Déjà vu

INSTALLASJON

DÉJÀ VU: Det er sjeldan at tittelen på ei framsyning er meir treffande enn denne – «Som om eg har vore her før».
FOTO: GYRID NORDAL KALDESTAD

«Som om eg har vore her før»
Rosendal Teater
Av (konsept, komposisjon, tekst): Gyrid Nordal Kaldestad
Teknisk assistanse: Eirik Blekesaune
Lys, projeksjonar og visuelle element: Evelina Dembacke
Med: Gyrid Nordal Kaldestad (stemme og elektronikk), Are Lothe Kolbeinsen (gitar, preparert gitar og elektronikk), Anne Hytta (hardingfele), Klaus Ellerhusen Holm (klarinett og saxofon), Siri Jøntvedt (dans og stemme), Ben Reimer, Noam Bierstone, Jennifer Torrence og Alexander Haupt (Architek Percussion),

Ei framsyning som på overraskande og magisk vis tok meg på ei reise i lyd og landskap.

Nokre gongar oppstår nærast magiske situasjonar der du minst venta det. Ei slik oppleving hadde eg på Rosendal Teater laurdag. Før eg fortel om det, må eg klårgjere nokre premiss. Eg har skrive teatermeldingar i halvannan mannsalder, og sjølv om eg ikkje har nokon formell kompetanse på området, har eg gjennom åra utvikla både kunnskap og språk som gjer at eg likevel kjenner meg ganske trygg på eiga vurderingsevne. Men scenekunsten er meir enn teater, og både musikk- og dansemiljøet freistar stadig å få meg til å melde også det dei held på med. Men der er eg ganske tilbakehalden. Når song, musikk og/eller dans er ein integrert del av ei teateroppsetjing, kan eg sjølvsagt skrive om det, men reine danseframsyningar eller konsertar vågar eg meg i liten grad på. Eg manglar både kunnskap, og ikkje minst språk. Så då Rosendal Teater laurdag viste urframføring av Gyrid Nordal Kaldestads «Som om eg har vore her før», ei oppsetjing som var ei blanding av visuell installasjon, dans, lydvandring, komposisjon og song, var eg fast bestemt på at dette skulle eg ikkje melde. Men ein urpremiere på Rosendal er likevel noko eg gjerne vil få med meg, ikkje minst for å halde meg oppdatert om kva som skjer i scenekunstfeltet.

Så, med ganske blanke ark, og utan å ha lese meg opp og budd meg, slik eg plar gjere, møtte eg opp på Rosendal, berre for å oppleve og nyte. Og det var akkurat det eg gjorde. Det vil seie at opplevinga blei så sterk at eg berre måtte fortelje om henne.

Gyrid Nordal Kaldestad er musikar, komponist og stipendiat ved NTNU. Framsyninga «Som om eg har vore her før» er del av avslutninga av doktorgradsarbeidet hennar ved universitetet. Saman med åtte musikarar, ein dansekunstnar og ein lyskunstnar framfører ho det som i programmet blir omtala som ei blanding av konsert, installasjon og lydvandring, eit arbeid som tek utgangspunkt i tre stikkord; tilstand, stillstand og avstand.

Publikum blir tekne inn i ein black box der vi blir plasserte på krakkar midt i rommet utan heilt å forstå kva som er scene og ikkje, for sjølv om det er ein videoinstallasjon i eine enden av rommet, er vi omkransa av aktørane på alle kantar. Og etter at vi har benka oss og falle til ro dannar det seg forsiktig og gradvis eit lydbilde skapt på ganske ulike vis. Eg ser at dei fleste i salen lukkar augo og let kjensler og draumar ta over. Men sjølv sit eg så nær gitaristen Are Lothe Kolbeinsen, og blir så oppslukt av korleis han manar fram lyd, at eg berre må følgje med. På ein halvakustisk Gibson skapar han lyd og musikk på alle andre vis enn det som er vanleg med ein gitar. Først med ein feleboge gnikkande mot gitarsargen. Dernest med eit stålfilter mot strengane, for så å leike seg med kuler mot dei same strengane. Dei andre aktørane gjer likeins med ulike instrument og remediar i ein lang intro som skapar eit magisk lydbilde og som får tankane og assosiasjonane til å fly, før Gyrid Nordal Kaldestad tar til med å resitere små lyriske tekstar og Siri Jøntvedt gir oss ein dans som er minst like assosiasjonsrik. Etter kvart blir lydbildet heftigare, og heile det store rommet, også galleriet, blir teke i bruk, før vi får eit brot og blir geleida inn i nabosalen der plasseringa er motsett. Her sit publikum langs dei fire veggane medan aktørane sit i midten, og nå blir både musikken og songen, som er ei slags nynning frå Gyrid Nordal Kaldestad og Siri Jøntvedt, langt meir melodiøs, og ikkje berre eit lydbilde.

Gjennom ein time blir vi tekne på ei vandring som blei langt meir enn ei musikalsk reise. Og det er her magien oppstod for meg. Medan eg i starten sat fjetra og såg korleis Are Lothe Kolbeinsen lagde uvante lydar frå ein gitar, og både treblåsar (Klaus Ellerhusen Holm) og hardingfele (Anne Hytta) gjorde det same, blei dei heilt personlege assosiasjonane mine vekte til liv. Og med eitt var eg på hytta mi i Storlidalen ein vindfull novemberdag når frosten har sett seg og isen på Ångardsvatnet er i ferd med å fryse til. Under ein stjernehimmel er det ofte stilla ein søkjer på slike plassar, men så full av ulike lydar som naturen er, kan han også by opp til konsert. Og slik blei mi oppleving. Eg høyrde vinden som ula rundt novene, knitringa frå vedfyringa, knakinga i tømmerveggane, for tre er eit levande materiale som lear på seg ved temperaturskifte. Og eg høyrde lydane frå vatnet som fraus til, spenninga i isen og all den musikken som då oppstår. Det er ei blanding av klaging, sukking og stønning som er som å høyre ein elskovssjuk kval, om du forstår kva eg meiner.

Denne produksjonen blei for meg både sterk, og ikkje minst personleg. Og det er vel slikt kunst eigentleg handlar om.. Framsyninga tok meg forsiktig i handa og førte meg gjennom lyd og musikk til kjende og kjære stadar. Eg fekk ei verkeleg déjà vu-oppleving, eller som tittelen på framsyninga heilt presist oppsummerer; – «Som om eg har vore her før». Og då eg etterpå las gjennom programmet, oppdaga eg at framsyningsbildet som illustrerer det heile, eit vakkert naturbilde frå eit stille vinterlandskap, slett ikkje var frå Sunnhordland eller Vestlandet, men tvert om frå Gjevilvatnet med dei tre Gjevilvasskamban som fondmotiv. For dei som ikkje er lokalkjende i Trollheimen, så er Storlidalen, dit denne framsyninga førte meg, nabodalen til Gjevilvassdalen. Stort meir treffsikker går det ikkje an å lage ei slik minnerik reise i møte mellom lyd, musikk og landskap.

One Response to “Déjà vu”

  1. Annabelle Despard sier:

    En herlig varm anmeldelse, jeg følte nesten at jeg var i rommet.

Leave a Reply