Archive for januar, 2007

Så lenge songen kan rå

søndag, januar 21st, 2007
TEATER

Trøndelag teater – Gamle scene
TAUBE
Ein kabaret basert på Evert Taubes musikk og dikting
Av Bentein Baardson og Bodil Kvamme
Regi: Bentein Baardson
Scenografi og kostyme: Ingeborg Kvamme
Lysdesign: Torkel Skjærven
Kapellmeister: Åsmund Flaten
Med:Øyvind Brandtzæg, Hildegunn Eggen, Tone Søyset Døving m.fl. 

Bildet: Fritiof og Carmencita (Tone Søyset Døving og Øyvind Brandtzæg) i ein av mange tangoar. Foto: Vegard Eggen
Åtte personar saknar sin forfattar, og nektar å la Evert Taube døy.

Sjølvsagt er det godt å høyre Taube profesjonelt framført, og å vere freista til å synge med. Men det som gjer Taubekabareten, som hadde urpremiere på Trøndelag teater tysdag, til noko langt meir enn ein konsert, var Bentein Baardson og Bodil Kvamme sitt presentasjonsgrep. Samstundes blei grepet også framsyningas største problem. 

Vi er på ei scene i Sverige vinteren 1976. Evert Taube er nettopp død og gravlagd, teatret er stengd, og inspisient og vaktmeister er på veg ut. Då tar merkelege ting til å skje. Som ein pendant til Pirandello og stykket som for tida går på Nationaltheatret, dukkar det opp åtte personar som nektar å la forfattaren sin døy. Det er Fritiof Andersson, Karl-Alfred, Rönnerdahl, Calle Schewen, Carmencita, Pepita, Rosa og Ellinor, – alle gjort udøydelege av Evert Taube. Nå tar dei over scena og minnest sin skapar samstundes som dei kranglar om kven av dei som er viktigast, og kven Taube sette mest pris på. 

Evert Taube var ein multikunstnar og særs mangefasettert person som er uråd å beskrive med få ord. Alt ved han var dikting, og det er ikkje enkelt korkje for biografar eller oss lekfolk å vite kva som var sanning og dikt i livet hans. For å vise fram dei mange ulike sidene, har Baardson og Kvamme latt dei åtte personane presentere sine syn, og så får vi kvar for oss velge kven vi vil tru på. Det er eit særs godt grep som gjer både dei åtte og Taube sjølv langt meir levande. Gjennom kranglinga, der dei i hovudsak berre er samde om ein ting, nemleg at Calle Schewens vals ikkje bør syngast, fortel dei sine eigne versjonar av historia. Samstundes flettar dei inn dei songane fortellinga handlar om. Med dyktige skodespelarar som også stort sett er brukbare songarar (eller omvendt), er dette eit vellukka grep for å presentere songskatten til Taube. Og ei stund er det også ganske underhaldande. Inntil Baardson og Kvamme fell for eige grep. For etter ei tid blir det litt keisamt å høyre på denne kjeklinga som ikkje bringer oss så mye nytt. Dramaturgisk blir framsyninga gåande på tomgang, og hadde det ikkje vore for alle dei gode songane og lekker innpakking i nydeleg lysdesign og scenografi, hadde det blitt temmeleg monotont. Forfattarane burde ha vore meir kresne med dialogen, og kanskje ha skore han noko ned. I finalen greier dei heldigvis å overraske, og avslutninga blir ei verdig avrunding. Når vi trur vi har høyrt det meste, syner det seg at dei har gøymd alle sviskene til slutt. Det seier alt om omfanget av den enorme songskatten etter Evert Taube. 

Det er lett å kjenne att dei ulike personane til Taube i dei åtte aktørane. Det er ikkje til å kome unna at mannfolka har mest å spele på, og at kvinnene hans er heller stereotype. Dette blir også grundig kommentert av Ellinor (Hildegunn Eggen) som ikkje gir Taube mye ære for kvinnesynet hans. Dei åtte aktørane er songleg noko ujamne, men nettopp Hildegunn Eggen syner at dette ikkje er noka hindring i ei særs rørande framføring av Brevet från Lillan. Avgjerda om kva for Taubefigur som var viktigast skal eg la ligge, men på scena er det Fritiof Andersson som i Øyvind Brandtzægs framføring er sjefen. Han imponerer både som skodespelar og songar, og gir gode indikasjonar på at om nokon, så må det vere Fritiof som er Taubes alter ego.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 19. januar 2007)