Archive for juni, 2005

Magisk på Munkholmen

onsdag, juni 15th, 2005

TEATER

Annie
Av T. Meehan, C. Strouse og M. Chornin
Regi og koreografi: Marita Rødset
Scenografi: Gunnar Fretheim
Musikalsk leiar: Sunniva Hovde
Med: Teaterlaget i BUL Nidaros
Teaterlaget i BUL – Tårnet på Munkholmen

Magisk er det einaste dekkande ordet eg finn for teaterlaget i BUL Nidaros si oppsetting av musikalen Annie.

Det blir laga mye god scenekunst. Både på institusjonsteatra og blant frigruppene blir det stadig presentert profesjonelle og perfeksjonistiske, velspela og godt regisserte oppsettingar. Men det er likevel langt mellom kvar gong eg opplever verkeleg magi i ein teatersal. Det skjedde i tårnet på Munkholmen i helga. Med oppsettinga av musikalen Annie spela teaterlaget i BUL Nidaros seg godt forbi den intellektuelle forståinga til denne teatermeldaren, og langt inn i hjarterøtene hans.

Annie starta som ein enorm teikneseriesuksess i mellomkrigstida, blei musikal og film og er blitt sett opp på dei fleste scener verda over. Historia er ei tåreperse av erkeamerikansk type om den foreldrelause barneheimsjenta som sjarmerar New Yorks rikaste mann slik at han til slutt vil adoptere henne. I utgangspunktet ei temmeleg klissete sak. Og ettersom det går femten på dusinet av godt påkosta Annieproduksjonar med profesjonelle aktørar, burde det meste vere gjort frå før. Men så opplever ein altså at eit førtitals amatørar der snittalderen ligg langt nedi tenåra, maktar det kunststykket det er å løfte seg sjølv og oppsettinga opp til magiske høgder. Og det er ikkje fordi spelet er så fantastisk, eller fordi songane blir framført perfekt. Det er heller ikkje fordi scenografien er spektakulær eller at musikken riv deg over ende. Nei, alt dette er relativt amatørmessig. Det magiske ligg i at instruktør og koreograf Marita Rødset har forstått kva for ressursar ho har hatt tilgjengeleg og greidd å odle dei fram til ein syntese som er blitt ei surrealistisk, sjølvironisk og dønn sjarmerande oppsetting. I trøndersk språkdrakt og med imponerande personinstruksjon og koreografi har ho fått ensemblet til å bli så struttande av sjølvtillit at det såg ut som dei ikkje ensa at det var publikum i salen. Ho har dessutan makta å få fram eit typegalleri så detaljrikt at det åleine er verdt billettprisen.

Tårnet på Munkholmen er scenografisk nærast umogeleg. Denne gongen har Gunnar Fretheim løyst det ved å lage ein scenografi som berre er indikatorisk. Det gir god plass til dans og masseopptrinn, men også til ein scenografisk genistrek i finalen, – ein liten konfekt til publikum!. Det vesle ompaorkesteret til Sunniva Hovde kler oppsettinga perfekt. Saman med ei sikker kostymeavdeling skapar musikken også tidsriktig koloritt.

Annie er eit kollektivt løft, der Marita Rødset har greidd å få likt og ulikt til å dra i same retning. Men det kryr samstundes av gode einskildprestasjonar. Berre elleve år gamle Kjersti Behrens Måsøval manglar songvolum, men tar det tifald att på si stillferdige og detaljrike tolking av Annie. Ingrid Kummeneje gir oss ei særs overtydande Miss Hannigan, og nærast forfører publikum. Thomas O. Dahl var ein meir enn sjarmerande skurk, og Niklas Kummeneje gir ein herleg parodi på ein finansminister. Om Otto Homlung skulle vere i beit for dyktige statistar til Trøndelag teater, så har han dei her! For å bruke Annies eige uttrykk: – Dette var steike bra!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 14. juni 2005)