Kvalen i rommet

TEATER

MENNESKET OG MAKTENE: I storslagne tablå får vi visualisert kampen med og mot elementa.
FOTO: PERNILLE SANDBERG

«Moby Dick»
Det Norske Teatret, Hovudscena
Av: Herman Melville
Omsett av Bjørn Alex Herrman, til nynorsk ved Tove Bakke
Dramatisert av Johannes Holmen Dahl og Sara Tangenes
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi: Nia Damerell
Lysdesign: Norunn Standal
Komponist og lyddesign: Alf Lund Godbolt (og musikarane)
Musikarar: Elisabeth Mørland Nesset, Kaja Fjellberg Pettersen og Peder Varkøy
Med: Thea Lambrechts Vaulen, Kenneth Homstad, Terese Mungai-Foyn, Ane Dahl Torp, Sara Khorami, Vetle Bergan, Kyrre Hellum og Khalid Mahamoud.

Ei framsyning som trass i dei fine visuelle kvalitetane blir for retningslaus og dermed lite interessant.

Det er mange, både på lerret og scene, som har freista å tolke Herman Melvilles ikoniske roman frå 1851 om den kvite kvalen Moby Dick. Og med vekslande hell. Fullstendig skruppellaus, og der hemna er einaste motiv, set kaptein Akab på kvalfangarskuta Pequod ut for å vinne over det dyret som for fleire år sia beit av han eine foten. I forteljinga om denne hemningslause jakta, som ikkje er kvalfangst, men eit reint hemntokt, greier ikkje Melville å avgrense seg og skriv om alt og inkje. Slik blir denne enorme romansyklusen på rundt 800 sider eit verk både om hemn, elementa, mennesket og maktene, rasisme, menneskeleg dårskap, religiøse metaforar og mykje meir. Tolkingshøva er fullstendig legio, og det gjer at ei dramatisering fort kan bli i meste laget.

Og det er akkurat det som er hovudproblemet i den relativt stutte versjonen (100 minutt utan pause) som Johannes Holmen Dahl gir oss på Det Norske Teatrets hovudscene. I tillegg til dei ulike temaa som er nemnt over, tek han også opp nyare emne som miljøvern og kjønnsroller, alt for så vidt med god dekning i teksten. Men dette ønsket om å fortelje så mange historier og vere innom så mykje, gjer framsyninga noko retningslaus og difor lite relevant.

«Moby Dick» er ei særs mangefasettert beretning, fortald i ettertid av Ismail (Thea Lambrechts Vaulen) som er den einaste som overlever jakta på den kvite kvalen. Ho tek oss med på heile turen frå oppmøte i Nantucket, hyre på Pequod, åtvaring om kaptein Akab, kva som skjer undervegs til dei endeleg finn den myteomspunne kvalen og det heile endar i katastrofe. Undervegs er det spektakulære scener skapt i godt samarbeid mellom scenograf Nia Damerell og lysdesignaren Norunn Standal, og med eit tidvis litt for kraftig lydbilde av Alf Lund Godbolt. Det er visuelt, det er vakkert, og for så vidt også opplevingsrikt. Men heller ikkje så mykje meir. Thea Lambrechts Vaulen er ein god formidlar og truverdig som Ismail, og det er eit dyktig og samkøyrd ensemble som særleg er overtydande med mykje krevjande fysisk spel. Men utanom det har dei fått så alt for lite å spele på. Og kor blir det av elefanten (eller kvalen) i rommet? I starten er han knapt eit samtaleemne eller metafor, og når han endeleg dukkar opp, er det heile over utan at vi får særleg inntrykk av kva som skjer. Ane Dahl Torp som den gale kaptein Akab, kjem ikkje på banen før langt uti framsyninga, og får korkje tid eller rom til å etablere seg i den viktige rolla.

Attende sit eg og lurer på kva det er regissøren ønsker å seie med denne framsyninga. Ja, ho er tidvis vakker og visuelt opplevingsrik. Men som dramatikk er ho utan retning og relevans. Det er synd, for her er mange fine ansatsar, men ingen som det blir bora djupt nok i. Så kan ein sjølvsagt tru at romanen er for omfattande til å forsvare dramatisering, men det er beviseleg feil. Dei siste åra har eg sett to heilt ulike, men særs gode sceneversjonar. Ole Johan Skjelbred lagde ei leiken, velspela og kreativ oppsetjing for Trøndelag Teater og Black Box for ti år sia der han også greidde å sveipe innom oljeutvinninga i Nordsjøen. Og Plexus Polaires og Yngvild Aspelis multimediale og heilt fantastiske versjon på Nordland Teater for fire år sia er kanskje den beste teaterframsyninga eg nokon gong har sett. Så det er mogeleg. Men «Moby Dick» på Det Norske Teatret er blitt for fragmentarisk. Framsyninga er tidvis spennande i forma, men kor blei det av innhaldet?

Leave a Reply