Archive for august, 2005

Å kunne kodane

søndag, august 28th, 2005

TEATER

En gorilla søker hjem

Av Jo Strømgren
Regi, scenografi, kostyme: Jo Strømgren
Dei som er med: Marte Stolp og Ola G. Furuseth
Trøndelag teater, Studioscena
Bildet: EIT SPEL: Det er skummelt når maskene fell og spelet tar slutt. Tryggast er den som har maska på. Foto:Marianne Øiamo
Kjærleiken, er eit spel. Men når skal nokon seie Game over, – nå er det på tide å slutte med spelet?

Livet er ikkje lett, og definitivt ikkje kjærleiken. Desse evige spørsmåla har vore tema for både litteraturen og scenekunsten i alle år. Men i eit samfunn der ikkje noko lenger er privat, og der avisene held seg med sexologar og samlivsspalter, skulle ein tru at inflasjonen og trivialiseringa av dei grunnleggande og eksistensielle forholda hadde gjort at kjenslelivet blei eit vekebladproblem på line med slanking. Med andre ord ein lang gjesp. Men så kjem denne sceniske multikunstnaren Jo Strømgren og ikkje berre meiner noko om saka, men gjer det annleis, intelligent og med masse humor.

Studioscena på Trøndelag teater hadde torsdag urpremiere på framsyninga En gorilla søker hjem. I eit husvere prega av oppbrot møter vi han og henne. Dei er gamle kjærestar, truleg på veg frå kvarandre, men likevel med eit ønske om å finne attende til noko som har vore. I eit rollespel der dei vekslar på å ha regi, og der manus blir til etter kvart, freistar dei, og kanskje særleg ho, å mane fram gamle kjensler. Det startar med ein maskerade der demaskeringa kjem alt i opninga, men der ho held fram på andre nivå gjennom heile framsyninga. Det er uklårt både for publikum og aktørar kva som er spel og kva som er røyndom, og kjenslene vekslar i voldsame sprang. Det er heftig, til tider dampande, litt valdeleg, temmeleg meta og særs humoristisk. Strømgren har som skarp observatør fått med seg dei to totalt ulike universa som heiter han og henne. Ordtilfanget er det same, men semantikken er heilt forskjellig. Kan du ikkje kodane, er du fortapt. Det er glitrande presentert, og eg vil sjå den som ikkje kjenner seg att.

Jo Strømgren har, ved sia av å ha skrive manus, også ansvar for både regi, scenografi og kostyme. I ein nøktern Ikeaheim lar han merksemda vere om dei to på scena. Den verbale pingpongen deira er det viktige, men Strømgrens meir fysiske scenebakgrunn har og gitt rom for ein del velkoreograferte små gags. Regien hans er stram, spelet er presist og personinstruksjonen god. Marte Stolp og Ola G. Furuseth har krevjande roller der vekslinga er rask og voldsam. Dei ser ut til å storkose seg på scena og er så truverdige at ein fort kan gløyme at dette er teater. Strømgren har gitt dei ganske stort spelerom, og båe syner eit imponerande bra register.

Publikum humrar og ler, og eg med. Men etter ei tid tar eg meg i å spørre kva dette eigentleg går ut på. Kva er det Strømgren vil? Og er dette likevel berre endå eitt av desse samlivsspela, rett nok intelligent og humoristisk, men lell? Inntil eg oppdagar spelet. Ja, nettopp spelet. Alt er eit fordømt spel. Vi tar på oss roller. Dei to på scena spelar rollespel for å bli kåte. Det er teknikk og skodespel. Inntil den endelege demaskeringa der vi omsider får tak i kjenslene og kva maskene skjuler. Då er vi sårbare, men også heile menneske. Kanskje er det tid for å avslutte spelet og seie så banale ting som at eg er glad i deg, eller at eg treng deg. Då er vi ærlege, men det er farleg, det. Det er tryggast med maskar og spel.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag 27. august 2005)