Archive for februar, 2005

Spontanteater

lørdag, februar 19th, 2005

TEATER

Lik til salgs
Etter Dario Fo
Av og med Baktruppen
Teaterhuset Avant Garden

Det som skulle bli eit skeivt blikk på unionsoppløysinga, blei i siste liten noko heilt anna, men likevel ikkje så langt frå utgangspunktet.

Baktruppen har i lengre tid arbeidd med ein revy om unionsoppløysinga og nordmannen gjennom dei siste hundre åra. Den skulle ha premiere ved BIT-Teatergarasjen i Bergen i førre veke. Men berre nokre dagar før urpremieren fann dei prosjektet for keisamt. Dei kullkasta heile ideen, og på inga tid øvde dei inn eit absurd einaktars silhuetteater basert på «Lik til salgs» av Dario Fo. Baktruppen ville ikkje bli del av det nasjonale hysteriet rundt markeringa av unionsoppløysinga, og sette i staden opp noko heilt anna. Eller handla det om 1905 likevel? Oppsettinga hadde premiere i Bergen til rett tid. Nå har det gjesta Trondheim, og om ei veke spelar dei på Black Box i Oslo.

Dette er nærast å rekne som stuntteater, og er uråd å melde etter vanlege kriterium. Men det gjeld vel også for meir førebudde oppsetningar frå denne gruppa. Framsyninga blir presentert som skuggeteater der bakteppet er Norsk Hydro sin administrasjonsbustad på Notodden, – og dermed er linken til 1905 lagt særs synleg. Scena er hagen framfor huset der eit pokerlag finn stad. Aktørane snakkar eit kaudersvensk og alt i det temmeleg ubehjelpelege språket signaliserer Baktruppen at her blir det spela omtrentleg og utan kryss og b-ar. Det er lett å akseptere, og faktisk ganske sjarmerande. Og sjølvsagt nok ein link til 1905. Handlinga er ein absurd farse full av overraskande og urkomiske vendingar, og der pokerlaget skyt både små- og storvilt sånn reint en passant utan at det ser ut til å affisere dei det minste. Dei er opptekne av pengar, pengar og pengar. Metaforane både til unionsoppløysinga og tilhøvet til broderfolket står i kø for den som vil tolke dette djupare. Og at oppsettinga i røynda er Baktruppens reviderte revy om hundreårsjubileet med eit særs skeivt metablikk på det som hende, er eg ikkje i tvil om.
Med stor tekstrikdom og stutt innøving har sjølvsagt oppsettinga store dramaturgiske problem når det heile rett som det er stoppar litt opp. Men her gjeld som sagt andre reglar. Eg lar meg sjarmere og underhalde, og eg gir blaffen i at dette er uferdig teater i ei temmeleg snublande form. I staden er eg glad for at det finst grupper som Baktruppen som vågar å snu opp ned på ting i siste liten, som torer å vere spontane, og som gir blaffen i kva som er ferdig nok til å presentere på ei scene. Denne produksjonen viser at ei rufsete skisse ofte kan vere vel så illustrerande som eit fullført og detaljrikt måleri.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 18. februar 2005)

Levd liv

fredag, februar 18th, 2005

TEATER

Undset
Av Otto Homlung og Tine Thomassen.
Musikk av Ketil Bjørnstad.
Regi: Otto Homlung.
Framført av Ellen Horn.
Trøndelag Teater – Gamle Scene.

Bildet: HORN SOLO: Framsyninga fortel Sigrid Undset sitt liv i ein dramatisert monolog. FOTO: CHRISTIAN ELGVIN
Ei oppsetting om Sigrid Undset som ikkje freistar å forklåre kva som gjorde ho til ein av Norges største forfattarar, har eit alvorleg problem.

Det blir for tida skrive og seld biografiar som aldri før, og ein del av dei får og sceniske uttrykk. Biografiar om kunstnarar, politikarar, polfararar og andre kjende personar er interessante dersom dei kan kaste lys over dei gjerningane eller produkta som gjorde desse folka namngjetne. Å lese eller sjå ei kronologisk framstilling av livet til ein kulturperson der desse elementa ikkje er det berande, kan i verste fall bli rein dyneløfting. To nytilsette teatersjefar, Ellen Horn og Otto Homlung, sette for eit par år sia opp eit teaterstykke om Sigrid Undset og hennar dramatiske liv. Det turnerte lenge for Riksteatret, og etter det eg forstår til gode kritikkar. Nå har produksjonen fått nypremiere på Trøndelag teater der det skal bli spela på Gamle Scene i ein snau månad framover. Oppsettinga er diverre ikkje egna til å gi mye innsikt i forfattarskapen til nobelprisvinnaren.

