Det kostar å ha ei meining

TEATER

FOSSILFEST: Det store paradokset at velstanden vår er tufta på øydelegging av naturen. FOTO: KENT CLARK HOLM-EDIASSEN

«Everything is Awesome»
Cissi Klein videregående skole, Trondheim
Av: 3. klasse drama
Kunstnarleg leiar: Kjerstin Eidsaune
Teknikk: Fredrik Bjørk
Koreografisk rettleiing: Åsne Hakvåg
Med: Joakim Ebeltoft Anselm, André Bakken-Lomheim, Maxmillian Nguyen Basmo, Marit Bårdli, Jacob Vinje Fjellås, Samuel James Hovind Garwood, Johannes Spets Gjersøe, Malin Hoff, Ella Haanæs Høiseth, Thea Lyng Knudsen, Gunnhild Hassel Pedersen, Runa Skjolden, Julia Sofia Brol Sakshaug, Karen Marie Stavli, Thor Mani Thordarson, Amund Holen Utle og Marianne Bryne Wærøy.

Som vanleg er det dei store eksistensielle spørsmåla som opptek ungdomen, men denne gongen med stor grad av humor og sjølvironisk distanse.

Underskogen er viktig, for det er frå den det kjem nye skot som ein dag veks seg store og kraftige. Og det er her framtida bryner seg, snublar og fell, men stundom finn si eiga røyst og ein god uttrykksmåte. Som teatermeldar har eg i alle år forsøkt å følgje både barne- og ungdomsgruppa i Teaterlaget BUL Nidaros, Studentersamfundets Interne Teater og dramastudentane på NTNU, men det er alt for lenge sia eg vitja ei framsyning av dramaelevar på vidaregåande. Men denne veka let eg meg overtale til å sjå framsyninga «Everything is Awesome» av dramaelevane i tredje klasse på Cissi Klein VGS i Trondheim. Og det var meir enn vel verd besøket.

Det tar til i vrimlehallen på skulen når to aktørar med t-skortene «Wonderful» og «World» kjem inn, syngjande på Louis Armstrongs ikoniske «What a wonderful World» frå 1967, ein song som i dag diverre blir meir og meir ironisk. For det er sjølvsagt dei store og eksistensielle spørsmåla ungdomen er opptatt av. Kva gjer vi med den kloden vi har fått i arv frå tusenvis av generasjonar før oss, men som vi nå køyrer rett utfor stupet?

«Wonderful» og «World»

Dei to handhelsar innsmigrande på publikum, deler ut program og tek oss inn i den vesle rektangulære teatersalen som ikkje har annan scenografi enn ein lang, kvit vegg og ei trapp opp til ei dør i veggen, og der publikum sit benka på motsett langside. Ein intro med voice-over på engelsk tek oss inn i historia frå the big bang før vi er i gang. Med utgangspunkt i vår eiga samtid, det store paradokset at Norge som verdas rikaste land har tufta velstanden sin på ein oljeindustri som er alt anna enn berekraftig, og med skråblikk på, og som ein parafrase over, Henrik Ibsens «En folkefiende», har dei laga ei særs mangefasettert framsyning både i form og innhald. I tillegg er ho både leiken og sjølvironisk i si tilnærming til stoffet. I programmet seier dei sjølve at teksten er basert på så ulike kjelder som Henrik Ibsen, chat GPT, kommentarfelt i SoMe, Trond Viggo Torgersen og nettsida til Equinor. Prosjektet er utvikla av dei sjølve, men med bistand frå kunstnarleg leiar Kjerstin Eidsaune, og ikkje minst viktig koreografisk hjelp frå Åsne Hakvåg.

Framsyninga er bygd opp som ei rekkje tablå med ei mengd brot, men gjort forbausande saumlaust. Dei tek oss med til oljearbeidarar, protesterande ungdomar og politikarar, og gjer det utan andre effektar enn små enkle skifte i klede og litt bruk av video og musikk. Det fungerer utmerka og gjer dei ulike scenene lett forståelege sjølv om dei er mange, ja kanskje i meste laget. Og dette er generasjon smart-telefon, så dei har funne på ein overraskande kreativ bruk av desse nye kjæledyra dei sikkert er fullstendig avhengige av. Fleire av tablå har ikkje anna lyssetting enn lommelyktene på telefonane, og det er nytta på ein særs effektfull måte.

