Archive for mai, 2005

Ei varsla hending

onsdag, mai 4th, 2005

TEATER

House
Verk produksjoner
Av Robert Maxwell
Framført av Fredrik Hannestad, Saila Hyttinen, Anders Mossling og Jonas Bræin Selvig
Teaterhuset Avant Garden

Ei historie på mange plan i skjeringspunktet mellom teater og performance, diverre skjemma av uvanleg dårleg omsetting frå engelsk.

Den nordiske teatergruppa Verk Produksjoner held fram med å presentere spennande amerikansk samtidsdramatikk. Førre gongen eg såg dei, var det med «Andevariasjonene» av David Mamet. Nå har gruppa sett opp «House» av Richard Maxwell, og det er første gong hans dramatikk blir presentert på ei nordisk scene. Det er blitt ei ganske annleis framsyning, men eg er usikker på om ho yter Maxwell full rettferd.

I ein liten by kor som helst i statane, og i ei anonym familie som kunne ha vore kven som helst, blir det etter kvart rulla opp noko som nærmar seg både krim og action, men som slett ikkje er det. Denne familien, der kommunikasjon er eit framandord, og der alt blir iscenesett på eit merkeleg metavis, gøymer på ein gruvsam løyndom. Når ein framand dukkar opp, får vi litt om senn innblikk i kva som har skjedd og at ein hemn er i ferd med å finne stad. Men alt blir berre halvvegs kommunisert, det meste flyt, og i denne mangelen på det konkrete driv Maxwell likevel handlinga framover. Replikkane er ufullstendige, repeterande, og innimellom nesten surrealistiske. Det pirrar oss, og set publikum på alerten. Avslutninga blir ei merkeleg blanding av amerikansk valdslogikk og Stockholmssyndrom. Meir vil eg ikkje røpe om den saka.

Denne oppsettinga er teater på mange nivå. Det som skjer på scena er, trass i det ufullstendige, likevel ganske konkret. Men i alt som er usagt eller som berre blir indikert, får vi presentert ei heilt anna historie om framandgjering i forhold til samfunnet på alle nivå, frå familiens mikrokosmos til storsamfunnet og dets institusjonar. Og i den sceniske presentasjonen får vi eit inntrykk av at alt er sett i scene og regissert, men at det likevel ikkje fungerar. Faren instruerer sonen og spel og replikkar er tilgjorte til det nesten amatørmessige. Hadde eg ikkje sett Verk tidlegare og visst at dei eigentleg er dyktige skodespelarar, ville eg ikkje ha skjønt at dette var planlagt. Og nettopp her er det framsyninga får store problem fordi ho krev ei forståing av publikum som du ikkje kan vente at publikum har. I tillegg er det skjemmande at omsettinga frå engelsk er uvanleg dårleg.

Den scenografiske løysinga derimot er både god og særs illustrerande. Pappesker og papirkulisser symboliserer effektivt det sårbare og skjøre ved denne familiesettinga, der rapporten om ei varsla hending eigentleg er viktigare enn sjølve hendinga.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 3. mai 2005)