Ellen Horn er Sigrid Undset! Bokstaveleg tala. Ho er skummelt lik henne, og i to samfulle timar, berre avbrote av ein pause, fortel ho i ein dramatisert monolog sitt eige liv. Det er ein prestasjon i seg sjølv og framføringa er myndig og sikker. Vi startar med heimkomsten til Bjerkebæk etter krigen der vi ser at forfattaren gradvis mistar livsgnisten nå når kampen er over og ho kjem attende til ein rasert heim der ho reflekterer over levd liv og tapte born. I retrospekt får vi presentert krigsutbrotet, tapet av dotter og son, flukta til USA via Sverige, Sovjet og Japan, og dei tilsynelatande lykkelege åra i amerikansk eksil. Her er oppsettinga på sitt beste av di ho syner den patriotiske og kjempande Undset, og litt om kvifor ho, i motsetnad til den andre nobelprisvinnaren, valde å stå opp mot nazisme og undertrykking.

Andre akt blir ein gedigen nedtur. I nattserk og truleg på det siste, ser Undset attende på oppvekst, kjærleik, opprør, forfattarskap, barnefødslar, skilsmål og konvertering, alt viktige ingrediensar i dette mangfaldige diktarlivet. Sigrid Undset fekk verdas høgste litteraturpris for romantrilogien Kristin Lavransdatter. Men oppsettinga fortel så godt som inkje om kva som fekk ho til å skrive dette enorme middelaldereposet. Kor tok ho figurane frå? Kva ville ho fortelle lesaren? Kvifor gav ho opp dei moderne romanane og tok til med historiske fortellingar? Så mange spørsmål, og berre bisetningar til svar. I staden får vi ei opptelling av levd liv i litt for stort tempo, og med alt for liten vekt på det som er blitt bautaen etter henne, – den litterære produksjonen.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 17. februar 2005)

Å parodiere parodien

lørdag, februar 12th, 2005

TEATER

Reality – Danny Crowe Show
Av David Farr
Omsett av Jan Faller
Regi: Harry Guttormsen
Scenografi:Arne Nøst
Musikk: Andreas Aase
Dei som er med: Are J. Rødsand, Ingrid Bergstrøm, Marianne Meløy, Wenche Strømdahl, Trond-Ove Skrødal og Arne O. Reitan
Trøndelag Teater – Studioscena

Bildet: FADERMORD: Peter (Are J. Rødsand) øver seg på å fortelle sjåarane korleis han drap far sin. Foto:Harald Sæterøy
Ein realitysatire og forviklingskomedie som har store problem med timing og truverd.

Å lage svart satire over temaet realityshow er eit overmodent prosjekt. Britiske David Farr gjorde jobben for fire år sia med The Danny Crowe Show, og etter å vere sett opp på scener over heile Europa og hausta mye god kritikk, er turen nå kome til Norge der Trøndelag teater er først ute. Fenomenet skulle vere godt kjend for alle frå seriar som Ricky Lake, Big Brother, Robinson og you name it. Andy Warhol si devise om at i framtida vil alle vere namngjetne i eit kvarter har synt seg å gå i oppfylling, og folk står formeleg i kø for å brette ut seg sjølv og sine næraste for open skjerm. Danny Crowe har det ultimate showet som fortel dei styggaste lagnadene, han er lidingas ukrona konge. Vi får korkje sjå han eller showet hans, men derimot to av sersjantane, – dei som driv research og finn fram dei forhutla menneska som her ser store sjansar til å kome på TV, og kanskje til litt rikdom i tillegg. Realityomgrepet er så misvisande som det går an. Her er stort sett juks, humbug, forstilling og reint skodespel. Både dei som fortel historier, og dei som finn dei, retusjerer og fikser på røyndomen for å få han ille nok til å passe konseptet. I denne oppsettinga møter vi Miles og Magda (Trond-Ove Skrødal og Wenche Strømdahl) som båe jaktar på det store scoopet. For å finne det blir dei etter kvart like avstumpa som lagnadene dei leitar etter. Kyniske, kjenslelause og fiksert på å finne den råaste historia. Den meiner dei å ha funne med søskenparet Tiffany og Peter (Ingrid Bergstrøm og Are J. Rødsand). Peter har drepe far sin og Danny Crowe skal få den eksklusive historia. Alt er sjølvsagt berre bløff, og framsyninga tar etter kvart form som ein gedigen forviklingskomedie.

