Demenskoret i ny versjon

TEATER

RETROSPEKT: I forgrunnen den unge Ole og Valborg, og i bakgrunnen dei gamle. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Gamle Skruer»
Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
Skrive og komponert av: Konstanse Fjellvang
Regi: Konstanse Fjellvang
Scenografi: Lise Haug Nilsen
Med: Martine Ulseth, Marie Hammergren, Eilov Andresen Gravdal, Isabel Eriksson, Johannes Rosenberg, Hedvig Malling Heitmann, Sigrid Johansen Herseth, Astrid Bjerkmo og Konstanse Fjellvang

Eit eigenprodusert drama som brukar litt for lang tid på å etablere seg, men som tek det tifald att når det først kjem i gang.

Det er sårt for ein tiåring som har vakse opp med ei bestemor ho er så glad i, og så gradvis oppleve at bestemora forsvinn inn i tåkeheimen. NRK har gjennom to sesongar med «Demenskoret» synt at alt ikkje er berre trist og håplaust for demente, og nå har Studentersamfundets Interne Teater (SIT) også tatt tak i tematikken med sin eigen vri. Det er blitt ei framsyning som brukar vel mykje tid på å etablere historia og kome til poenget, men som tek seg opp etter kvart og blir berre betre og betre.

MULTITALENTET: Dramatikar, komponist, regissør og musikar Konstanse Fjellvang. FOTO: FG

Konstanse Fjellvang, som eg sist såg i den uvanleg gode barneteaterframsyninga på UKA i haust, har nå tatt på seg ei oppgåve som kunne ha hamna i totalt havari, men som ho kjem absolutt brukbart frå, og vel så det. Ho har sjølv skrive manus, ho har komponert musikken og har også ansvaret for regien. Som om ikkje det var nok, deltek ho også i ei mindre rolle i framsyninga, og ho akkompagnerer det heile på trekkspel. Eg må vedgå at når SIT skriv sjølv, blir eg alltid litt nervøs og skeptisk, og i starten av framsyninga «Gamle skruer» (med undertittelen «et stykke om musikk og demens») frykta eg det verste. Men etter kvart blei eg altså meir enn positivt overraska.

Historia er at gardbrukar- og fiskarkona Valborg (Isabel Eriksson), litt oppi åttiåra, tek til å gløyme, og mannen Ole (Johannes Rosenberg) og dottera Synnøve (Sigrid Johansen Herseth) finn inga anna råd enn å få lagt Valborg inn på den lokale sjukeheimen. Der rår ein noko konservativ pleiar (Hedvig Malling Heitmann), som har hjelp av den unge og langt meir kreative praktikanten Vilde (Martine Ulseth). Konstanse Fjellvang nyttar eit retrospektivt regigrep der vi hoppar fram og attende i tid, og Marie Hammergren og Eilov Andresen Gravdal spelar den yngre utgåva av Valborg og Ole, på tidleg sekstital då dei var i ferd med å etablere seg. I tillegg blir vi presenterte for både ein styrar på sjukeheimen og mange andre bebuarar. Og på den vesle, og ganske vanskelege scena som Knaus er, hoppar dei forskjellige aktørane forsøksvist saumlaust mellom dei mange rollene.

Dette gjer at framsyninga blir litt kaotisk i starten, og sjølv om vi raskt forstår kva hovudhistoria er, så tek det for lang tid før vi finn fram til kjernen i forteljinga. Lenge trudde eg difor at det var den unge Valborg dette handla om, særleg fordi Marie Hammergren, som eg ikkje har sett i noka framsyning tidlegare, spela så overtydande og profesjonelt, og hadde ein mimikk og eit scenisk nærvær som gjorde at det var uråd å ikkje feste seg ved henne.

Vilde bistår Valborg med å stikke av. FOTO:FG

Men så synte det seg etter kvart at det var praktikanten Vilde og hennar prosjekt dette handla om. Ho var ung, full av pågangsmot, hadde lese seg opp på nye idear og ville at sjukeheimen og opphaldet der skulle bli langt meir enn berre ei trygg parkering medan ein venta på avslutninga av det heile. Og det er når Vilde får etablert seg som navet i framsyninga at det verkeleg tek av og blir bra. For ho har oppdaga kva song og musikk kan gjere for demente, kanskje dans også, medan ho møter eit stivna og konservativt regime der alt er rutine, økonomien ikkje gir rom for noko spesielt og alle er berre overarbeidde utan tid til særleg omsorg. Ho blir møtt med overberande «forståing», men i røynda med trugslar om oppseiing. Korleis det går, skal eg halde meg frå å fortelje.

MANGE SPØRSMÅL: Ei fin skildring av mor og dotter. FOTO: FG

Framsyninga har mot slutten også nokre vakre, såre og innsiktsfulle scener, som når det ti år gamle barnebarnet (Astrid Bjerkmo) lurar på om demens er smittsamt, men får vite at det er det ikkje, men at det kan vere arveleg. Då blir ho sjølvsagt var alle gongar mora gløymer noko eller er litt distré. Her er det god observasjonsevne frå dramatikarens side.

Spelet med alle skifta er krevjande, men det går i hovudsak bra. Alle aktørane er trygge og komfortable i rollene sine, diksjonen er god, og her er heller ikkje plagsamt mykje overspel. Fjellvang har latt musikk, og då kjende og kjære songar frå vår eigen musikalske kanon, bli ein uvanleg integrert del av framsyninga, og det er særs vellukka, særleg fordi dei songlege prestasjonane til aktørane held så høgt nivå.

«Gamle skruer» er ei framsyning som blir litt omstendeleg i starten, og ein del dramaturgisk hjelp hadde nok vore på sin plass. Men når brikkene fell på plass, og Vilde får syne at det er mogeleg å gjere langt meir enn berre å gi demente ei trygg oppbevaring. Når vi får sjå at musikk og dans ikkje berre er terapi, men opnar dører du trudde var lukka for alltid. Ja då blei denne framsyninga både rørande og til ettertanke.

Leave a Reply