Naturfagtimen

TEATER

UTRYDDA: Dinosaurane døydde ut i ei av dei fem tidlegare masseutryddingane. Nå står vår eksistens for tur. FOTO: ERIK BIRKELAND /TINGH

«Et stykke for de levende i en døende verden»
Teatret Vårt, Storyville, Molde,
Av: Miranda Rose Hall
Omsett av Anne Wiig
Konsept: Katie Mitchell
Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist: Paul Clark
Med: Anne Wiig

Eit dokuteater som kunne ha blitt i lengste laget var det ikkje for ein framifrå skodespelar.

Frida (Anne Wiig) er dramaturg, og saman med Sara og Karoline driv ho det vesle teaterkompaniet «Nullutslipp». Dei to andre er skodespelarar, medan Frida gjer førebuingane, researchen og alt anna. Vi sit benka på Storyville, Teatret Vårt si biscene, der «Nullutslipp» skal ha siste vising av ei framsyning dei har turnert med i to år. Slik blir det ikkje. Mora til Sara ligg for døden, og Frida får beskjed om at denne siste visinga får ho greie sjølv. Lett fortvila fortel ho oss at dette ikkje er så greitt. For Frida er dramaturg, og ikkje skodespelar. Men ettersom det er ho som har gjort alle undersøkingane, veit ho råd. I staden for å spele det dystopiske stykket der ho røper at alle, absolutt alle dør til slutt, tek ho oss gjennom ei reise frå the big bang, gjennom heile evolusjonen, dei fem store masseutryddingane og inn i vår tid. At vi nå er midt inne i den sjette utryddinga er kanskje ikkje openbert for alle, men etter Fridas pedagogiske halvannan times monolog, bør det ikkje vere mykje tvil.

«Et stykke for de levende i en døende verden» er skriven av den amerikanske dramatikaren Miranda Rose Hall og blei utvikla gjennom kompaniet LubDub Theatre Co i New York der ho sjølv er kunstnarleg leiar. Nå er framsyninga blitt ein del av det europeiske samarbeidsprosjektet STAGES (Sustainable Theatre Alliance for a Green Environmental Shift) der ho blir sett opp i femten land etter eit konsept av den britiske regissøren Katie Mitchell, og der Teatret Vårt i Molde har fått dei norske rettane.

Scena er nake, ingen scenografi, berre nokre få rekvisittar og eit par syklar montert på ruller. I ei litt klein setting skal Frida freiste å redde stumpane for «Nullutslipp». Og ho gjer det ved å gi oss ein innsiktsfull og lærerik kortversjon av verdshistoria sett frå naturens, og ikkje minst feminismens ståstad. Å turnere med teater er ikkje av det mest økologiske ein kan gjere, og Frida veit at ei framsyning brukar «sjukt mykje» straum. Så i staden for å kjøpe kvoter og avlat, som er den vanlege måten å skuve problemet over på andre, er denne framsyninga sjølvforsynt med energi. To lokale syklistar er hyra for å sitje på kvar sin sykkel. Den eine driv lyset på scena og den andre lyd og bilde. Slik skal denne framsyninga vere den første nullutsleppsoppsettinga i Norge, og det fungerer faktisk. Kvar av syklane generer dryge 400 watt, og det er nok på ei lita intimscene. At rommet også treng energi til varme og anna, får vi la liggje i denne omgangen.

Frida er sjølvsagt usikker på prosjektet sitt, nyttar seg av publikum, sjekkar om det er ein naturvitar i salen før ho sjarmerande, insisterande, og svært overtydande fortel heile verdshistoria på halvannan time, og der tida vi menneska har vore på jorda berre er ein mikroskopisk liten del. På eit enkelt vis set ho det meste i perspektiv, og gir døden ei viktig rolle. Den individuelle døden, som at mora til Sara dør, er sjølvsagt trist, men slik er naturens gang. Det er massedøden, artsutryddinga som er problemet. Og der verda har vore gjennom fem store masseutryddingar, er den vi nå er inne i den første som ikkje har skjedd av naturlege årsaker, men som er skapt av ein art som set seg sjølv over alt anna liv.

«Et stykke for de levende i en døende verden» er eit djupt eksistensielt dokuteater der hovudmålgruppa er ungdom, men der vi eldre slett ikkje har vondt av å bli minna på kva vi held på med. Det er blitt som ein lærerik dobbeltime i naturfag. Her ligg også framsyningas største problem. I ei verd der fornufta for lengst har spela fallitt, er det kanskje ikkje så rart at forfattaren mot slutten koplar inn både religiøse og okkulte element, men verre er det at tekstgrunnlaget er for omstendeleg, og at dramaturgien ikkje er stram nok. Oppsetjinga kunne ha blitt ein lang og moralistisk peikefinger var det ikkje for den overtydande framføringa. Anne Wiig har sjølv omsett teksten til eit levande og naturleg norsk, tilarbeidd forteljinga til eigen oppvekst i Bergen og slik gjort det heile meir personleg. Og i tillegg har ho eit så rikt register og eit så sterkt scenisk nærvær at ho gjennom denne teksttunge monologen, der ho har lite å støtte seg på, likevel greier å halde merksemda vår og vel så det.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. november 2023.)

Leave a Reply