Archive for august, 2013

Musikalsk disharmoni

lørdag, august 31st, 2013

UMUSIKALSK: Det er ikkje alt i forholdet mellom Guten og Jenta som er like harmonisk. FOTO: ARILD MOEN

TEATER

Lilla
Av Jon Fosse
Regi: Runar Gudnason
Scenografi: Mari Watn
Musikk: Runar Gudnason
Med: Eldar Skar, Bjørnar Lisether Teigen, Hilde Marie Farstad, Daniel Karlsson og Lars Melsæter Rydjord
Teatret Vårt, Molde

Kven har ikkje vore ung, utilpass og usikker, men med lyst til å spele i band?

Jon Fosse skreiv opphavleg «Lilla» for det britiske «Connections » i 2003, eit ungdomsprosjekt som var forløparen for vår eigen «Den Unge Scenen», der tekstar skrivne for ungdom blir framført av ungdom. To år seinare blei stykket også del av repertoaret i norske DUS. Det er slik sett eit mye spela drama, men så vidt eg veit er det berre Rogaland Teater av institusjonsteatra som har sett det opp. Før nå. I samband med opninga av Bjørnsonfestivalen i Molde, og også som eit bidrag til språkåret og Aasenjubileet, har Teatret Vårt laga ein produksjon som tek alle sider ved Fosses språk og tematikk på djupaste alvor.

«Lilla» er eit tett, lite salongdrama med mange lag. Scena er eit klassisk lukka rom, eit temmeleg utriveleg og fuktig  kjellarlokale under ein fabrikk. Her har fire unggutar fått seg øvingslokale for å lage band, men gutane er som ungdom flest både usikre og langt frå spesielt musikalske. Det er i det heile tatt eit ganske håplaust prosjekt, og det skjønar dei sjølve også. Den ytre historia er lett gjenkjenneleg, og særleg når ei jente kjem inn i settinga som både eit uromoment og ein forløysar. I ein nokså typisk, men likevel tidvis heilt meiningslaus dialog, greier Fosse å fortelle ei mengd historier om å vere usikker, om å høyre til, om gruppetenking, om sjalusi, om aggresjon og gryande kjærleik, kort sagt – om å vere ung.

Ytre sett handlar det om fire gutar som ikkje heilt får det til å funke som gruppe, og spesielt ikkje musikalsk. Men musikken har også ein sentral plass i dei meir løynde laga som gjennom Fosses særeigne språk er gitt ein sjeldan musikalitet. Dette har Teatret Vårt tatt så alvorleg at dei like godt har hyra ein musikar til regissør. Runar Gudnason er meir kjend som «Sjef R» i rapgruppa «Side Brok», og sjølv om han tidlegare har laga ein dokumentarfilm, er dette hans debut som teaterregissør. Det var eit dristig, men godt val. Gudnason har laga ein gjennommusikalsk produksjon der til og med lyden av drypande vatn frå vasslekkasjane i kjellaren blir akkompagnement og integrert del av musikken. Oppsettinga er særs teksttru, og det er ingen avvik frå manus som blir følgd ord for ord, men med nynorsken til Fosse i botn, har ensemblet likevel frigjort seg noko ved å nytte sine eigne ulike dialektar. Det gjev auka autentisitet og truverd. Og musikalitet.

Personinstruksjonen til Gudnason er kanskje ikkje den mest nyanserte, og nokre av aktørane kunne nok ha fått litt meir å spele på. Hovudpersonen, «Guten» (Eldar Skar) er ein ungdom som ikkje har fått for mykje kjærleik i oppveksten. Han har vakse opp hjå bestemora, den einaste personen  han har følt noko for, men som nå nettopp har døydd. Han er kjenslemessig litt avstumpa og redd for å opne seg, men likevel ikkje meir aparte enn at dei fleste vil kjenne seg att i han. Og så kjem den langt meir empatiske, kloke og forståingsfulle «Jenta» (Hilde Marie Farstad), og utfordrar alt det trygge som er innafor skalet hans. Det er nydeleg framstilt, nesten underspela, og Farstad har fått ein nyanserikdom i spelet sitt som eg saknar litt hjå dei fire andre.

«Lilla» er blitt eit lite djupdykk inn i ei vond og vanskeleg brytningstid. Stykket har fanga opp ungdomens univers og språk, og gitt det ein rytme og musikalitet som dei unge bør kjenne seg att i. Målgruppa var diverre temmeleg fråverande på premieren, men produksjonen skal også spelast i den kulturelle skulesekken, og i neste veke skal han visast på Rockheim i Trondheim, ein perfekt arena for eit så musikalsk teater.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 30. august 2013)