David Farr tar fenomenet reality på kornet, og har mange gode og humoristiske poeng i sin ganske svarte ironi. Men problemet blir at sjangeren alt i utgangspunktet er ein parodi på seg sjølv og såleis særs vankeleg å parodiere. Difor blir det alt for ofte opne dører som blir slått inn, og ei rekke temmeleg forutseielege scener. Det er artig, ja vel, men som satire og sjangerkritikk er det ikkje så imponerande. Framsyninga endar opp som rein forviklingskomedie med sanningas augneblikk og avsluttande demaskering. Slike komediar krev god timing og at aktørane går ut og inn av scena til rett tid. I Harry Guttormsens regi fungerer ikkje dette godt nok. Folk dukkar opp nokså umotivert, og det gjer at truverdet manglar. Guttormsen har også gjort ein del regigrep som lever sine eigne liv heilt uavhengig av framsyninga, og som eg finn meir som påfunn enn som logiske for oppsettinga. Det heile startar med at suffløren les scenetilvisingar i ei metaform som aldri blir følgd opp. Og musikaren Andreas Aase lagar lydkulisser som blir overspela og forstyrrande. Her er ei merkeleg blanding av forviklingskomedie og absurd buskis, svart satire, metateater, alvorlege passasjar, og ei temmeleg melodramatisk ending utan store overraskingar.

Oppsettinga seier oss ikkje så mye nytt om realitysjangeren, men ho er både underhaldande og ganske humoristisk. Det som likevel bergar produksjonen er først og fremst dei mange gode sceneprestasjonane. Ingrid Bergstrøm er ein energibunt av ein skodespelar, og Are J. Rødsand syner nok ein gong at han verkeleg kan å tolke dei som er heilt på kanten av samfunnet. Og nærast som ei bonusgåve til publikum kjem Marianne Meløy i ei nesten unødvendig rolle som ho gjer maksimalt ut av, og litt til.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. februar 2005)

Visuelle høyrespel

onsdag, februar 2nd, 2005

TEATER

Trio for to skuespillere og spansk gitar
Maybe it’s too nice
Transiteatret-Bergen
Konsept og regi: Tore Vagn Lid
Med: Elisabeth Lahr, Tor Christian Faugstad Bleikli, Arild Vestre og Vidar Magnussen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

To visuelle høyrespel som med fordel kunne ha lært litt av kvarandre sine sterke sider.

Transiteatret-Bergen har gjesta Trondheim i helga med to oppsettingar på Teaterhuset Avant Garden. Den eine var ei lita kriminalhistorie for barn, Trio for to skuespillere og spansk gitar, og den andre ei litt futuristisk heilaftens oppsetting om kommunikasjon på alle nivå og det stadig meir brutale arbeidslivet, Maybe it’s too nice? Transiteatret arbeider spesielt med lydeffektar og syntesen mellom lyd og det visuelle. Båe produksjonane blir kalla visuelle høyrespel, og i båe er lydbilda vel så viktige som scenografi. Til tider blir scenografien fullstendig erstatta med lyder som når skodespelarane går ut og inn av usynlege dører. Dette har gruppa dyrka nesten til det fullkomne, og særleg i barneoppsettinga fungerer desse effektane framifrå.

Trio for to skuespillere og spansk gitar hadde premiere i Bergen før jul og er også vist på Black Box i Oslo. Ein redaktør og journalistlærling held kvelden før julaftan på å gjere ferdig morgondagens avis. I redsle for at nokon skal stele leiaroverskrifta til redaktøren, held han ho så hemmeleg at han gløymer henne. Fortellinga handlar om den desperate kampen for å finne att overskrifta. Historia er ganske tynn og eg er ikkje sikker på at vaksenspråk og journalistmetaforar er det som er mest egna til å treffe målgruppa i alderen fem til tolv. Og framføringa til dei to på scena var litt for skrålete og kaotisk. Men samstundes var framsyninga som oppleving så sterk på innhaldsrike sanseinntrykk at det berga oppsettinga og vel så det. Det hundre prosent synkrone lydbildet som gav inntrykk av ute og inne, storm og stille og dører som knirka, saman med regissørens eige akkompagnement på spansk gitar gjorde at framsyninga, trass store manglar, blei ei sanseleg oppleving.

