Archive for juni, 2008

Demokratisk landing

lørdag, juni 21st, 2008

DANS

Landing 08 – dansekunst i nye rom
St.Olavs Hospital, Trondheim

Tiden det tar
Idé, regi og koreografi: Mari Matre Larsen i samarbeid med Lisbeth Sonne Andersen
Med: Lisbeth Sonne Andersen

Pustepatruljen
Av og med Ingeborg Dugstad Sanders og Bjarne Iestra
Scenografi: Gilles Berger

Bildet:
Pustemaskin. Her blir det forska på luft, rørsle og lyd. Foto: Amund Grimstad

Landing er eit prosjekt som bringer scenekunsten ut til nye rom, arenaer og publikumsgrupper.

Eit snautt dusin entusiastiske scenekunstnarar arrangerte for to år sia Landing 2006 Frogner som var ei veke med dansekunst på Frogner i Oslo. Dette ga såpass meirsmak at dei nå har skipa til kjempeprosjektet Landing 08 St. Olavs Hospital. I samarbeid med sjukehuset i Trondheim og Teaterhuset Avant Garden, og med rekordstor støtte frå Kulturrådet blir det sett opp ulike former for scenekunst på sjukehusområdet i ti heile dagar. Det er eit imponerande prosjekt, eit forsøk på å få kunsten ut til folket, og å etablere scenekunst på nye arenaer og i andre rom. Programmet byr på ni framsyningar, fire installasjonar og ei rekke andre tiltak som dansestunts, morgontrening og eigen pasientmeny der pasientane kan tinge ei lita framsyning på avdelinga. Alt skjer i nært samarbeid med sjukehuset og på hospitalets premiss. Eg har sjølv sett nokre av framsyningane og installasjonane. Her skal eg seie litt om Tiden det tar og Pustepatruljen, to ganske ulike oppsettingar.

I eit pasientrom i den gamle nedslitne høgblokka som snart skal rivast, blir publikum plassert bak ein glasvegg. På trygg avstand får vi sjå inn i kvardagen til ein pasient som kan vere kven som helst. Alle handlingar er trivielle, tid er det meir enn nok av, og det fører som dei fleste veit, til at ein ikkje får gjort noko. Dette er meir teater enn dans, og Lisbeth Sonne Andersen gir oss ein taus pasient som fyller tida med uvesentlege gjeremål. Det er presist og godt observert, og truverdig formidla som ein parafrase over pasientlivet. Men ein tar seg fort i å lure på kva dette er anna enn eit tidsbilde og eit lite kikkeskap inn i kjeisemda og meiningsløysa. Men så tar framsyninga brått ei uventa og langt meir dramatisk vending, og vi får innblikk i heilt andre sider ved pasientlivet, eller kva det kan føre til. Om introen blei lang, var vrien fiffig, og finalen sterk. Å nytte Lee Hazlewoods My Autumn’s Done Come til avslutning sette framsyninga i rette perspektiv. Tiden det tar fortalde ei enkel historie som kanskje brukte litt lang tid før ho kom til poenget, men som i den spesielle settinga, med den naturlege scenografien, og med godt spel, til slutt blei ei sterk fortelling.

I atskillig nyare omgivnadar, ved brua mellom nevrosenteret og kvinne-barnsenteret, fekk vi sjå ei heilt annleis oppsetting. Her var vi for det første i eit trafikkareal der både tilsette og pasientar passerte medan framsyninga blei vist. Det gav ein dimensjon ei vanleg teaterscene aldri kan skape. Pustepatruljen var i motsetnad til Tiden det tar meir dans, og i mindre grad ei historie. Med lånt respirator har Gilles Berger frå Cirka Teater laga ein mobil maskin, eller installasjon, eller kall det kva du vil, der moderne datateknologi er sydd saman med sykkelhjul, drivreimer og rullestillas. Bjarne Iestra er den som styrer teknologien, medan Ingeborg Dugstad Sanders visualiserer det heile gjennom særs velkoreograferte rørsler. Framsyninga er ei utforsking av grensene mellom luft, lyd og musikk, og mellom det organiske, mekaniske og det menneskelege. Med rolege, velsynkroniserte rørsler viklar Sanders seg ut av luftslangane, og sjølv opplevde eg det heile som ein enorm frigjeringsprosess. Dei fleste er klår over kor livgjevande sol og lys er, men gjennom denne framsyninga fekk vi sjå at det same også gjeld for lufta. Sanders blei formeleg pumpa opp og vitalisert, og alle lydane og musikken som blei skapt, kom også frå den same lufta. Som eit effektfullt bakgrunnskomp og ei sterk påminning om kor vi var, låg den tunge pustelyden der meir eller mindre heile tida. Pustepatruljen er ei komplett lita framsyning som lettfatteleg og pedagogisk utforskar grenser og leikar seg med lufta. På same tid er ho visuell, opplevingsrik og framifrå presentert av Sanders og Iestra. Og inga scene kunne ha skapt den same illusjonen som settinga på sjukehuset!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 19. juni 2008)

