Særs truverdige menn

TEATER

SUPERMENN?: I starten då stemninga var god og dei tre (Per Magnus Barlaug, Benjamin Lønne Røsler og Joakim Thrane) ennå følgde Katja Lindebergs regi. FOTO: TORSTEIN UTHAUG/RAGNAROK FILM

«Når det jeg egentlig vil er at du skal holde rundt meg »
Rosendal Teater,
Av: Katja Lindeberg Produksjoner
Regi og konsept: Katja B. Lindeberg
Komponist: Arnfinn Killingtveit
Scenografi: Jørgen Sellevold
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Lys og video: Erik Brenne Torsethaugen
Co-produsert av Rosendal Teater og Black Box teater
Med: Joakim Thrane, Benjamin Lønne Røsler, Per Magnus Barlaug og Katja Brita Lindeberg

Eit innsiktsfullt skråblikk på mannsrolla, men som ikkje greier heilt å avgrense seg.

For fem år sia laga Katja Lindeberg og Madeleine Brandtzæg Nilsen framsyninga «Bare en våt munn». På grunnlag av eit tjuetals intervju med kvinner i ulike aldrar utforska dei kvinnerolla, utfordra tabuførestillingar og ga faen i teaterkonvensjonane. Framsyninga var eit friskt pust, og fekk mykje ros. Etter ei tid som skodespelar ved Nordland Teater, har Katja Lindeberg nå vendt attende til det vesle produksjonsselskapet sitt. Og torsdag var det urpremiere på «Når det jeg egentlig vil er at du skal holde rundt meg» på Rosendal Teater i Trondheim. Denne gongen er det mannsrolla som kjem under lupa. På same vis som i «Bare en våt munn» har ho intervjua ei rekkje menn, redigert det heile og laga ein heilaftans framsyning som tydeleg trefte ei nerve hjå eit entusiastisk premierepublikum.

Scena er open, og møblert i tråd med alle dei stereotypiar og fordommar ein måtte ha om mannsrolla. Her er jakt-trofé i fleng, ein bardisk, eit fotballspel, ein bokseball, men ikkje ein einaste duk eller potteplante. Medan vi kjem inn i salen er dei tre mennene i framsyninga kledde opp i trikotar og supermannskostyme, og driv med guteting, lett attkjenneleg, men også litt overdrive. Så startar det heile, nærast som ei blanding av eit forskingsprosjekt og metateater der Katja Lindeberg på video frå eit kontrollrom bak scena pedagogisk fortel om prosjektet, om all researchen, og at 80 prosent av det som blir sagt i framsyninga, er autentiske sitat frå dei ulike intervjua.

Og her er haugevis å kjenne seg att i utan at eg skal gå i detalj med refereringa. Særleg interessant er det å sjå korleis forventingane mennene har til seg sjølve som menn ligg som ei øydeleggjande presenning over dei, og kor snevert det stundom gjer handlingsrommet deira. Dei tre mennene, Joakim Thrane, Benjamin Lønne Røsler og Per Magnus Barlaug spelar seg sjølve, og som Katja Lindeberg, nyttar dei sine eigne namn. Framsyninga hentar ei mengd ulike mannsroller og -haldningar frå det rike kjeldematerialet, og lenge er dei nærast som Lindebergs marionettar som tek regi og spelar ut det dei blir bedne om. Inntil framsyninga tek ei drastisk vending der dei tre vil vere seg sjølve, nektar å nytte apekostyme for å framstille den «dyriske mannen», og tek til å opponere mot regien utan at eg skal røpe meir om det.

Framsyninga er i utgangspunktet ei herleg blanding av dokuteater og metateater. Alle dei ulike utsegnene som blir presenterte, dei mange tablåa med eit vell av forskjellige menn, kjensler, mangel på kjensler, fiksering på styrke, kjønnsorgan, sjekking, makt, guteting og alt frå alfahannen til incels, er tatt på kornet, og det er uråd å ikkje kjenne seg att. Samstundes som det blir presentert i ei fin blanding av humor og alvor. Men problemet er at det blir for mykje, litt for uredigert, og nærast som ei vareoppteljing i staden for å gå i djupna og konsentrere seg om færre sider. Framsyninga blir noko retningslaus, og meir underhaldande enn til å bli klokare av.

Når produksjonen likevel kjem brukbart i hamn, skuldast det i stor grad castinga og rolletolkingane. Katja Lindeberg har funne tre skodespelarar som kan fronte dei ulike rollene til fingerspissane. Eg har sett Benjamin Lønne Røsler og Joakim Thrane i nokre tidlegare gode oppsetjingar, men saman med Per Magnus Barlaug leverer dei her skodespelarkunst på høgt nivå, og dei framstiller tre typar som er så truverdige, og der samtalen går så naturleg, at ein kunne tru det var verkeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 25. november 2023.)

Leave a Reply