Archive for januar, 2010

Er forsoning mogeleg?

tirsdag, januar 12th, 2010

TEATER

Frosset
Av Bryony Lavery
Omsett og instruert av Rita Abrahamsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Lysdesign: Morten Reinan
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Mona Jacobsen og Wenche Strømdahl
Trøndelag Teater, Gamle scene

Bildet:
CASE: Er overgriparen berre eit akademisk case for forskaren? FOTO: GT NERGAARD
 
Er det mogeleg å tilgi dei mest bestialske brotsverk?

I ein iskald scenografi møter vi tre menneske som kvar i høgste grad ber på sitt; – den pedofile seriemordaren, mora til den ti år gamle jenta som blei drepen, og psykiateren som skal tolke gjerningsmannen. Gjennom eit utal tablå følger vi dei tre over eit tidsrom på mange år. Dei har ulike stemmer, men fortellingane deira smeltar etter kvart saman til historia om den ti år gamle Rhona som skulle vitje bestemora ein vakker sommardag, men som aldri kom fram. Om mora Nancy som ventar på dottera i klokkartru på at ho kjem att, og som blir drivkraft i ein organisasjon for forsvunne barn, før drapet etter tjue år blir avslørt og sanninga går opp for ho. Og om den amerikanske, velrenommerte psykiateren Agnetha som kjem til London for både å førelese om forskinga si, og studere tilfellet Ralph på nært hald.

”Frosset” av den britiske dramatikaren Bryony Lavery hadde urpremiere for drygt ti år sia, og har gjort stor suksess i England, men kanskje særleg i USA der det var det mest spela stykket i 2006. I heimlandet til ”vondskapens akse” og der strafferettspleia i stor grad dreier seg om hemn, kan spørsmålet om forsoning bli ganske provoserande. Her heime har vi heldigvis ein meir sivilisert kriminalitetspolitikk, og teaterkunstnarar som Kate Pendry har for lengst bana veg med produksjonar som ”Tales of a Wicked Child”. Så sjølv om Trøndelag teater marknadsfører norgespremieren på ”Frosset” som noko som utfordrar grensene våre, er det lite provoserande i oppsettinga. I staden er det ein etter måten særs nøktern og nærast akademisk tilnærming til problematikken. Utan at forfattaren eller teatret på nokon måte tar stilling til dei tre aktørane, får vi presentert dei med deira eigne historier slik at vi sjølve kan danne oss bilde av kven dei er. Det blir etter kvart relativt enkelt å fatte både mora Nancy (Mona Jacobsen) og den pedofile Ralph (Trond Peter Stamsø Munch) jamvel om Lavery og instruktør Rita Abrahamsen held seg milelangt frå å nytte moraliserande peikefingrar. Nettopp fordi dette er teater i absolutt beste ”show them – don’t tell them”-tradisjon, blir psykiateren Agnetha (Wenche Strømdahl) så vanskeleg å forstå. Der dei to andre er heilt nøkternt presentert, er Agnetha ganske karikert, og fungerer støyande i oppsettinga. Eg var uviss på om dette var eit uheldig regigrep (eg har ikkje lese manus), men finalen tyder på at rolla er skriven slik av Lavery. Det øydelegg etter mi meining den nesten klinisk dokumentariske tilnærminga til handlinga.

Rita Abrahamsen har både omsett og instruert stykket. Språket er munnleg og godt, og aktørane får nytte dialektane sine. Det gir ekstra autentisitet. Abrahamsen nyttar vel lang tid i første akt på å presentere historia. Det kan også bli i meste laget psykiatri, og ikkje riktig så mye teater. Men etter pause tar det atskillig meir av. Ein tilsynelatande så umogeleg situasjon som at mora til offeret møter overgriparen, er gjort så lågmælt og truverdig at det er lenge sia eg har sett ei så sterk scene på teater. Ikkje spesielt provoserande, men intenst og vondt. Og enormt godt framført.

Tittelen på framsyninga spelar på at alle dei tre aktørane har frose seg fast i kvar sine posisjonar. Scenografien til Åse Hegrenes bygger opp under det iskalde og nøkterne, og greier, særleg ved hjelp av den utsøkte lysdesignen til Morten Reinan, å skape rom og stemningar. Bryony Lavery tar opp mange tema i ”Frosset”. Spørsmålet om forsoning eller hemn, om vondskapen er genetisk, om samfunnet er meir opptatt av overgripar enn offer, og om akademias manglande forståing for at bak kvart case ligg vonde kjensler og djupe traume. Resultatet er blitt litt sprikande, og noko uforløyst som teater.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 11. januar 2010)

Rett og slett godt teater

tirsdag, januar 12th, 2010

TEATER

Pseudonymet
Av Jo Strømgren
Regi, koreografi og scenografi: Jo Strømgren
Lysdesign: Tommy Geving
Med: Cici Henriksen, Janne Kokkin, Hildegunn Eggen og Ola G. Furuseth
Trøndelag Teater, Studioscena

Bildet:
TETT PÅ: Ikkje greitt å vere forfattar Ola med eit forlag som kjem så tett på. FOTO: GT NERGAARD.

Særs intelligent, velspela og underhaldande om det innhaldslause og overflatiske i liva våre.

