Archive for november, 2006

Brørne på Byneset

onsdag, november 8th, 2006
TEATER

Trøndelag teater – hovudscena
Berlinerpoplene
Etter ein roman av Anne B. Ragde
Dramatisert og instruert av Otto Homlung
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Med: Harald Brenna, Trond-Ove Skrødal, Øyvind Brandtzæg, Jan Erik Berntsen, Tone Mostraum m.fl. 

Bildet: Ei nydeleg badekarscene med Jan Erik Berntsen og Øyvind Brandtzæg der vi får presentert homsekjærleik både vart, vakkert og samstundes humoristisk. Foto:GT Nergård.
Innhaldet frå Ragdes roman er med i fullt monn, men diverre ikkje atmosfæren. Det luftar definitivt ikkje fjøs på Trøndelag teater!

Då Anne B. Ragde vann heile det lesande Norge og litt til med romanen Berlinerpoplene for to år sia, var det mellom anna avdi person- og miljøskildringa var så framifrå. I ein særs episk stil måla ho fram personar og situasjonar så du kjende både eimen av fjøs og lufta av gammalmannspiss. I tillegg var dramaturgien stram og metaforen bak romantittelen låg heile tida som eit dystert bakteppe ein ikkje heilt forstod før til slutt. I Otto Homlung si dramatisering, som hadde urpremiere på Trøndelag teater i helga, er ikkje alt dette tatt like godt vare på.

Å dramatisere ein så fersk roman, som så mange har lese, og der lesarane har temmeleg klåre bilde av korleis både figurane og interiøret på Neshov ser ut, er ikkje enkelt. Scenene er mange, og romanen spenner i tid frå fredssommaren og fram til i dag. For å sy dette saman til eitt scenisk uttrykk har Homlung og scenograf Per Kristian Solbakken gjort ein del viktige val, og nettopp i desse vala ligg framsyningas største problem. Boka (eller bøkene ettersom Homlung har tatt med seg nokre personar og situasjonar frå oppfølgarromanen Eremittkrepsene utan at eg skjønar heilt kvifor) handlar om garden Neshov på Byneset utanfor Trondheim, om tre brør som alle har sitt å bere, og som etter mange år samlast då mora blir sjuk og døyr. Tor, den eldste, har gått på garden saman med foreldra i all sin dag. Kjærasten var ikkje bra nok for mora. Og dottera hans, Torunn, har han berre telefonkontakt med. Den andre, Margido, driv gravferdsbyrå, men har brote med familien fordi han kjenner den løyndomen som ligg som ei mørk sky over garden. Den yngste, Erlend, er homse, bur i København og har fornekta heile opphavet sitt. Så møtest dei att saman med Torunn, og etter kvart Krumme, Erlends sambuar i Danmark nokre hektiske dagar før jul. 

Anne B. Ragde brukar i romanen mye plass på å presentere dei ulike personane og dei liva dei lev før dei samlast ved sjukesenga. I første akt freistar Homlung og Solbakken å gjere det same, men der Ragde kan måle med brei episk pensel, får vi i teaterversjonen presentert ei endelaus rekke tablå som ei vareopptelling der ein med få unnatak greier å dvele lenge nok til at personane blir heile og får kjøt på beina. I boka er både sjølvmordet på nabogarden, den sprengkåte enka og den romslege presten viktige personar for å forklåre sider både ved hovudpersonane og ved situasjonen på Neshov. På scena blir dei uforståelege statistar utan særleg meining for dramaturgi og innhald. Dei fleste i salen hadde nok lese boka på førehand og kunne krysse av personar og scener etterkvart som dei dukka opp, men om dette var nytt stoff, skal du verkeleg ha tunga rett i munnen for å henge med i presentasjonen i første akt. 

Det lufta både fjøs og gris av romanen til Ragde, men når scenografien til Per Kristian Solbakken skal ta oss med til så ulike stader som designarhusvere i Køben, grisefjøs på Byneset, kjøkenet på Neshov og sjukehuset i Trondheim, så gjer han det ved ein stilisert scenografi nesten utan rekvisittar, og der kulissane er projiserte bilde av sjukehusinteriør, kjøkengardiner, målingsslitt panel og akvarium. Berre i badekarscena i København får han dette til å fungere. Scenegolvet ser heile tida ut som blankpolert stein, og det skal ein god porsjon innleving til for å tru at dette er golvet i eit grisefjøs. Slik får framsyninga ein alt for stor avstand til publikum. Og metaforen som har gitt namn til det heile, Berlinarpoplane, – at det som blei planta for seksti år sia framleis har kraftige røter, blir berre ei meiningslaus metallkulisse som svever over scena. 

