Kaos er naturens orden

TEATER

AVSTAND OG TETT PÅ: Gjennom utsøkt videodesign får framsyninga både fram den avstanden familiemedlemmane slit med, og vakre, vare tablå når dei faktisk greier å kommunisere. Her i ein ordlaus samtale mellom Martin (Trond-Ove Skrødal) og Elin (Janne Kokkin). FOTO: MARIUS RUA

«Natten. Kaos. Stillheten»
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Lars Norén
Omsett av Arne Lygre
Tilarbeiding: Eirik Stubø og Cecilia Ölveczky
Regi: Eirik Stubø
Scenografi og kostyme: Erlend Birkeland
Videodesign: Boya Bøckman
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Trond Ove Skrødal, Janne Kokkin, Jo Saberniak og Paal Herman Ims,

Ei gåve til alle som er glad i engasjerande og godt teater og i framifrå skodespelarkunst.

Den svenske dramatikaren Lars Norén (1944-2021) var særs produktiv og skreiv ei mengd drama frå slutten av sekstitalet og fram til han døydde. Gjennombrotet fekk han med «Natten er dagens mor» i 1982 og oppfølgjaren «Kaos er nabo til Gud» året etter. I 1988 kom «Stillheten» som ein slags epilog i det som mange kallar «hotelltrilogien». Med ein god del sjølvbiografisk materiale, og med sterk inspirasjon frå Eugene O’Neills «Lang dags ferd mot natt» har han i desse tre stykka skrive om ein temmeleg dysfunksjonell familie der yngstesonen David er forfattarens alter ego. Norén er forbausande lite spela i Norge, men dei to første i denne hotelltrilogien, og særleg «Kaos er nabo til Gud» er tidlegare sett opp på fleire scener.

Nå har Eirik Stubø saman med dramaturgen Cecilia Ölveczky tilarbeidd alle tre dramaa og laga ei heilaftans framsyning i tre akter. Laurdag var det norgespremiere på Trøndelag Teaters hovudscene på «Natten. Kaos. Stillheten». Og la det berre vere sagt med ein gong. Tre akter og langsamt og dvelande teater som verkeleg bora i menneskesinnet gjennom fire og ein halv time, var så intenst at det ikkje på noko vis kjentest som den maratonframsyninga det var.

Scena er eit stort ope rom, berre delvis møblert slik at scenografien til Erlend Birkeland gir rom for at vi er i ein hotellobby, på kjøkenet og i private gemakk. Den sparsame møbleringa gjer at avstanden til aktørane, og nokre gongar mellom dei, blir stor og nesten uoverkommeleg. Samstundes gjer lyssettinga til Eivind Myren og fin videodesign av Boya Bøckman at vi kjem nesten ubehageleg tett på i nokre av dei mest djuptborande tablåa. I tillegg gir videobruken gode illustrerande bakteppe for settinga. Eit like viktig bakteppe er lydbildet som er stemningsskapande bruk av jazzmusikk frå 50- og 60-talet.

JAZZ: Musikken er ein brubyggjar mellom brørne Georg (Jo Saberniak) og David (Paal Herman Ims). Men berre så lenge det varar. FOTO: MARIUS RUA

Vi er på ein liten plass ingenstad i Skåne der Martin (Trond-Ove Skrødal) og kona Elin (Janne Kokkin) driv eit lite hotell som heile tida ligg på konkursens rand. Her bur også dei to sønene Georg (Jo Saberniak) og den litt yngre David (Paal Herman Ims). På bakteppet står datoen 9. mai 1956, det er sekstenårsdagen til David, og familien er i ferd med å vakne til liv. Kvardagspraten er giftig, og vi ser raskt at her ligg det ei rekkje konfliktar og udetonerte bombar. Etter kvart forstår vi at Martin er ein alkoholikar og livsløgnar og at Elin ber på ein eller annan sjukdom. Og sjølv om brørne kan møtast i ein felles lidenskap for jazzen, er det eit underliggjande hat mellom dei som stadig kjem til overflata. Ein dysfunksjonell familie som i botn er både glad i og avhengig av kvarandre, men som berre heilt unntaksvis når fram i kommunikasjonen.