Det vesle forlaget Nemesis står framfor si kanskje største utgjeving nokon sinne. Pseudonymet Falk Thomsen har, som mange andre forfattarar, skrive (om) sitt liv, eller meir korrekt sitt pubertale kjærleiksliv. I lanseringa går det fram at boka handlar om dei utenkelege knulla, erotiske sløydsalar og kåte bøttekott. Her er det altså duka for ei lansering akkurat så tabloid som journalismen krev at litteraturen skal vere i 2010. I eit samfunn der alle forsyner seg av kvarandre som om vi skulle vere eit fruktfat til felles nyting, syner det seg etter kvart at alle dei fire på scena har meir sams enn ein skulle tru, og i dette mikrokosmoset brettar Jo Strømgren ut lag for lag medan han på eit særs velformulert vis, godt regissert, og faktisk også koreografert, ironiserar og gjer narr av oss såkalla moderne menneske. I beste Holbergske stil, men med dagens referansar, viser han oss det latterlege ved menneska, – den opplyste, intellektuelle ålmenta som skulle vere godt heva over primitive og meir dyriske drifter, men som syner seg å ligge under for alt det vi meiner å vere frigjort frå.

Nemesis forlag har berre tre tilsette. Hildegunn (Eggen) er den godt vaksne og stoiske sjefen som ser ut til å ha det meste på plass. Janne (Kokkin) er ei frodig, hektisk og livssvolten kvinne, truleg i slutten av førtiåra, men som stadig lyg av seg nokre år. Og den nytilsette Cici (Henriksen) er skårungen i starten av tjueåra, ei jente som tilsynelatande ikkje ser ut til å ha fått så mange blåmerke av livet ennå. Men skinnet kan som kjent bedra. Inn i denne settinga kjem den komande, og sjølvsagt ganske attraktive, forfattaren Falk Thomsen. Det namnet er noko så umoderne som eit pseudonym, truleg for å verne den og dei han skriv om, noko som heller ikkje er særleg vanleg for tida. Berre Janne veit at han i røynda heitar Ola (G. Furuseth). Nå må denne meldaren ile til for å forklåre at Strømgren er eit leikande menneske som kan vri og vrenge på og gjere humor ut av det meste. Trass i at oppsettinga heitar ”Pseudonymet”, eller kanskje nettopp difor, spelar alle aktørane med sine eigentlege fornamn! Opphavleg skulle urpremieren ha vore alt hausten 2008, men eit beinbrot på generalprøva førte til utsetting. Det tener den nyleg avgåtte teatersjefen til stor ære at han ikkje sette inn ein understudy for å redde budsjettet, men det hadde vel også vore nokså umogeleg, for sjeldan ser ein ei casting som passar betre enn ensemblet i denne oppsettinga. Ein kunne nesten mistenke forfattaren for å ha skrive stykket for akkurat desse fire.

”Pseudonymet” er ein surrealistisk farse med klåre parallellar til det beste i Holbergs komediar, men i tema også i slekt med Kundera og andre som har skrive om det overflatiske i tilveret. Som i ein god komedie, ligg tragedien der som ein gjennomgåande undertone. Her er forviklingar på ganske høgt nivå, og eg skal halde meg vel frå å røpe så mye av korleis det går med dei fire i forlaget. Det eg kan seie er at ikkje noko er slik du trur det er, og Strømgren byr på stadige overraskingar.

”Pseudonymet” er skrive som eit tett og intenst kammerspel. Scena er kontoret på forlaget, eit tids- og stilriktig rom der handlinga skjer utan andre sceneskift enn at aktørane kjem og går. Dialogen er verbal pingpong i høgt tempo, relativt innhaldslaus slik samtalar ofte er, men med bitande sarkasmar og ganske direkte tale innimellom. Den danna fernissen slår ofte sprekkar. Og det er urkomisk når forfattaren Ola med eitt oppdagar kor godt det å kunne snakke folkeleg og ikkje litterært, eller med løkkeskrift som han metaforisk kallar det. Teksten er særs intelligent, og stappfull av humor. Men Strømgren er også ein god regissør, og her er det slett ikkje djevelen, men snarare det motsette som ligg i detaljane. Oppsettinga byr på ei uendeleg mengd små regisvisker for den som vil sjå, og om du trur at dei ligg der berre til spas, som opningsscena der ei due kakkar på vindauget, vil du etter kvart sjå at det meste har ei meining. Og når Strømgren i tillegg har greidd å legge inn både velkoreografert kontorstoldans og eit urkomisk stilisert knull i form av naivistisk ballett, blir dette så godt som fullkome!

Dei fire på scena spelar i ganske høgt tempo og med enorm autoritet. Det er gjennomgåande særs gode skodespelarprestasjonar, og dei står så godt til kvarandre at jamvel det mest absurde og surrealistiske blir høgst truverdig. Dei fire greier også alle den hårfine balansen det er å overspele akkurat nok til at det blir komisk, men aldri så mye at det tippar over. Farseaktig komedie er ein tøff sjanger der det er mye anna som også skal balansere. Timinga er til dømes heilt essensiell, og ikkje minst vekslinga mot tragedien som alltid ligg der som ein blå undertekst. Alt dette er meir enn vel tatt vare på.

”Pseudonymet” er ei slik sjeldan teateroppsetting der ein berre kan lene seg attende og kose seg frå første til siste stund. Det er underhaldande, velspela, fullt av humor, slett ikkje utan alvor, godt regissert og med intelligent tekst. Slik kunne eg halde fram med godord nesten i det uendelege, men eg kan like gjerne ta kortversjonen: Dette er rett og slett særs godt teater!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 11. januar 2010)