Den andre oppsettinga, Maybe it’s too nice er basert på dramaet Below the Belt av amerikanske Richard Dresser. Det er eit litt futuristisk stykke der den ytre handlinga er tre konsulentar som arbeider i ei stor verdsomfemnande verksemd. Dei er langt heimafrå og lever og arbeider tett på kvarandre. I motsetnad til barneoppsettinga, er dialogen, som både kan verke absurd og som er strekt repeterande, særs viktig. Det handlar om kommunikasjon og mangel på det, om hersing og hersking, om intrigar og mistru, klatring og sverting og alt det som det stadig meir brutale arbeidslivet byr på. I motsetnad til barneframsyninga er dette ei særs sterk historie det er vanskeleg ikkje å bli engasjert i. Også i denne produksjonen er lydbildet svært viktig. Men synkroniseringa er ikkje like god, og lydkulissene verkar til tider noko umotiverte. Jamvel om teksten er god og historia sterk, skal det god regi og dramaturgi til for å halde trykket oppe i nesten to timar. Regien til Tore Vagn Lid greier ikkje det. Det heile blir diverre langdrygt. Den gode og sterkt sivilisasjonskritiske historia hadde stått seg på eit langt strammare regigrep.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 1. februar 2005)

Aperitif

tirsdag, februar 1st, 2005

TEATER

Tre skuespill
Finn Iunker
Teaterhuset Avant Garden

Mjuk sesongopning med ein appetittvekkar som var særs lovande.

Teaterhuset Avant Garden hadde sesongopning tysdag med presentasjon av dramatikaren Finn Iunker. Det blei eit triveleg og løfterikt møte. Iunker er personifikasjonen av det gamle munnhellet om at ein ikkje blir profet i eige land. Han er knapt nok spela på norsk scene, men i Belgia, Nederland, Tyskland og Portugal blir han sett opp. I fjor haust fekk han gitt ut boka Tre skuespill på Cappelen. Og til overmål blei han nominert som norsk kandidat til Nordisk dramatikarpris med to av dei tre stykka i boka. For Teaterhuset Avant Garden er han særs aktuell for tida. Nettverk for scenekunst (Black Box i Oslo, B.I.T. Teatergarasjen i Bergen og Avant Garden i Trondheim) har gjort noko så eineståande som å gå saman om å tinge eit nyskrive stykke av Iunker. Det har arbeidstittel Revolver og blir sett opp av den belgiske teatergruppa De Roovers i 2006.

Opninga av vårsesongen i Teaterhuset Avant Garden var som ei lita innføring i dramatikken til Iunker og ein aperitif som var så lovande at i alle fall eg ser med spenning fram til nye møte med stykka hans. Iunker las sjølv utdrag frå dei to tekstane Ifigeneia og Helena, båe ei vidareføring av Evripides sine tragediar med bakgrunn i Trojanerkrigen, men i moderne drakt og med tydeleg adresse til vår eiga tid. Tre skodespelarar frå Trøndelag Teater las deretter frå Play Alter Native som er det tredje stykket i boka, og som baserer seg på ei persisk fortelling. Gjennom eit kongerike rann ei elv som ein dag blei forgifta. Dei som drakk av elva blei galne. Kongen drakk av si eiga elv, og heldt fram som normal. Men då alle andre var galne, meinte dei det var kongen som var gal og kravde at han gjekk av. Då drakk også kongen av den forgifta elva, blei gal, og alt kunne falle attende til det normale! Gjennom ein glitrande dialog, underfundig og motseiingsfylt, ligg dagsaktuelle politiske parallellar snublande nær.

Kvelden blei avslutta med at Per Ananiassen, dramaturg ved Trøndelag Teater, intervjua Iunker om dette og hint, om lettare tragikomisk forhold til institusjonsteatra og dramatikarforbundet, om eit slakt av Jon Fosse, om korleis kulda i Ulan Bator i 2001 og ein artikkel i denne avisa kan bli eit ungdomsstykke, og sjølvsagt om dramatikken til Iunker. Det blei ein litt annleis teaterkveld, men appetitten på meir Iunker er i alle fall vekt.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. januar 2005)