Archive for august, 2009

Musikalsk og visuell magi

tirsdag, august 4th, 2009

TEATER

Verkstøy
Av Cirka Teater
Regi: Anne Marit Sæther
Scenografi: Gilles Berger
Komponist: Trygve Brøske
Kostyme: Mona Grimstad
Med Roar Kjølv Jensen, Elizabeth Piro Volan, Erlend Smalås, Gilles Berger, Ole Jørgen Melhus og Luftforsvarets Musikkorps
Dirigent: Torodd Wigum
Olavsfestdagane, Ytre Kongsgard

BILDET:
MAGISK: Den intrikate og spektakulære scenografien til Gilles Berger gir magiske opplevingar. FOTO: AMUND GRIMSTAD
 
Spektakulært blir eit for fattigsleg omgrep når ein skal beskrive ”Verkstøy” av Cirka Teater. Dette er noko av det råaste teatergruppa har gjort, og det seier ikkje så lite!

I snart ein mannsalder har det vesle teaterkompaniet Cirka Teater, beståande i hovudsak av ekteparet Anne Marit Sæther og Gilles Berger, laga særs visuelle produksjonar der scenografien til Gilles Berger er reine kunstverk i seg sjølv, og der han stadig utfordrar både tyngdekrafta og grensene for kva som er mogeleg. Framsyninga Poste Restante for fleire år sia og opninga av Gardermoen, for ikkje å gløyme Kurt koker hodet på Trøndelag Teater er døme på det andre scenografar ville ha kalla umogeleg. Nå har kompaniet gått på sitt kanskje mest halsbrekkande prosjekt, og nok ein gong kome ned på beina, – og vel så det. I samband med Olavsfestdagane, og i samarbeid med Luftforsvarets Musikkorps, har dei sett opp ei framsyning som er meir spektakulær enn noko eg tidlegare har sett!

Scena er Ytre Kongsgard i Trondheim, med sjølvaste Domen som bakteppe. Luftforsvarets Musikkorps skal ha konsert, og kjem marsjerande inn. Så kjem ein omreisande sirkustrupp, passe rufsut, og i ein buss som ikkje står noko attende i utsjånad. Dei pressar musikkorpset unna, og dei uniformerte spring forskremte og gøymer seg for dette underlege opptrinnet. Deretter følger ein kamp om arena og publikum. Sjølvsagt oppstår det søt musikk, denne gongen mellom trombonisten til Luftforsvaret (Ole Jørgen Melhus) og ei i sirkustruppen (Elizabeth Piro Volan), og dette til stor fortviling for dei to dirigentane. Historia er enkel, og relativt tunn, men her er det leiken, det musikalske, og ikkje minst det visuelle som er viktig, og alle desse tre elementa blir særs godt tatt vare på.

Verkstøy er eit unikt samarbeid mellom Cirka Teater, komponisten Trygve Brøske og Luftforsvarets Musikkorps. Brøske har skrive musikk for dei mest umogelege instrument som mellom anna ventilasjonsbend og drill, Luftforsvarets Musikkorps legg etter kvart marsjane til sides og tar del i og glir saumlaust inn i den langt meir utradisjonelle musikken til sirkustruppen, og Cirka Teater står som vanleg for det visuelle. Gjennom leik med ulike musikksjangrar, gags, publikumsfrieri, mye humor, og ikkje minst den fantastiske bussen som opnar for den eine visuelle opplevinga større enn den førre, presenterer Cirka Teater ei både underhaldande og overraskande framsyning for alle som har bevart litt av barnet i seg.

Det traust uniformerte musikkorpset til Luftforsvaret, neppe spesielt kjend for ablegøyer og humor, ser ut til å storkose seg i nye roller, og tar han nesten heilt ut. Anne Marit Sæther har gjennom personinstruksjon og regi verkeleg fått dei til å løyse på snippen. Den klassisk skolerte trombonisten Ole Jørgen Melhus syner at det bur både ein dansar og skodespelar i han, og det er ein fryd å følge korleis han lever ut forelskinga si. Reint spelemessig står nok oppsettinga litt attende, men det tek ho tifalds att på sjarm og humor.

Scenografien, eller bussen, til Gilles Berger er eit kapittel for seg. Ein svær buss er skore i to, og den bakre delen er gjort om til ei utbrettbar scene som inneheld dei mest utenkelege instrument. Det halve hadde vore nok for å ta pusten frå oss, men Gilles Berger er perfeksjonist, og gir seg ikkje med det som berre er tilstrekkeleg. Scenografien er opplevingsrik så det held og meir til, og er ei heil lita teaterframsyning i seg sjølv. Det talrike publikummet som kosa seg i det fine premiereveret, fekk presentert den eine magiske scena etter den andre, og då sjølvaste Nidarosdomen spela opp med klokkespel i finalen, var den musikalske forsoninga på scena total, slik teateropplevinga var det for oss på benkeradane.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 4. august 2009)