Absurd og motsetnadsfylt

TEATER

ULIKE SPRÅK: Dialogen mellom Chris (Øyvind Brandtzæg) og Kate (Ragne Grande) skjer med både store geberdar og lågmælt tale, ofte heilt motsetnadsfylt. FOTO: VEGARD EGGEN

«Byen»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Martin Crimp
Omsett av: Torfinn Nag
Regi: Sigurd Ziegler
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Ragne Grande, Øyvind Brandtzæg, Mira Dyrnes Askelund og Kristine Sølvberg Hagen

Eit humoristisk, velspela og absurd kammerdrama om framandgjering og manglande kommunikasjon.

Den britiske dramatikaren Martin Crimp (f. 1956) har ein omfattande produksjon både som romanforfattar, omsetjar, operalibrettist, og først og fremst som dramatikar. Eit drygt tjuetals drama er det blitt sia debuten rundt 1980, og han blir rekna blant dei fremste i heimlandet. Også i andre land, særleg i Tyskland, blir stykka hans ofte spela. Av uforståelege grunnar er han berre sett opp ein gong i Norge. Det var då «Byen» («The City») frå 2008 blei vist på Rogaland Teater i 2014. Nå har Trøndelag Teater sett opp det same stykket, og i ein særs velspela og godt regissert framsyning, blei det eit møte med ein dramatikar eg gjerne vil sjå meir av.

I heimlandet blir Crimp ofte rekna blant dei konfronterande 90-talsdramatikarane som Sarah Kane og Mark Ravenhill, båe atskilleg meir kjende og spela her i landet. Men om du skal ha ei stilretning å plassere han i, vil eg nok heller seie at «Byen» kan minne om det absurde teateret, og spesielt humoristane blant dei, slik som Eugene Ionesco og hans «Den skalla songarinna». For i «Byen» syner Crimp oss menneske som trass i heilt kvardagsleg prat, snakkar fullstendig forbi kvarandre. Dei er framandgjorde både med tanke på språk, relasjonar og i samfunnet, og dei slit med det meiningslause og trivielle i tilværet.

Sigurd Ziegler brakdebuterte som regissør med ei framifrå oppsetjing av Jon Fosses «Nokon kjem til å kome» på Trøndelag Teater for to år sia. Då greidde han å kombinere det absurde med stor komikk, og med god og detaljrik personinstruksjon. Slik er det også med regigrepet hans for «Byen». I Katrine Bombes reine, enkle, men likevel så effektfulle scenografi er vi i og ved heimen til ekteparet Kate (Ragne Grande) og Chris (Øyvind Brandtzæg). Ho er ein vellukka omsetjar og han ein funksjonær som er redd for å miste jobben. Paret har to ungar, ei dotter i skulealder (Kristine Sølvberg Hagen), og ein litt yngre son som vi berre høyrer om. Ekteskapet har for lengst blitt ein grå vane, og praten mellom Chris og Kate er meir som to monologar enn ein konstruktiv dialog. Med eit dvelande og omstendeleg spel, og med detalj- og nyanserik mimikk blir det mykje komikk i desse samtalane som på overflata og tilsynelatande dreier seg om trivialitetar og det inkjeseiande i kvardagslivet, men som likevel ber i seg udetonert sprengstoff. Så kjem det uventa besøk frå naboen deira, sjukepleiaren Jenny (Mira Dyrnes Askelund). Mannen hennar er sendt ut i ein grotesk krig, og ho slit med å få sove. Ho klagar over ungane som leikar i hagen, og helst vil ho at Chris og Kate skal låse dei inn. (!) Før dei oppdagar at det er nettopp det ungane er. Innelåste.

Slik held dette tette kammerdramaet fram med vendingar, overraskingar, kvardagstale med både dobbel og trippel undertekst, og ikkje så reint lite absurd humor. Vi følgjer den vesle familien, naboen og livet deira gjennom eit år, berre avbrote av små musikalske innslag. Det heile tek til med Kate som sit heime, og Chris som kjem heim frå arbeid i ein overraskande entré som syner den leikne kreativiteten til både scenograf Bombe og regissør Ziegler. Og utan at eg skal røpe for mykje, set dei med dette standarden for oppsetjinga. Det er tre framifrå skodespelarar som kler rollene som Kate, Chris og Jenny, og her er lagt inn mykje utsøkt og detaljrik mimikk, understrekande repetisjonar og raffinert situasjonskomikk som dei tre handterer på imponerande vis, og ofte slik at det verbale og spelet blir to motstridande språk. Det er absurd, det er humoristisk, og vi blir berre meir og meir interesserte i kven desse menneska er, og kva det er dramatikaren eigentleg vil seie oss. I mellomtida blir vi underhaldne så det held.

Ein by er ein organisme med sin eigen anatomi. Slik sett oppfattar eg «Byen» metaforisk, og at han er eit bilde på mennesket, moderniteten, framandgjeringa og forfallet både samfunnsmessig og etisk. Framsyninga reiser stadig nye spørsmål, og i teksten ligg det små hint om at mykje heng meir saman enn ein skulle tru. Sjølv om ingen kjenner kvarandre, knappast ekteparet Kate og Chris, meiner alle å ha sett kvarandre før, og slik snevrast byen, og kosmos inn til det heilt private.

Mot slutten missar framsyninga diverre mykje av framdrifta. Det verkar som dramatikaren går tom f9ykke der du ikkje skal forstå, men snarare setje spørjeteikn, og utan å seie korleis det endar, blir finale9n for meg noko uforløyst der trådane ikkje blir samla på truverdig vis.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. mars 2024.)

Leave a Reply