Archive for august, 2007

Peer på heimebane

onsdag, august 8th, 2007

 

TEATER

Peer Gynt
Av Henrik Ibsen
Musikk: Edvard Grieg
Regi: Svein Sturla Hungnes
Scenografi: Svein Sturla Hungnes og Even Børsum
Musikalsk leiar: Ole Kristian Ruud
Språkleg tilrettelagt av Håkon Sveen
Dei som er med: Svein Sturla Hungnes, Kari Simonsen, Eir Inderhaug, Mari Maurstad, Stein Grønli, Maria Haukaas Storeng, Rune Reksten m.fl. 

Bildet:Peer ved Gålåvatnet er først og fremst Svein Sturla Hungnes sitt prosjekt. Han er scenograf, instruktør og rolletolkar. Trass relativt vaksen alder, er det særleg den unge Peer han har godt tak på. Foto: Amund Grimstad
Gålåoppsettinga av Peer Gynt, kanskje den ultimate og desidert mest spektakulære Peer-oppsettinga, står i konstant fare for å bli som Peer sjølv; – seg sjølv nok.

Peer Gynt er blitt sett opp som friluftsteater ved Gålåvatnet i Midt-Gudbrandsdal sia 1989, og denne oppsettinga av Norges, – om ikkje eitt av verdas – mest spela drama, er gjennom desse åra sett av 160.000 menneske. Vi snakkar difor om ein scenesuksess i ein divisjon for seg sjølv både nasjonalt og internasjonalt. Etter å ha sett årets oppsetting, er det ikkje å vanskeleg å skjøne kvifor. Men det er heller ikkje vanskeleg å sjå at Peer i dobbel tyding står ved ein korsveg, og at oppsettinga fort kan ta til å leve sitt eige liv uavhengig av både Henrik Ibsen og Svein Sturla Hungnes.

Peer Gynt er framfor noko det norske nasjonaleposet. Jamvel om mannen aldri har levd, er det kjent at Ibsen nytta historia om Per frå Hågå i Gudbrandsdalen som skjelett for rollefiguren sin. Å sette opp Peer Gynt i Fron, heimplassen til Per, i dalanes dal, norskdomens høgsete, og med fjellheimen som naturlege kulisser, kjennest difor heilt rett. Settinga ved enden av Gålåvatnet, i eit nesten naturleg amfi der sola går ned medan mor Åse døyr, er nærast å rekne som den perfekte scenografien. Når teksten i tillegg på framifrå vis er omsett til dølamål og blir framført naturleg og utan knot, blir det heile meir autentisk enn det som er mogeleg på ei vanleg scene. 

Sia urpremieren i 1876 er Peer blitt spela og tolka på eit utal ulike vis. Svein Sturla Hungnes har hatt regien på Peer ved Gålåvatnet sia starten i 1989. Med den naturlege scenografien, og med den geografiske plasseringa, er det ikkje overraskande at han legg stor vekt på Peers unge år, på bukkeritt, bryllaup, Bøygen, Dovregubben og mor Åses død, – med andre ord alt det norske. Før pause får vi alle desse scenene spektakulært og velregissert framført på uforfalska frøning. Det slo meg at Hungnes har greidd å gjere denne delen av oppsettinga særs tydeleg og lettforståeleg utan korkje å vere spesielt pedagogisk eller forklårande. Det er godt gjort, og her ligg vel mye av oppsettingas største styrke. Aldri såg eg den grønkledde (Mari Maurstad) styggare, og samspelet mellom Peer (Svein Sturla Hungnes) og mor Åse (Kari Simonsen) var uvanleg lett å leve seg inn i. Dei meir folkloristiske innslaga med rundt 150 velkoreograferte statistar, gav eit flott og autentisk bakteppe som fort kunne ha blitt nasjonalromantisk lirumlarum, men som i stram regi aldri nærma seg denne fallgruva. 

I dei fleste oppsettingar av Peer Gynt er det vanleg å tone ned utanlandsopphaldet hans. Gålåvatnet er definitivt ikkje korkje Marokko eller Egypt, og her har Hungnes møtt ei av sine største utfordringar. I ei oppsetting der ein i alle dei tre første aktene ikkje treng å gjere store scenografiske grep av di det meste ligg der frå naturens hand, får han med eitt behov for å rykke publikum opp med rota og skape ein illusjon totalt framand frå grasvoll, hesjar og Gålåvatn. I ei setting der rekvisita og lysdesign er nærast fråverande fordi dei finst naturleg, er det langt frå enkelt med eitt å bryte med heile hovudgrepet og lage meir tradisjonelt scenografisk teater. Hungnes har freista å løyse dette ved å ta Peer ut av tid og rom, gi han ein entre med småfly, MC og Cadillac, der han blir intervjua på talkshow iblanda både rapping og Leonard Cohen. Det er drastisk, og kunne ha vore berre ein billeg gimmick, men det fungerer. Mindre vellukka blir møtet med Anitra (Maria Haukås Storeng) og Sfinxen der scenografien er meir stilisert enn forsvarleg. Desse scenene får litt preg av vareopptelling som må med før Peer er heime i rette elementet att og blir konfrontert med seg sjølv og levd liv. 

Peer ved Gålåvatnet er først og fremst Svein Sturla Hungnes sitt prosjekt. Han er scenograf, instruktør og rolletolkar. Trass i relativt vaksen alder, er det særleg den unge Peer han har godt tak på. Leiken og særs truverdig, medan verdsmannen og den gamle ikkje blir like tydelege. Typisk er det difor at han også som instruktør har best grep om den unge. Den retrospektive Peer blir meir overflatisk. Med eitt unnatak; – møtet med knappestøyparen der Stein Grønli verkeleg får ein til å kjenne uhygga. Kva Ibsen ville med Solveig, har vore vanskeleg å få tak på. Eir Inderhaug framfører Solveigs song framifrå som ei lita bonusframsyning i seg sjølv. Men som person har ho fått alt for lite å spele på og blir nesten som ein kulisse å rekne. Avslutninga med Peers møte med Solveig blir ein dramaturgisk nedtur som renn ut i inkje. Eg forstår heller ikkje heilt kor Hungnes vil med finalen. 

Peer Gynt ved Gålåvatnet er storslagent, spektakulært, velspela og framifrå teater. Det er lett å forstå at det har blitt ein slik publikumssuksess. Men både suksessen og den spesielle settinga byr på store problem. Det er som sagt vanskeleg å lage illusjonen av Nord-Afrika i den norske fjellheimen, men dette bør la seg løyse scenografisk. Ei anna sak er at slike årvisse oppsettingar fort kan bli ritual, og ta til å leve sine eigne liv uavhengig av både forfattar og instruktør. Slik kan også oppsettinga faktisk bli seg sjølv nok. Førebels balanserer ho på rett side, men det er lite som skal til før produksjonen blir stivna teater.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 6. august 2007)