Archive for januar, 2006

Redda av eit gudsord

onsdag, januar 11th, 2006

TEATER

Bare må ha det
Av Anne B. Ragde
Regi: Ensemble, forfattar og dels teatersjef
Framført av Helle Ottesen, Mona Jacobsen og Marianne Meløy
Trøndelag teater – teaterkafeen

Tunn tekst, ganske overspela, for lite regi, men likevel ikkje heilt utan underhaldningsverdi.
Bildet: VULGÆRE: Sprengkåte kvinner som berre MÅ ha det. Foto:Lasse Berre
For snart fem år sia sette tre kvinnelege skodespelarar ved Trøndelag teater opp ein leiken kabaret – Fordi jeg fortjener det – om godt vaksne kvinnfolk som framleis kjenner hormona og lysta. Det blei ein kjempesuksess, og då er det ofte freistande å lage ein oppfølgar. Som kjend er ikkje det alltid like vellukka, og sjølv om Mona Jacobsen og Helle Ottesen nå har fått manushjelp av Anne B. Ragde, burde dei nok ha arbeidd meir med stoffet både tekstmessig, dramaturgisk og ikkje minst når det gjeld regien. Dei siste åra har det kome ein flaum av filmar, såpe, teater og you name it om godt vaksne kvinnfolk. Frå den sjølvironiske foreininga Kuklaus Klan, via Vaginamonologar og kvinner på randen av det meste, til dramaserien Frustrerte fruer. For ein teatermeldar som i denne samanhengen er utstyrt med feil kjønn, gir det eit innblikk i det vi menn bruka å kalle garderobeprat, og som syner at kvinner også kan være vulgære, kåte, plumpe og grove. Ja, tidvis overgår dei det meste eg har høyrt i herregarderobane. Dette er sjølvsagt flott og kan være særs underhaldande. Men det skal gjerast intelligent og med fingertippkjensle for å vere artig i lengda. Slik er diverre ikkje denne kabareten.

Vera (Mona Jacobsen) og Lillebitten (Helle Ottesen) er båe fråskilde og ganske desperate. Dei berre MÅ ha det, og DET er i denne samanhengen ikkje noko meieriprodukt! Situasjonen og dialogen er særs føreseieleg, og blir i tillegg skjemma av ein mistillit til teksten som gir seg utslag i høgrøsta overspel. Dette er stoff som det er lett å kjenne seg att i, og sjølvsagt er det artige poeng her, men framsyninga hadde vore ganske tunn, var det ikkje for at Gloria (Marianne Meløy), som er Veras moralistiske, halvblinde og langt frå fikse dotter frå eit ekteskap i Bodø, dukkar opp på ferie frå bibelskule og flanellografistudiar. Ho tilfører oppsettinga dimensjonar som delvis reddar prosjektet. Teksten er framleis like tunn, men Marianne Meløy har ein mimikk eg ikkje har sett på norske scener sia Arvid Nilssen, – ulike andletsuttrykk som kan romme heile romanar! Gudsordet frå landet tar livets skule på eit snautt døgn og går samstundes gjennom ein fullstendig metamorfose. Ho tar over scene, regi og heile showet i dobbel tyding, og gjer Vera og Lillebitten til statistar i eige husvære.

Kabareten er bunde i hop av gamle svisker og popsongar av ulike slag, og ikkje alltid like velvalt. Men Mona Jacobsen og Marianne Meløy framfører Harper Valley PTA i ei tapping som overgår alt eg tidlegare har høyrt. Og i ei språkdrakt som er endå dårlegare enn Terje Mosnes si omsetting! Her var det både buskis og sjølvironi som sat. Like høgt nivå var det diverre ikkje på resten. Jamvel om dette er blott til lyst og ganske upretensiøst, vil nok Trøndelag teater stå seg på å ha litt høgare kvalitetskrav.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 9. januar 2006)