Archive for november, 2008

Leik med kontrastar

onsdag, november 19th, 2008

TEATER

Songs of the Dragons Flying to Heaven
Skrive og regissert av Young Jean Lee
Scenografi: Eric Dyer
Koreografi: Dean Moss
Med Becky Yamamoto, Brian Bickerstaff, Juliana Francis Kelly, Haerry Kim, Jun Sky Kim og Jennifer Lim
Teaterhuset Avant Garden, Ubåtbunkeren Dora i Trondheim

Bildet: GLADVALD? Vald og undertrykking pakka inn i ein smilande presentasjon. FOTO: CARL SKUTSCH

Ein intelligent og humoristisk leik med kontrastar, tabu, kjønn og rase.

Den berre trettifire år gamle regissøren og manusforfattaren Young Jean Lee er fødd i Korea, men vaks opp i USA. Desse to ganske ulike kulturelle bakgrunnane er det ho utforskar, set opp mot kvarandre, leikar seg med og freistar å utfordre publikum med i produksjonen ”Songs of the Dragons Flying to Heaven”. Han har vore vist i USA og mange stadar i Europa dei siste to åra, og har både vunne prisar og hausta gode kritikkar. Nå er det gjestespel i Norge i samband med Nettverk for scenekunst.

”Songs of the Dragons Flying to Heaven” er ei kontrapunktisk framsyning der Lee bygger opp forventingar, gjer kontrasterande sprang eller gir publikum det motsette av det vi hadde trudd, leikar seg med fordommar, tabu og kulturelle skilnadar. Alt opninga, som du trur er dårleg planlegging, er akkurat det motsette. Publikum blir leidd inn i det vi reknar med er teateret, men under kinesiske rislamper må vi vente i nærast det uendelege før vi på lange steinsenger får vandre inn i den verkelege salen der scena er ein parafrase over eit buddhist-tempel bygd i kryssfiner! Slik held det fram med ei historie som ikkje er ei historie, men ei rekke tablå, tilsynelatande utan samanheng og med store uventa sprang i form og innhald. Hovudpersonen er ei jeanskledd koreansk jente med særs amerikansk framtoning (Becky Yamamoto). Det er ikkje vanskeleg å skjøne at ho er Young Jean Lees alter ego i ei oppsetting som nok er temmeleg sjølvbiografisk. Ho held lange monologar om kva som er viktigast av etnisk opphav eller personleg identitet, om å vere minoritet, og kva som skjer når folk som i utgangspunktet tilhøyrer ein majoritet opplever å kome i mindretal. Det er koreansk kulturarv, amerikansk oppvekst, globalisering, rasisme, kulturelle kollisjonar og eigne kompleks presentert humoristisk og intelligent. Så blir det heile kontrastert av tre atskillig meir koreanske jenter kledd i chima jeogori, ein koreansk nasjonaldrakt. Dei er yndige, velkoreograferte og grasiøse, og dei spelar på ei smilande overflate, men det er meir enn tydeleg at her er atskillig mørkare botnar. Desse motsetnadane får vi tydeleg illustrert når dei like smilande syner oss ulike dramatiske former for rituelle sjølvmord medan amerikansk julesong fyller lydbildet! For å gjere den koreansk-amerikanske kulturkollisjonen fullkomen, kommer etter kvart eit kvitt par fram og spelar ut sine overflatiske og heilt absurde samlivsproblem.

Med intelligente tekstar, raske kontrastfylde skift og ein presentasjon der det stygge blir kledd i vakker innpakking og våre forventingar og fordommar blir utfordra, alt i særs humoristiske vendingar, får Young Jean Lee oss til å sjå motsetnader, tenke over eigne haldningar og ikkje minst le av eigne fordommar. Ho nyttar ulike presentasjonsformer som video, skuggespel, voiceover, dans, velkoreograferte opptrinn og meir tradisjonelt teater, og sjølv om det nok er mye undertekst, er likevel alt spela i store og særs tydelege bokstavar.

