Archive for juni, 2007

Eit verkeleg eventyrland

onsdag, juni 13th, 2007

TEATER

Teaterlaget i BUL – Tårnet på Munkholmen
Alice i eventyrland
Fritt etter Lewis Carroll
Dramatisert og nyskrive av Mads Bones og Olve G. Løseth
Musikk: Mads Bones
Regi: Mads Bones og Olve G. Løseth
Scenografi: Anna Schei
Musikalsk leiar: Sunniva S. Hovde
Med: Teaterlaget i BUL Nidaros

Ei fornorska og modernisert Alice i ei leiken og intelligent framsyning som både er hysterisk morosam og imponerande velspela.

Alice i eventyrland, – litteraturhistorias første syretripp, eller inspirasjonskjelde og forløpar for Tolkien, Ionesco og Monty Python? Tolkingane er meir enn legio for denne barnelitteraturens 150 år gamle klassikar. Det er kanskje difor historia har halde seg så godt. Oppsettinga på Munkholmen syner til fulle at dette er eit evigungt stykke som aldri mistar aktualitet. Eg har ved mange tidlegare høve hevda at Teaterlaget i BUL Nidaros er ein utklekkingsanstalt og talentfabrikk av det heilt sjeldne slaget. Kvart år set desse ambisiøse og hardtarbeidande amatørane, med deltakarar nesten ned i førskulealder, opp sommarteater i tårnet på Munkholmen utanfor Trondheim, og kvart år dukkar nye småstjerner fram. Nokre år seinare finn vi mange av dei att på norske institusjonsteater. Det er med andre ord høgt nivå på oppsettingane, men denne gongen spelar dei skjorta av seg sjølve, for oppsettinga av Alice i eventyrland er ein sensasjon! Punktum!

Mads Bones og Olve G. Løseth, båe 26 år gamle, har nettopp avslutta fireårig teaterutdanning i Danmark. Før det har dei gått den gode skulen i BUL, Mads frå han var ti, og Olve frå han var fjorten. Eg har sett dei båe i utallege roller og rekna med å sjå dei att ved seinare høve. Nå har dei nyskrive, dramatisert og instruert Alice, og i tillegg har Mads Bones skrive ny musikk. Det er blitt ei særs leiken framsyning der berre skjelettet er att frå Lewis Carroll. Kaninen, larva, dronninga og nokre til er framleis med, men i tillegg dukkar mellom andre Espen Askeladd, Prinsessa på erta og Teskjekjerringa opp, for ikkje å gløyme Hjallis in Wonderland, ein skøyteløpar sjukleg opptatt av tid. Bones og Løseth har utforska og leika seg med det absurde i språket, med ord som kan vere tvitydige, og med uventa vendingar. I tillegg har dei nesten gått seg vill i sitat frå populærmusikken. Det er blitt ei hysterisk morosam oppsetting, og denne dramatiseringa kunne forsvare plassen sin på kva scene som helst.

Det er eit langt stykke frå ein god tekst til godt teater. Når Bones og Løseth også har greidd å lage ei god scenisk framføring, er det endå meir imponerande. Eit ensemble med 34 aktørar i alderen 8 til 55 i det tronge tårnet på Munkholmen, er ikkje enkelt å instruere. Sceneskift, koreografi og alt gjekk som hand i hanske, og spelet tyder på særs god personinstruksjon. Det er ofte slik at speleglade amatørar kompenserer for manglande spel med litt keitete sjarm. Det var ikkje naudsynt denne gongen. Sjarmen var sjølvsagt til stades, men spelet var noko av det beste eg har sett frå teaterlaget, og det seier ikkje så lite! Emilie Mordal Konradsen er klippefast i rolla som Alice, passe avdempa i spelet, litt naiv, sterk når det trengst, og trygg i dei mange songinnslaga. Ingrid Kummeneje er høgt og lågt som statssekretær Kine Kanin, Mira D. Askelund er eit fyrverkeri av ein rocka kålorm og Tore Johs Bakken ruvande som den sjølvopptatte dronninga. Eit av dei mest absurde innslaga stod Eivind Skrødal og Niklas Kummeneje for som TiddeliDU og TiddeliDUM der ein verkeleg skulle henge med i dei språklege svingane for å få med seg alt.

Musikken til Mads Bones kler oppsettinga, og med bruk av mygg blir songvolumet betre og songarane tryggare. Songinnslaga var forbausande bra framført, og i koringa var det skikkeleg trøkk. Det vesle orkesteret bør dempe volumet noko for at ein skal få full valuta av dei gode tekstane, men elles kom Sunniva S. Hovde godt frå oppgåva som kapellmeister.

Denne oppsettinga av Alice i eventyrland er full av intelligent undertekst. Aforismar og absurditetar ligg lag på lag. Det er hysterisk morosamt, godt teater, og det er først og fremst framifrå underhaldning.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 11. juni 2007)