han frigjer seg frå å fortelle, og tar til å vise oss den ungdommelege kjærleiken, blir det atskillig meir levande teater. 

John Nyutstumo, til dagleg tilsett ved Teater Innlandet, og godt kjend frå Tramteateret, er ansvarleg for regien. Å spele i friluft utan annan scenografi enn den naturlege settinga på museet, er utfordrande, og tidvis blei det nok litt utflytande når ein manglar til dømes lyssetting og anna som kan definere scena. Vekslinga mellom dei ulike tablåa fungerte godt, og Nyutstumo nyttar musikken nesten scenografisk for å markere dei ulike sceneskifta. Alle aktørane er amatørar, og spelet er sjølvsagt noko ujamt, men personinstruksjonen er stort sett god. Særleg er den gamle Augusta (Kari Holien) ei særs verdig dame det er lett å tru på.

Det er ei heilt utruleg historie Nyutstumo og Rognstad brettar ut. Ho er i seg sjølv så spennande, dramatisk og full av høgdepunkt og nedturar at ein skulle tru dramaturgien nesten gjekk av seg sjølv. Det gjer han ikkje, og mi viktigaste innvending er vel at oppsettinga kunne ha vore tettare reint dramaturgisk. Og finalen, som sikkert var meint annleis, blei diverre eit pompøst antiklimaks. Oppsettinga tar til med Bjørnsons død, Augusta som ser attende, og historia som blir nøsta opp fram til ringen er slutta og vi er attende ved gravferda i1910. Men når Knut Hamsuns minnedikt over Bjørnson blir resitert som finale, og delvis i skurrande opptak med Hamsun sjølv, lurar ein på kva dette har med kjærleiken mellom Augusta og Bjørnstjerne å gjere.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag  den 19. juli 2010.)