Andre akt er sett til september 1961, og det er i dobbelt tyding haust i familien. Elin er kreftsjuk og kjem heim etter nokre månader på sjukehus. Alle forstår at ho ikkje har lenge att. Samstundes har Georg henta David heim frå ein psykiatrisk institusjon der han har vore eit halvår etter å ha freista å ta livet av seg. I denne akta dreg det seg skikkeleg til med ei rekkje opprivande og dels valdelege tablå, nydeleg balansert av dvelande scener der dei fire tidvis faktisk greier å nå fram til kvarandre.

Siste akt er ikkje sett til nokon dato, og det er forståeleg, for her er kronologien broten opp. Vi er på eine sida midt mellom dei to første aktene der vi forstår at Elin er alvorleg sjuk, men ikkje terminal. Samstundes kjem David heim frå Stockholm etter å ha fått gitt ut sin første roman. Slik blir «Stillheten» mest som ein epilog og oppsummering der vi får endå djupare innsikt i dei fire lagnadane.

VANLEG?: Dysfunksjonelle, javel. Men også heilt vanlege som deg og meg. FOTO: MARIUS RUA

Eg har sett nokre av tidlegare oppsetjingar av «Natten er dagens mor» og «Kaos er nabo til Gud». Dei har alle vore sterke og skilsetjande, men har synt det dysfunksjonelle, konfliktane, dei fysiske oppgjerda og det sjokkerande med så brei pensel at eg i ettertid ser at noko gjekk tapt. Eirik Stubøs regi har ei heilt anna tilnærming, og er langt meir subtil. Alt er neddempa, og berre sjeldan blir det fysiske eksessar. Då blir det også så mykje sterkare. For her er det gifta, det bitre, men også den underliggjande kjærleiken i underteksten som får gjere jobben. Stubø tar seg god tid, gir oss dvelande scener med lange pausar slik at alt får tid til å søkke inn. Og slik får han vist oss at vel er dette ein dysfunksjonell familie, men dei er også heilt vanlege, som deg og meg og til å kjenne att og identifisere seg med. Då blir ikkje dette lenger eit titteskap inn i ei vond og annleis verd, men noko som i langt større grad vedkjem oss alle.

Dette hadde ikkje Stubø greidd utan det heit formidable ensemblet på scena. Det er utmattande og ekstremt tekstrike roller der skodespelarane må nytte heile registeret og vel så det. Trond-Ove Skrødal og Janne Kokkin er blant teaterets mest røynde, har spela tilsvarande roller saman tidlegare og kjenner kvarandre godt. Slik får dei med få fakter tydeleg og varsamt fram alt det usagte og dualiteten i ekteskapet. Storebroren Georg er den som vil ut, som byr på ein slags normalitet, men som likevel ikkje greier å slite av navlestrengen, og Jo Saberniak balanserer desse ulike sidene på overtydande vis. Og så er det David, den sarte og sårbare kunstnarsjela som blir portrettert og nådelaust utlevert av Paal Herman Ims, neddempa, nesten underspela, men nettopp difor så overtydande i ei rolletolking som er eit imponerande og mangesidig djupdykk i menneskesinnet.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. november 2023.)

2 Responses to “Kaos er naturens orden”

  1. […] 1«NATTEN. KAOS. STILLHETEN»Trøndelag TeaterAv: Lars Norén Regi: Eirik Stubø For første gong er Lars Noréns hotelltrilogi blitt sett opp som ei samanhengande framsyning. Tilarbeidd av regissør Eirik Stubø og dramaturg Cecilia Ölveczky, og med framifrå ensemblespel, er det blitt tre akter med lågmælt, langsamt og dvelande teater som bora djupt og intenst i menneskesinnet. […]

  2. […] 1«NATTEN. KAOS. STILLHETEN»Trøndelag TeaterAv: Lars Norén Regi: Eirik Stubø For første gong er Lars Noréns hotelltrilogi blitt sett opp som ei samanhengande framsyning. Tilarbeidd av regissør Eirik Stubø og dramaturg Cecilia Ölveczky, og med framifrå ensemblespel, er det blitt tre akter med lågmælt, langsamt og dvelande teater som bora djupt og intenst i menneskesinnet. […]

Leave a Reply