”Songs of the Dragons Flying to Heaven” er politisk ukorrekt, underhaldande og velspela teater. Produksjonen blir hevda å vere representant for det beste som skjer i amerikansk dramatikk for tida, særleg av di han skal vere så dristig. Eit relativt blasert norsk teaterpublikum vil neppe finne noko særleg sjokkerande ved denne oppsettinga, og dermed blir ho også eit ufrivillig bilde på dei kulturskilnadane ho freistar å presentere. Norge er ikkje USA, og slik tapar nok produksjonen ei viktig side. Men han greier likevel å rive litt i fordommane til sjølv dei mest liberale av oss, og det gjer godt. Oppsettinga blir vist på Black Box i Oslo tysdag og onsdag denne veka, og på Teatergarasjen i Bergen laurdag og sundag.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 18. november 2008)

Gi barna ei saks!

fredag, november 14th, 2008

PERFORMANCE

Haircuts by Children
Av Mammalian Diving Reflex
Med skuleelevar frå Lilleby Skule
Teaterhuset Avant Garden og H2 frisørsalong, Trondheim

Bildet: MAKT: Det er stor makt i handtering av ei saks. FOTO: AMUND GRIMSTAD
 
Gi ungane makt, – og sjå kva som skjer!

I ein frisørsalong i Trondheim fekk vaksne gratis hårklipp av 10-12 år gamle ungar frå Lilleby Skule sist laurdag. Tiltaket er ikkje nokon forsinka operasjon dagsverk, men tvert om eit kunstprosjekt av det kanadiske teaterkompaniet ”Mammalian Diving Reflex”. Gruppa har reist verda rundt med denne produksjonen, og nå er turen komen til Norge.

Kompaniet ”Mammalian Diving Reflex” blei starta i Toronto i 1993, og har arbeidd med sjangeroverskridande oppsettingar der dei både ønsker å utvide teateromgrepet og å lage produksjonar som erkjenner og inkluderer publikum. Sjølve kallar dei det dei held på med for sosial akupunktur, og prosjekta er både interaktive og i høgste grad politiske. Dei ønsker å få folk saman i uvanlege settingar for å skape nye sosiale situasjonar og sjå kva som då skjer. Det gjer dei mellom anna gjennom produksjonen ”Haircuts by Children” som etter kvart har turnert over store delar av verda. Han er akkurat det som namnet seier; – ungar som klipper hår. Det syner seg at vaksne er meir villige til å gi ungar og ungdom røysterett, enn å la dei klippe håret sitt. Med dette prosjektet utforskar og utfordrar teatergruppa det forfengelege, og i staden for berre å lage noko OM å gi ungar makt, GIR dei ungane makt.

Produksjonen går over eit par veker, og tar til med fleire workshops der ungane får basalinnføring i hårklipp, men også i dei underliggande ideane i prosjektet. Det publikum får sjå, og ikkje minst ta del i, er sjølve klippinga. Ein føremiddag er det gratis hårklipp, og tru det eller ei, – salongen var fullbooka! Her får ein sjå kva som skjer når barn får makt til å gi eigen kreativitet og estetisk sans litt mindre forgjengelege uttrykk enn berre teikningar som kan kastast om dei ikkje blir vellukka. Det gir ansvar, heilt andre haldningar, og gjer sikkert noko med ungane. For ikkje å seie kva det gjer med dei vaksne! Det var kosteleg å vere fluge på veggen (eg blei ikkje klipt), og sjå korleis mye endrar seg berre ved å snu opp ned på så banale maktforhold som dei mellom kunde og frisør. Det gir assosiasjonar og føringar til mange andre settingar som vi tar for gitt, men som også sikkert kunne ha vore røska litt opp i.

Presentasjonen var ikkje ferdig med klippinga laurdag. For nokre av kundane vil resultatet vere synleg i fleire dagar, men den delen av produksjonen får leve sitt eige uregisserte liv. Den programmerte finalen skjer i samband med scenekunstfestivalen Showbox 2008 i Oslo denne veka. Der blir prosjektet dokumentert og presentert på seminaret ”Kunst i dei vaksnes sjølvbilde”. Då vil også Oslopublikummet kunne få del i røynslene, men denne gongen berre som tilskodar.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 13. november 2008)

Når nettene blir lange

søndag, november 9th, 2008

TEATER

Jul i Prøysenland
Av Hilde Olausson
Basert på Alf Prøysen sine songar og fortellingar
Regi og koreografi: Erlend Samnøen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Arrangør og musikalsk ansvarleg: Ivar Gafseth
Med: Mads Bones, Gunhild Sundli, Arne O. Reitan m.fl.
Trøndelag teater, hovudscena

Bildet: SAMSPEL: Nydeleg og barnleg undrande samspel mellom musa (Gunhild Sundli) og Jo (Mads Bones). FOTO: VEGARD EGGEN
 
Upretensiøst og underhaldande, men historia var vel i tunnaste laget?

