Archive for desember, 2004

Cirka 20

torsdag, desember 2nd, 2004

TEATER

Opus 1
Av og med Cirka Teater
Instruktør: Anne Mali Sæther
Scenografi: Gilles Berger
Komponist: Ragnhild Faanes
Dei som er med: Erlend Smalås, Ragnhild Faanes og Anne Marit Sæther
Teaterhuset Avant Garden/Trondhjem Kunstmuseum

Cirka Teater feirar seg sjølv med ein musikalsk humoreske, like detaljrik og utsøkt som alltid frå denne gruppa.

Cirka Teater i Trondheim er ein sjeldan blome i den norske teaterfloraen. I tjue år har ekteparet Anne Marit Sæther og Gilles Berger skapt magiske framsyningar der fysisk teater og fantastiske scenografiske løysingar har vore dei viktigaste ingrediensane. Dei har utmerka seg med ei særs kresen haldning til det fysiske uttrykket, og levert eit tjuetals produksjonar som har det sams at dei er gjennomførte ned til minste detalj og med ein scenografi som er små kunstverk i seg sjølv. Med grunnlag i ein økonomi så elendig at dei stadig har vore på kanten av å gi opp, og frå ein iskald fyringsbunker på den tyske ubåthamna Dora i Trondheim, har dei trylla fram den eine framsyninga meir spektakulær enn den førre. Tjue år er det blitt, og det har resultert i ei storstilt feiring av seg sjølv. Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum har opna dørene for ei omfattande utstilling av scenografiske element frå fleire av produksjonane deira. Og samstundes med ei halsbrekkande utstillingsopning på laurdag, har dei funne tid til premiere på ei ny oppsetting; Opus 1.

I samband med slike utstillingsopningar er det vanleg med nokre talar og ein kulturbyråkrat som klipper av ei snor. Men det blei sjølvsagt for snautt for Cirka. På fortauet utafor Kunstindustrimuseet laga dei like godt eit gateteater som var ein slags potpurri over tidlegare produksjonar, som opninga av Gardermoen, Den 5. årstid og Poste Restante for å nemne tre. Det var som å møte att gamle kjende. Etter kvart kom også Kurt, den sjarmerande truckkøyraren frå barnebøkene til Erlend Loe, og på trucken meir låg enn sat Kongen sjølv klår til å klippe snor. Men byråkratane frå 5. årstid godtok ikkje saksa hans, og så blei gode råd dyre. Då er det den scenografiske tryllekunstnaren Gilles Berger trår til. Frå himmelen kjem ein maskekledd mann dalande ned med godkjend saks, og dermed blir det opning. Velregissert, spektakulært og slik berre Cirka Teater kan gjere det. Utstillinga av scenografi og videosnuttar frå produksjonane blir ståande i Kunstindustrimuseet fram til over jul og er meir enn verd eit besøk.

Berre få timar etter utstillingsopninga var det premiere på jubileumsoppsettinga. Den heiter Opus 1 – En sprelsk suite, og blei framført i Trondhjems Kunstmuseum. Anne Marit Sæther skal dirigere ein liten kammerkonsert med dei to musikarane Ragnhild Faanes på sax og Erlend Smalås på bass og tuba. For ein gongs skuld er scenografien særs enkel, berre nokre små skulpturar av symbol frå musikkverda. Dirigenten oppdagar snart at musikarane reagerer på heilt andre ting enn ho hadde tenkt seg. Ein prikk, ein strek eller ei rørsle gir musikalske resultat. Men ho har ikkje heilt styringa, og musikken tar stundom til å leve sitt eige liv. Det gjer også notearka som er med på å skape assosiasjonar som igjen gir musikk. Det er eit artig og godt synkronisert samspel mellom dirigent og musikarar, og ettersom dette er ei familieframsyning for alle årsklasser, hentar dei opp gjestedirigentar frå salen og gjer det heile interaktivt. Men eg tar meg likevel i å lure på korleis ein kan halde på publikum i lengda med ein slik leik. Då hadde eg ikkje rekna med det dramaturgiske grepet til instruktøren Anne Mali Sæther, og definitivt ikkje med scenografen Gilles Berger. For Cirka hadde ikkje vore Cirka om ikkje scenografien var meir enn berre kulisser. Etter kvart veks det fram liv i skulpturane, og dei tar også til å leve eigne liv som nøye avstemde pendlar og perpetuum mobile. Og til slutt går alt opp i eit stort musikalsk heile. Det er vakkert, det er artig, og det er Cirka! Eg gratulerer og håpar på i alle fall tjue år til!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 1. desember 2004)