Dvelande og stillferdig

TEATER

FAR OG BARN: Jason (Torbjørn Eriksen) og barna (Boye Mørck Heiberg og Lilja Mariell Høyer Berge) medan Medea (Sara Fellman) planlegg sitt i kulissane. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Medea»
Teatret Vårt, Molde.
Av: Evripides
Regi og romkonsept: Tatu Hämäläinen
Romkonsept, lys- og kostymedesign: Phillip Isaksen
Komponist og musikar: Tatu Rönkkö
Med: Sara Fellman, Torbjørn Eriksen, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Boye Mørck Heiberg og Lilja Mariell Høyer Berge

Gjennom eit lågmælt, nesten kviskrande spel, kjem vi tettare på psykologien bak Medeas val.

Heilt frå Evripides skreiv tragedien «Medea» for snart 2500 år sia, basert på myten om ho som i sjalusi drap båe ungane sine, har publikum late seg forundre av denne historia. Ho bryt med alt vi er opplært til å tru på, instinkta knytte til morsrolla er truleg av dei sterkaste vi har, og for dei fleste er handlinga heilt uforståeleg. I nyare tid er det langt mellom kvar gong originalen til Evripides blir sett opp. Men mange har skrive drama over den same tematikken, som Suzanne Osten og Per Lysanders «Medeas Barn», Sara Stridsbergs «Medealand», Athena Farrokhzads «Moral ifølgje Medea» for å nemne nokre, så temaet er framleis meir enn levande på norske scener. Nå har Teatret Vårt henta fram att Evripides tekst, og det er blitt ei særs neddempa framsyning.

Den finske regissøren Tatu Hämäläinen gjorde stor suksess på Teatret Vårt for tre år sia med «Scener fra et ekteskap». Saman med same scenograf og musikar som den gongen er han nå henta inn att for å setje opp «Medea». Nok ein gong syner dei oss at det er teater utan dei store geberdar og effektar som kan bli dei mest gripande.

Medea, halvt gud, og omtalt som ei trollkvinne forelskar seg hovudstups i helten Jason. Med magiske evner greier ho å ta frå faren eit heilagt skinn Jason ønskjer seg. Det resulterer i at Jason, Medea og dei to borna deira må flykte, og endar opp i Korint. Jason har ambisjonar, og seier ja når kong Kreon tilbyr han dottera si, Glauke. Der startar dette dramaet og vi blir vitne til Medeas grenselause sjalusi som kulminerer med at ho tar livet av både kongen, Glauke og dei to barna sine.

MEDEA (Sara Fellman), for det meste halvvegs løynd bak eit forheng. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Scena er eit nesten nake podium der dei einaste scenografiske elementa er ei kvadratisk lysande himling, nokre klede og eit semitransparent forheng på bakre del av podiet. Spelet er også neddempa, for her er det orda som skal gjere jobben. Dei to ungane (Boye Mørck Heiberg og Lilja Mariell Høyer Berge) er til stades på scena mykje av tida. Dei seier ikkje stort, men det sceniske nærværet er likevel påtrengande sterkt. Johanna Mørck og Lars Melsæter Rydjord har fleire roller. Dei spelar nokre av folka rundt Jason og Medea, dei kommenterer handlinga, og dei opptrer som ei slags indre stemme, eller samvit for Medea. Men det er Jason (Torbjørn Eriksen) og Medea (Sara Fellman) det handlar om. Han freistar å forklåre at giftarmålet med Glauke er eit fornuftekteskap for å trygge ungane og Medea, men argumenta fell på steingrunn. Det er lett å demonisere Medea, men Sara Fellman syner henne som eit rasjonelt og tidvis empatisk menneske, og også med morskjensler for ungane. Difor blir vala hennar også så mykje sterkare. Det finstemte samspelet mellom Fellman og Eriksen viser oss at det er mogeleg å spele store drama med sordin, og for Fellmans vedkomande nesten utan å vere synleg på scena ettersom vi for det meste berre kan skimte henne gjennom forhenget. «Medea» er ei heilt uvanleg lågmælt framsyning som set nesten for store krav til publikum for her er lite ytre handling. Difor blir det eit litt uforståeleg brot at barnedrapa blir spela ut så konkret og tydeleg.

Med det stillferdige, nesten kviskrande spelet, og med eit intenst lydbilde frå Tatu Rönkkö kjem vi i denne framsyninga tett på psykologien bak vala Medea tar, sjølv om vi framleis ikkje forstår dei.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 14. februar 2024.)

Leave a Reply