Hilde Olausson, skodespelar ved Trøndelag teater, har tatt for seg nokre av dei julerelaterte fortellingane og songane til Alf Prøysen, og som eit teatrets svar på filmen ”Short cuts” freista å lage ein familiemusikal ut av dette materialet. Med kjende viser frå den mest folkekjære av alle norske artistar, er det sjølvsagt blitt ei hyggeleg framsyning, upretensiøs og relativt underhaldande, men heller ikkje så veldig mye meir. Så spørs det om ambisjonsnivået burde ha vore høgare, eller om dette er tilstrekkeleg som førjulsunderhaldning på hovudscena?

I ein særs god scenografi der Dagny Drage Kleiva med enkle middel har greidd å skape både eit verkeleg Prøysenland, og eit barneland med naivistiske kulisser, møter vi ei lita mus (Gunhild Sundli), og ein familie med fire barn der Jo (Mads Bones) er lillebror. Det er dagen før jul, og førebuingane er ikkje kome spesielt langt i denne huslyden som ut frå dialektbruk og påkleding både geografisk og tidsmessig definitivt høyrer heime i Prøysenland. Historia som blir fortald er knapt noka historie, og meir ei orsaking for å presentere gamle Prøysenviser. Dette er greitt nok om visene hadde vore hovudsaka, men det er blitt i lengste laget mellom dei, og nokre av dei blir i tillegg berre resitert. Teatret kallar produksjonen ein familiemusikal, og personleg kunne eg godt ha tenkt meg fleire songar. Men dei visene vi får, er til gjengjeld tatt særs godt hand om. Med så kjende og kjære songar kunne det ha vore freistande for teatret å berre resirkulere Prøysen, men Ivar Gafseth har halde seg langt frå det, og presenterer nye og gode arrangement. Dramatiseringa av ”Julekveldsvisa”, som blei både resitert og sunge, var passe surrealistisk, og fortellinga om juleførebuingane til den sjarmerande familien er krydra med ei mengd Prøysenreferansar for den som vil høyre etter. Ein del artige ordspel fekk vi og.

Men gode songar og nokre humoristiske gags er ikkje åleine nok til å forsvare ei oppsetting i så stort format. Dei tre som løftar framsyninga og gir ho det vesle ekstra er Jo, musa og nissen. Gunhild Sundli (tidlegare vokalist i Gåte) har lenge lent seg tungt på si uvanleg gode songstemme. Denne gongen slår ho ut i full blomst i ei unnseleg, men desto viktigare rolle, – som mus! Nettopp ved underspel, god mimikk og at ho er så hundre prosent til stades heile tida, syner ho at her er atskillig meir enn berre god røyst. Når ho i tillegg syng ”Julekveldsvisa” med ekte innleving, er den vesle rolla hennar komplett. I nydeleg og barnleg undrande samspel med Mads Bones som Jo, får ho fram mange gode og rette stemningar. Og sjølv om Bones ikkje først og fremst er ein songar, var hans versjon av ”Romjulsdrøm” til å få ståpels av. Dei andre familiemedlemma har fått atskillig mindre å spele på, og kvitterer med litt for mye overspel etter mi meining. Gunhild Sundli syner tydeleg at ein ikkje treng å spele i store bokstavar for å nå barna i salen, og instruktør Erlend Samnøen kunne nok ha dempa spelet ein smule. Ein som så avgjort ikkje treng demping, er Arne O. Reitan som nissen. Ein lun, smålåten, lågmælt og litt sjenert nisse til verkeleg å bli glad i. Og til å tru på! Finalen julekvelden med kompetansestrid mellom ekte og uekte nissar var artig og passe surrealistisk, – og først og fremst på ungane sine premiss som slikt teater sjølvsagt skal vere.