Om scenografien er like vanskeleg i andre akta, blir framsyninga atskillig meir interessant etter pause. Då får aktørane ro og rom til å gå i djupna på personane, og særleg dei to eldste brørne, spela av Harald Brenna og Trond-Ove Skrødal, blir sakte men sikkert heile menneske til å tru på og leve seg inn i. Øyvind Brandtzæg som Erlend, og Tone Mostraum som Torunn, har heile tida vore truverdige personar. Dette heng nok ikkje berre saman med at dei leverer framifrå rolletolkingar, men også at personane er mindre aparte og difor enklare å framstille med truverd. Dramatisering og scenografi skapar som sagt unødig distanse til stoffet, men i andre akta er sceneprestasjonane så gode at framsyninga likevel blir sjåverdig. Det klassiske maskefallet mot slutten er eit kollektivt løft der også Jakob Margido Esp får maksimalt ut av den ganske anonyme rolla som faren. Trass i mange gode aktørar, er dette likevel først og fremst Øyvind Brandtzægs oppsetting. Han er ubetaleleg som naturalisert dansk homse, og samspelet med Krumme (Jan Erik Berntsen) i badekarscena er noko av det vakraste og samstundes mest humoristiske eg har sett om homsekjærleik på scena. Og Brandtzæg strør om seg med scenisk konfekt i form av små humoresker. Samtidig gir han oss eit nydeleg innblikk i ei lang reise frå det fordomsfulle Byneset til kongens by der alt er lovleg, – og attende att. Ei klassereise tur/retur som han presenterer med fingertippkjensle og varme. 

Ei teateroppsetting er eit sjølvstendig kunstnarleg uttrykk som skal stå på eigne bein. Denne framsyninga lir av at ho på eine sida lener seg altfor tungt på romanens faktiske innhald, medan ho samstundes ikkje greier å formidle atmosfæren. Det lufta definitivt ikkje fjøs på Trøndelag teater!
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 6. november 2006)

Ei rastlaus sjel

onsdag, november 1st, 2006
TEATER

Trøndelag teater – teaterkjellaren
TAKORADI – en sjømanns historie
Av Torvald Sund
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Framført av Hallbjørn Rønning 

Bildet:Ketil Iversen er den maritime Peer som møter både Bøygen og Anitra medan det sit ei heime og ventar. Men Siv Anita har ikkje Solveigs tolmod. Foto: Vegard Eggen
Usminka fortellarteater om sjømannslivet på godt og vondt, men mest vondt.

Ketil Iversen gjekk til sjøs rett etter framhaldsskulen; – først på ein sildesnurpar, og deretter som dekksgut i utanriksfart. Han er etterkrigsungdomen med draumen i seg om raske pengar, store opplevingar, om å kome seg ut og vekk, og sjølvsagt om å ta for seg av dei gledene livet kan by på trass i moras medsende artiklar om kva sjømenn kan bli utsett for i framand hamn. Ketil Iversen er korkje betre eller verre enn andre. Dette er den usminka historia om ein temmeleg gjennomsnittleg norsk sjømann og dei folka han møter gjennom dei to-tre siste tiåra av norsk skipsfarts glanstid. 

Torvald Sund har skrive denne fortellinga, som ikkje er ei historie, men mange ulike anekdotar og tablå. Hallbjørn Rønning er både Ketil Iversen og alle dei han møter, og gjennom alle fortellingar, flashbacks og tablå formar det seg etter kvart eit nokså tydeleg bilde, ikkje berre av Iversen, men også av ei av dei mest myteomspunne yrkesgruppene i norsk etterkrigssoge. Her får vi stadfesta både mytar og fordommar. Pengane sit laust, og drikk og horehus er kvardagskost når ein er hamn. Men vi får og innblikk i sakna, draumen om å sette rot for personar som har fått det rastlause i blodet, om kjærleik, og om det umogelege i å kombinere eit vanleg familieliv med månader i utanriksfart. 

Torvald Sunds historier er frodige, burleske og fantastiske. I bøkene om Onkel Oskar har han synt dette til fulle, og i Takoradi boltrar han seg i same fortellarkunsten. Det som gjer denne drygt timelange monologen til noko meir enn berre nok ei sjømannshistorie, er nettopp dei gode fortellingane, det autentiske, men også det uventa og komiske. Som når vår mann møter Maria i Peru og må stadfeste at i Norge har vi stivna vatn! Og at vi går på skøyter på det stivna vatnet medan fiskane symjar under! Som ein maritim Peer møter Ketil verda, og legg han under seg. Han lyg og skryt, og han omtalar Lima, Hamburg, – og Takoradi (ein hamneby på vestkysten av Afrika) som om det skulle vere Hommelvik og Støren. Han er ein verdsmann, men får det ikkje til heime. 

Rita Abrahamsens regi har lagt vekta på det verbale, og det er eit fornuftig val. Her er nesten ingen scenografi, og berre nokre få enkle rekvisittar. Merksemda vår er på Hallbjørn Rønning og alle dei personane han presenterer oss for. Det kan tidvis vere litt problematisk å henge med i alle dei ulike figurane, for persongalleriet er stort og rolla tekstrik og krevjande. Men Rønning er særs fortruleg med stoffet, og det er lett å tru på han. Trass i alle løgnhistoriene!
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 30. oktober 2006)