Archive for september, 2004

Absurd tidsspegel

onsdag, september 1st, 2004

TEATER

Terrorisme
Brørne Presnyakov
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Omsett av Silje Ohren Strand
Med: Trond-Ove Skrødal m.fl.
Trøndelag Teater – Studioscena


Bildet: TERROR? Ein forretningsmann (Trond Ove Skrødal) kjem til ein flyplass som er stengd på grunn av bombetrugsmål, og dette medfører fatale konsekvensar som ikkje har noko med ei eventuell bombe å gjere. Foto:GT Nergård

Eit absurd, humoristisk og intelligent forsøk på å spegle den tida vi lever i.

Terrorismen sitt viktigaste mål er å skape frykt. Men dette skjer ikkje berre ved fysisk vald og i store politiske settingar. Terror finst her og nå og alle stader, – frå sjølvmordsfly og sprengstoff til strukturell vald, mobbing og psykisk tortur. Dette er påstanden til dei to russiske brørne Presnyakov som for to år sia skreiv Terrorisme. Stykket hadde urpremiere i Moskva berre ei veke etter at store delar av publikum blei gassa i hel i eit anna Moskvateater. Etter det er stykket blitt sett opp på scener over heile Europa. Trøndelag teater hadde Norgespremiere i helga, og i Jon Tombre sin regi er det blitt ei velregissert, humoristisk, absurd og tankevekkande framføring. 

Oppsettinga er ei samling av seks scener eller tablå som etter kvart syner seg å henge meir i hop enn vi først trur. Tablåa er sjølvstendige opptrinn med eigne avslutta historier som alle på eitt eller anna vis handlar om frykt. Frå mikrokosmos med redsle for kollegaer, uviss arbeidssituasjon eller sjefen, til flyskrekk og generell terrorfrykt. Brørne Presnyakov (som heiter Oleg og Vladimir , men som skriv seg som Brørne) har heller ikkje gitt rollefigurane sine namn. Men det trengst ikkje for dei er alle tydelege og lette å kjenne att. Ein forretningsmann (Trond-Ove Skrødal) som skal ut på reise, men finn flyplassen stengd på grunn av bombetrugsmål, er ein slags gjennomgangsfigur. Som eit vengeslag av ein sommarfugl for å bruke ein metafor frå naturfysikken, får ein detalj som den stengde flyplassen etter kvart heilt fatale konsekvensar for både den eine og andre. Slik syner brørne at tilfeldige hendingar kan vere heilt avgjerande for retninga av liva våre. Her ligg ideen om fatalisme og at vi er viljelause dyr i hendene på ein større lagnad snublande nær.

Men brørne Presnyakov er ikkje ute etter å spreie fatalisme. Langt mindre frykt for terrorisme anten han kjem frå terrornettverk eller ein dårleg arbeidskamerat. I staden ser eg oppsettinga som eit intelligent forsøk på å spegle tida vi lever i. Det er komisk og absurd, men samstundes ei særs folkeleg og forståeleg form for surrealisme der vi i store bokstavar og med brei pensel får presentert daglegdagse forhold det er lett å kjenne seg att i. I Jon Tombre sin regi er oppsettinga blitt særs lite russisk, og handlinga kunne ha vore nær sagt kor som helst i verda. Personinstruksjonen er god og regien er i tillegg full av fikse detaljar, små koreografiske påfunn og uventa vendingar. Særleg i dei tre første scenene greier Tombre å halde oss fast, medan dei siste blir litt meir uforløyste. Den enkle og særs stiliserte scenografien til Per Kristian Solbakken understrekar det universelle ved handlinga, men samstundes også det kalde og kjenslelause samfunnet dette speglar. Teksten er glimrande omsett og attdikta frå russisk av Silje Ohren Strand til eit godt og naturleg munnleg norsk. 

Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 31. august 2004)