Archive for februar, 2010

Når sanninga druknar

mandag, februar 1st, 2010

TEATER

En folkefiende
Av Henrik Ibsen
Regi: Carl Jørgen Kiønig
Scenografi: Milja Salovaara
Musikk: Åsmund Feidje
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Anders Mordal, Trond-Ove Skrødal, Marianne Meløy, Silje Storstein, Øyvind Brandtzæg, Hans Petter Nilsen, John Yngvar Fearnley, Pål Christian Eggen og Harald Brenna.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
FLYTANDE: Eit helsebringande kurbad eller eit søkkeferdig samfunn? FOTO: GT NERGAARD

Står den som kjenner sanninga heva over samfunnets lover?

Trøndelag teater har fått ny sjef, og når Kristian Seltun vel å opne med Ibsen på hovudscena, er det nærast som ei lett forståeleg programerklæring å rekne. Det er ikkje like forståeleg at valet falt på ”En folkefiende”. Stykket er langt frå Ibsens beste, og særleg dramaturgisk er det mye som ikkje kan måle seg med dei atskillig tettare nåtidsdrama hans. Men i Carl Jørgen Kiønigs regi, og ikkje minst med Milja Salovaaras særs symboltunge scenografi syner det seg likevel å bli høgst sjåverdig teater.

Dr. Tomas Stockmann har funne ut at vatnet i det som skal bli byens badeanstalt er forureina. Den komande hjørnesteinsverksemda i den lumre småbyen er tufta på gift, og i si naive tru på at folket vil høyre sanninga, ventar legen å bli folkehelt. I staden møter han bakvasking, forteiing og utstøyting slik røyndomen er for varslarar også i dag. Likevel står han opp mot makt og vankunne, og opplever sjølvsagt at mot ”den kompakte majoritet” er han sjanselaus. Men i staden for at dette blir eit stykke om sanning, ytringsfridom, og om å vere tru mot ideala sine, lar Ibsen Stockmann bli meir og meir gal, og mindre og mindre spiseleg. Han veit han har rett, men når ikkje fram. Kva gjer det med eit menneske? For Stockmanns del endar det med at han utviklar temmeleg elitistiske og antidemokratiske idear om den eine kloke som står heilt åleine. Kva slikt tankegods har ført til, har vi sett nok av døme på i åra etter Ibsen. Seltun er sjølv inne på det i programmet når han skriv at Rote Armee Fraktion heldt fram der andre gav seg. I denne oppsettinga er det snublande nær å sjå at den logiske konsekvensen for Tomas Stockmann er Baader-Meinhof, men Kiønig og Seltun let den ballen ligge.

Carl Jørgen Kiønig har vald ei presentasjonsform som er ganske tidlaus, med ei lett modernisert og ganske avslappa språkføring, men der scenene elles er relativt tru mot Ibsen. Medan dialogen er ”etter boka”, er den fysiske framføringa ofte kontrasterande og full av humor. Det løyser opp det elles teksttunge stykket, og særleg den verbale slåsskampen mellom Stockmann og broren fekk eit forsterka innhald då han blei framført som ein litt stilisert brytekamp! Scenografien til Milja Salovaara legg sterke føringar på heile presentasjonen. Scena er skapt om til eit strengt geometrisk forma basseng der publikum er plassert på tre av sidene. Løysinga er symboltung og ganske rigid, og kunne fort ha blitt ei tvangstrøye. I staden gjer ho kurbadet til noko heilt konkret der Stockmann til slutt står til knes i det vatnet som var årsaka til problemet. Og når vi på folkemøtet opplever at vi som publikum blir medverkande der vi sit som ein ufrivillig del av den kompakte majoritet, er det både sterkt og ganske ubehageleg.

Anders Mordal er ein temmeleg avslappa, folkeleg og likandes Stockmann, og lett å få tillit til. I si naive tru på at folket ønsker sanning, blir fallet hans stort når han møter dåtidas ”klimaskeptikarar”. For ikkje å snakke om møtet med sentrumsekstremisten Aslaksen, måtehaldsfanatikaren og talsmannen for den kompakte majoritet, ein av Ibsens mest motbydelege, – og farlege rollefigurar, her glitrande framført av John Yngvar Fearnley.

”En folkefiende” er eit litt utydeleg drama der det ikkje er heilt enkelt å forstå kor Stockmann eigentleg kjem til å gå. I Kiønigs regi ligg alle tolkingane framleis like uprioriterte og uforløyste. Eg er ikkje viss på at eg er samd med han i det valet.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 1. februar 2010)