Skam, skuld, – og ansvar?

TEATER

TVILEN: Å bli eller ikkje bli, – det er spørsmålet. FOTO: MONICA TORMASSY/DET NORSKE TEATRET

«Nære relasjonar»
Det Norske Teatret, Scene 3
Av: Maria Tryti Vennerød
Regi: Marie Blokhus
Med: Christian Ruud Kallum, Josefine Frida Pettersen (på video), Oddgeir Thune og Tiril Heide-Steen

Ei framsyning som syner at det er mogeleg å lage sterkt og gripande teater også utan mykje ytre staffasje.

Menn kan ikkje bli valdtekne, heitte det ein gong. Og det har lenge vore ei ålmenn sanning at mishandling, det er noko menn driv med. Men så syner det seg at bildet ikkje er så eintydig, og at det faktisk også er kvinner som slår. Menn er tradisjonelt fysisk sterkare, og både av den grunne, og av mange sosiokulturelle årsaker er fenomenet særs skambelagt for dei mennene som opplever dette. Allereie for ti år sia tok dramatikaren Maria Tryti Vennerød opp tematikken, men la han vekk for så å ta tak i han att nokre år seinare. Parallelt har ho skrive både eit drama og ein roman om temaet. Vennerød har meir enn tjue års fartstid som dramatikar, og er ein av dei mest velrenommerte og produktive i landet, men som skjønnlitterær forfattar var det først med romanen «Nære relasjonar» at ho debuterte. Den kom ut på førjulsvinteren i fjor. Nå har Det Norske Teatret tatt tak i dramaet med same namn, og i regi av Marie Blokhus var det premiere på Scene 3 i førre veke. Romanen og teaterframsyninga er innhaldsmessig og tematisk like, men må sjåast som to sjølvstendige verk som med fordel kan opplevast uavhengig av kvarandre.

Oppsetjinga er ein verkeleg lågkostproduksjon, der scenografi og andre fysiske remediar er strippa ned til nesten inkje, men la deg ikkje lure av det, for godt teater er først og fremst avhengig av tekst, regi og spel, og ikkje masse teknologi og påkosta staffasje. Inst på Scene 3 er det rigga eit avlukke, som vi kunne ha kalla ein «white box». Fire veggar av kvite papirstrimlar og sitteplass til eit par-tre dusin publikummarar. Framom stolradene er det så vidt plass til ei scene, og spelet skjer både her, mellom benkeradene og bak og gjennom papirveggane. Vi kjem særs tett på, og ikkje utan grunn, for dette handlar, slik namnet seier, om nære relasjonar.

Are (Christian Ruud Kallum) er håplaust forelska. Han har funne kvinna i livet sitt, og kjærleiken går openbert båe vegar. Kjærasten Kine (Josefine Frida Pettersen) er berre med på filmsnuttar projisert på dei kvite veggane, og i hoppande og flimrande bilete frå mobiltelefonopptak, på line med slike opptak alle nyforelska kunne finne på å lage. Samstundes er dette eit særs vellukka og godt regigrep for då får vi ein viss distanse til Kine der ho på same tid kan vere både tydeleg og litt gåtefull. Og dei konfrontasjonane som etter kvart kjem blir heller ikkje spela ut, men fortald av Are.

Are er som sagt botnlaust forelska, og vi er med på etableringa av forholdet og at dei to etter kort tid flyttar saman. Alt formidla av ein, i starten, entusiastisk Are som eit slags forteljarteater i samspel med projeksjonane. Gradvis kjem det ei vending. For Kine slår. Etter det første slaget og hennar orsaking og forsikring om at ho ikkje er slik, fortel Are at han aldri har følt seg nærare henne. Litt om litt blir det meir, – kraftigare og oftare. Men som i dei fleste slike forhold bagatelliserer Are det heile, ser delvis seg sjølv som årsaka, og endå når bestekameraten Gard (Oddgeir Thune) finn han med blåmerke og på sjukehus, er Are klar med orsaking og bortforklaringar. Kollegaen Benedikte (Tiril Heide-Steen) ser også at noko er gale med Are, men når heller ikkje fram. Forblinda og med skylappar nektar Are å vedgå at dette er heilt øydeleggjande for han. Og som i så mange slike situasjonar leitar Are og Kine etter ein vises stein for å løyse det heile. Det blir å få sonen Leo. Med han skal alt bli bra. Det blir det sjølvsagt ikkje.

Marie Blokhus har laga ei tett og intens framsyning, nesten utan daudpunkt. Ho nyttar heile scenerommet, og let Christian Ruud Kallum også vende seg til og spele på publikum. Det er stramt, og det er tekstrikt, og Kallum får nytta heile registeret sitt frå entusiasme til fortviling og meir til. Han spelar med høgt tempo, stor intensitet og er særs truverdig. For folk som ikkje har erfart slike valdelege forhold, er det sjølvsagt uforståeleg at offera ikkje berre blir, men held fram med sjølvbebreiding og forsvar av overgriparen. Men Kallum greier på overtydande vis å gi oss eit innblikk i mekanismane som gjer at han blir i forholdet.

Ved å snu problemstillinga frå den vanlege mannlege valden til at det er kvinna som slår, har Vennerød og Blokhus greidd å ålmenngjere slike overgrep og syner oss, ikkje først og fremst at kvinner også kan vere valdelege, men kva for hierarki og mekanismar som oppstår i slike forhold uakta kven det er som slår.

Maria Tryti Vennerøds tekstgrunnlag byggjer openbert på god research. Teksten er både truverdig og munnleg, og fell særs naturleg. Og forteljinga og handlinga blir bygd opp dramaturgisk på meisterleg vis. Blokhus følgjer opp dette i regien, og med enkel og kreativ bruk av papirforhenga, skapar ho overraskande vendingar, og sterke brot. Og der romanen sluttar med, om ikkje ei løysing, så i alle fall ei retning, er teateroppsetjinga gitt ei heilt ope ending. Det er eit godt val, for denne oppsetjinga vil for mange i publikum neppe bli avslutta ved teppefall, men halde fram med refleksjonar og diskusjonar i ettertid, slik ei god framsyning skal. Då er det godt at vi ikkje får ei ferdigtygga løysing.

Leave a Reply