Teateråret 2023


Det er slutt på både pandemi og teaterstreik, og teatera driv som tidlegare. Ein del etterrakst er det framleis, for publikum får raskt andre vaner, og tilstrøyminga er ikkje like god som før pandemien. Men norsk scenekunst er for lengst ute av bakleksa, nivået er høgare enn nokon sinne, og det er eit mangfald som vi aldri har sett tidlegare. Klassekampens fire teatermeldarar gjer i dagens utgåve opp status. Så vidt eg veit har avisa meldt rundt 125 produksjonar i år. Sjølv har eg sett nærare 100 framsyningar over heile landet, og eg har meldt førti av dei i avisa og i tillegg ti på bloggen. I dagens oppsummering i avisa fekk vi plukke ut tre framsyningar kvar. Eg enda opp med desse tre:



1
«NATTEN. KAOS. STILLHETEN»
Trøndelag Teater
Av: Lars Norén
Regi: Eirik Stubø

For første gong er Lars Noréns hotelltrilogi blitt sett opp som ei samanhengande framsyning. Tilarbeidd av regissør Eirik Stubø og dramaturg Cecilia Ölveczky, og med framifrå ensemblespel, er det blitt tre akter med lågmælt, langsamt og dvelande teater som bora djupt og intenst i menneskesinnet.




2
«MÅSEN»
Hålogaland Teater
Av: Anton Tsjekhov
Regi Hanne Tømta

Ei vakker, tidlaus, velspela og særs tydeleg og forståeleg tolking av Anton Tsjekhovs situasjonsskildring av eit aristokrati som kjeder livet av seg medan dei ventar på sin eigen undergang. I Hanne Tømtas regi er dette framstilt både brutalt og tragisk, men samstundes også sorgmuntert og humoristisk.



3
«MACBETH»
Rogaland Teater
Av: William Shakespeare
Regi: Tyra Tønnessen

Etter nærare 25 år som regissør fekk Tyra Tønnessen endeleg høve til å tolke William Shakespeare, og gjorde det med ei oppsetjing av «Macbeth» som var kreativ, leiken, underfundig, svart og underhaldande, full av brot og som ein parafrase både over dramaet i seg sjølv og teateret som institusjon.


HEIDRANDE OMTALE:
Når konkurransen er hard, kan det verke urettvist å nemne berre tre, så blant dei viktigaste utfordrarane for meg var (i alfabetisk rekkjefølgje):

«Danse med skjebnen» av Vidar Kvalshaug i regi av Hanne Tømta på Teatret Vårt. Med bakgrunn i det musikalske universet til Dance with a Stranger har Vidar Kvalshaug skrive ein surrealistisk og gåtefull tekst om eit ferjeleie, ei mollstemt historie om lagnad, lengt og overfart, og der Eli Stålhands omsetjing og gjendikting av songtekstane var heilt avgjerande for resultatet.

«Juvikfolket» av Olav Duun i regi av Elisabeth Matheson på Trøndelag Teater. Som avskilsframsyning før ho gjekk av med pensjon gir Hildegunn Eggen oss, heilt åleine på scena, ikkje mindre enn 28 rolletolkingar og eit eineståande innblikk i Olav Duuns frodige skildringar av menneska på godt og vondt.

«Kjære Albert» av Monica Isakstuen i regi av Egill Pálsson på Hålogaland Teater (og Vega Scene). Eit univers vi alle kjenner blir gjennom framifrå ensemblespel og Isakstuens underfundige, humoristiske og litt kontrære skråblikk gjort til ei klok og innsiktsfull forteljing om fordommar og kjønnsstereotypiar.

«Lang dags ferd mot natt» av Eugene O’Neill i Eirik Stubøs regi på Rogaland Teater, eit lågmælt, men ekstremt intenst og usminka portrett av ein dysfunksjonell familie, ei oppsetjing i nær slekt med vinnaren for meg i år, Lars Noréns «hotelltrilogi», også den i regi av Eirik Stubø.

«Møt meg ved morgengry» av Zinnie Harris i Terje Strømdahls regi på Teater Innlandet (og Nationaltheatret). Ei gåtefull historie, framført med innleving og fingerspisskjensle av Ingjerd Egeberg og Ine Jansen, og med ein kompromisslaus regissør som visste akkurat kva han ville, og gjorde det.

(Oppsummeringa av årets tre beste framsyningar stod i Klassekampen fredag den 29. desember 2023.)

Leave a Reply