Ekte fjortiskjærleik

onsdag, juni 11th, 2008

TEATER

Romeo og Julie
Av William Shakespeare
Regi: Roar Kjølv Jenssen
Musikk: Martin Sandvik
Scenografi: Rickard Skjong
Med Olavus Frostad Udbye, Solveig Luna Evjen med fleire
Teaterlaget i BUL Nidaros, Munkholmen, Trondheim

Bildet: Ekte vare. Aldri er det så intenst, – og så flyktig, som i den pubertale kjærleiken. Foto:Ingrid S. Høsøien

Imponerande personinstruksjon og spel i ein særs autentisk og ungdommeleg versjon av Romeo og Julie.

Teaterlaget i BUL Nidaros er 100 år i år, og samstundes er det 25. gongen laget set opp sommarteater i tårnet på Munkholmen. Jubilea markerer dei ved å presentere ikonet over alle når det gjeld kjærleikshistorier; – Romeo og Julie, og i ein presentasjon som er uvanleg ungdommeleg i dobbel tyding. Instruktøren, Roar Kjølv Jenssen, har laga ei oppsetting som har element frå både Shakespeares originaltekst og den atskillig meir rocka 60-talsversjonen West Side Story. Han har ønska å gi ei framsyning i spennet mellom den oppjaga og utleverande facebook-kulturen, og den atskillig rolegare og lyriske originalen. Til det har han nytta seg av aktørar som berre så vidt har blitt tenåringar. Tretten, fjorten år gamle amatørar kjenner dagens ungdomskultur, og gir den delen autentisitet, men dei er milevis frå språket og ordvalet i originalen. Det kan fort bli komisk når dei med stor patos skal framføre dei tekstrike kjærleiksscenene. Men imponerande nok greier det unge ensemblet å gjere framsyninga ekte og truverdig.

Tårnet på Munkholmen er ei særs definert scene, og som oftast vanskeleg å løyse scenografisk. Mellomalderomgjevnadane kunne vere godt egna til både balkongscener og å gjenskape gamle Verona. Men teaterlaget har tydeleg ønska å syne at dette er illusjon, for balkongscena er sett på bakken, og scenografien til Rickard Skjong kunne ha vore kor som helst. Sceneløysinga er særs enkel, men effektfull, og gir plass til store opptrinn og raske sceneskift. Musikken og dei suggererande rytmane til Martin Sandvik, eit oppkome av ein lydmakar, ligg som ein kraftig lydkulisse og gjer presentasjonen nærast saumlaus. God hjelp til heilskapen gir også utsøkt lysdesign av Oscar Frostad Udbye.

Oppsettinga er leiken, og tidvis nesten sjølvironisk. Både i framføring, utstyr og kostyme er vi tatt litt ut av både tid og rom, og jamvel om vi hovudsakleg er i Shakespeares Verona, kan vi like gjerne vere på fjortisfest i dag. Slik får instruktøren fram både den hektiske ungdomskulturen og den djupe, inderlege og altoverskyggande kjærleiken. Aldri er kjenslene så sterke som i denne alderen, og den kontrastfylde puberteten blir formidla slik vi alle kan hugse han.

Romeo og Julie er særs tekstrik, og språket, vendingane og kjærleiksmetaforane er ikkje akkurat kvardagstale for dagens fjortisar. Det er difor særs imponerande at Solveig Luna Evjen og Olavus Frostad Udbye greier å framstille dette så vart og autentisk at det blir til å tru på. Udbye er eit fyrverkeri av ein hormonridd Romeo, energisk, hundre prosent tilstades og så glad i og fortruleg med å stå på scena at han formeleg eig ho. Evjen gir oss ei var, litt skjelmsk og særs sårbar, men likevel sjølvmedviten Julie, og samspelet mellom dei to er vakkert og truverdig. Sjølvsagt er dei både urøynde, unge og amatørar, men den autentiske dimensjonen dei gir framsyninga, kompenserer for det meste.

Oppsettinga er ei lang rekke tablå som blir framført i stort tempo og til eggande musikk. I første akt tar Roar Kjølv Jenssen oss med på ei leiken reise til ungdomens kontrastridde liv både før og nå. Denne lausslopne presentasjonsforma held han diverre ikkje like fast ved i andre akt der tablåa tidvis får litt meir preg av vareopptelling, og at alt skal med. Jamvel om intensiteten ikkje held heilt til mål, er Romeo og Julie blitt ei både spektakulær og humoristisk oppsetting som først og fremst særmerkar seg gjennom godt spel og imponerande personinstruksjon.
Amund Grimstad
 
(Meldinga stod i Klassekampen den 9. juni 2008)