Overraskande bra fysisk spel og god koreografi.

Framsyninga blir spela i breiddeformat, og jamvel om her ikkje er nokon scenografi å snakke om, er scena meir enn tilstrekkeleg møblert ved i alt 17 aktørar, – ingen nemnt, ingen gløymd. For dette er openbert eit kollektivt verk utan hovud- eller biroller. Tablåa er nesten tallause, kanskje litt for mange, men spelet er så synkront og godt at brot og sceneskift går forbausande bra. Ein viktig grunn til det, er den koreografiske rettleiinga dei har fått. For her er overraskande smidige rørsler, lite stivt og ulenkeleg spel, og faktisk fleire særs synkrone og fine danseopptrinn, nokre av dei framført med stor grad av humor, – og ironi. Replikkane blir framført naturleg og munnleg, og diksjonen er betre enn på mange profesjonelle scener.

«Everything is Awesome» handlar om dei store og avgjerande eksistensielle spørsmåla, og sjølvsagt det paradokset denne generasjonen lever med. Dei ser at det går til helvete med kloden, og vil gjerne gjere noko med det. Dei kan setje seg ned, protestere og meir til. Men det syner seg å koste å ha haldningar. Tyder det at dei må kutte russebussen om nokre månadar og kanskje forsake fredagstacoen? Og har dei rett som hevdar at norsk oljeutvinning er betre for kloden enn til dømes Venezuelas? Her er så mykje å ta stilling til for eit ungt og tidvis idealistisk menneske, og ikkje alltid like lett å orientere seg. Med stor grad av humor, og ikkje minst sjølvironisk distanse behandlar dei slike tema. Og dei dreg avslutningsvis publikum inn i ei avrøysting som nok tvingar fram det politisk korrekte i salen meir enn dei eigentlege haldningane.

I alle fall ikkje sterkast ved å stå åleine.

Henrik Ibsens mantra frå «En folkefiende» om at den er sterkast som står mest åleine, blir stadig sitert og ligg som eit bakteppe over framsyninga. Då eg sjølv var på alder med desse elevane og las «En folkefiende» første gongen, såg eg Thomas Stockmann som ein miljøvernar i tillegg til ein sanningas faneberar, men eg fann avslutninga litt rar. Etter kvart innsåg eg at Stockmann ikkje var nokon helt, men eit døme på ein fullstendig feilslått strategi. Han veit han har rett, men når han møter massiv og uforståeleg motstand, held han ikkje fram med tolmodig arbeid og å leggje stein på stein, men blir nærast gal. Då er vegen til blind aksjonisme, og i verste fall terrorisme, ganske stutt. Og det er eit farleg blindspor for miljørørsla. Eg oppfattar at framsyningas credo og endelege konklusjon var i same gate når dei avslutta med å slå fast at ein i alle fall ikkje er sterkast ved å stå åleine.

Denne framsyninga har mykje på hjartet, og stundom blir det i meste laget. Dei kunne nok med fordel ha tatt livet av nokre «darlings» og spissa og konsentrert innhaldet, kanskje bora litt djupare i nokre av temaa. Det ser ut som dei har kasta den eine gode ideen etter den andre i potten utan å vere tilstrekkeleg kritiske, og slik blir dette tidvis som ei vareoppteljing og summarisk innblikk i kva som rører seg blant ungdomen meir enn ei grundigare handsaming av nokre få utvalde tema. Så det er i mangelen på konsentrasjon i tekstgrunnlaget denne framsyninga har sine største problem. Men for all del. Dette er tenåringar som leikar seg i eit teaterlaboratorium og må vurderast deretter. Tredjeklassa ved Cissi Klein VGS har faktisk laga ei overraskande velspela framsyning der form, det vil seie spel, rørsle, dans, synkronisering, sceneskift og effektbruk var framifrå, men der det stod litt attende på tekst og innhald.

Leave a Reply