Amund Grimstad

Eg fann, eg fann!

søndag, november 9th, 2008

INSTALLASJON

Fortellerorkesteret
Av og med Verdensteatret
Produsert av Asle Nilsen, Håkon Lindbäck, Lisbeth J. Bodd, Piotr Pajchel og Christian Blom
Teaterhuset Avant Garden, Ubåtbunkeren Dora i Trondheim

Bildet: SKROT: Sinnrike figurar laga på grunnlag av skrot og skrammel dannar opplevingsrike projeksjonar på skjerm og vegg. FOTO:VERDENSTEATRET

I ein særs kompleks multimedial produksjon har Verdensteatret skapt sitt eige opplevingsrike og sanselege univers av velsynkronisert skrot og skrammel.

I den gamle tyske ubåtbunkeren Dora på Nyhamna i Trondheim presenterer Verdensteatret i samarbeid med Teaterhuset Avant Garden ”Fortellerorkesteret”. Produksjonen, om eg skal nytte eit nøytralt omgrep, er så sjangeroverskridande at han kan etterlate ein kvar teatermeldar eller kritikar relativt språklaus. I grenseområda mellom installasjon, bildekunst og mekanisk figurteater, for ikkje å nemne ei rekke andre kunstartar, har kompaniet skapt sin eigen sjanger. Kva han er og korleis ein skal rubrisere han, får vere opp til kunsthistorikarar og teatervitarar å dømme. Sjølv vil eg fortelle om opplevinga der og då. For dette er flyktig og forgjengeleg kunst og ei særs individuell sanseoppleving.

I eit stort nake rom er det montert opp eit sinnrikt og datastyrt figurteater som synkronisert med lyd og lys framstår både på eigne bein og som skuggeprojeksjon på bakvegg og skjerm, for ikkje å seie på fram- og sidevegger. Verdensteatret tar i bruk heile rommet, og i ein imponerande syntese av datateknologi, rask og rot, lyd, musikk, lys og sikkert meir til blir vi leidd inn i ei kaleidoskopisk verd. Det er inga historie som blir fortald, og den som vil finne ei tolking eller forstå produksjonen, vil i beste fall ende opp med ei særs privat forståing. Her er det opplevinga som står i sentrum. Ho er der og då, og kan skape stemningar, assosiasjonar og gode kjensler, men sikkert også det motsette.

For meg personleg, og eg understrekar at dette er personleg, var opplevinga som barndomens første møte med Teknisk museum, som å kome attende til Tekno og Mekano, det vil seie verda før Lego, samstundes som Verdensteatret også tok meg med til så ulike stadar som isfjella i Arktis og rismarkene i Indokina. Dei robotstyrte gjenstandane som utgjer figurteateret, er lett attkjenneleg skrot, drivved og ulike ting dei fann på Grønland for fem år sia. Som ein moderne Espen Askeladd har dei samla rot og rask i fall dei skulle få bruk for det, gitt det nytt liv, synt det fram i ei heilt anna setting i ei estetisering av det banale, trivielle og kvardagslege. Denne sida av produksjonen er nok mest som bildekunst å rekne, men projeksjonane og det mekaniske figurteateret har eit meir scenisk språk. Og trass i at det ikkje blir fortalt noka eintydig historie, har produksjonen likevel sin eigen, tydelege dramaturgi.

Framsyninga tar om lag tre kvarter og går i loop slik at ein kan hoppe ut og inn av ho når ein vil. Men også innafor dei tre kvartera opplever eg mindre loopar og tilfelle av déjà vu når lysbilde, film, skuggeprojeksjon og figurar truleg har større slektskap enn det som er tilfeldig. Produksjonen er særs kompleks, og det ligg eit imponerande teknisk arbeid bak synkroniseringa av alle dei ulike presentasjonsformene. Å freiste å oppsummere ”Fortellerorkesteret” i få ord er uråd, men ei polyfon maskin som kan gjere trolldom med rommet ho står i, får vere denne meldarens noko ufullkomne konklusjon.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 8. november 2008)