Bak forhenget

TEATER

ERKJENNINGA: Hedvig (Kristine Hartgen) går ein siste gong gjennom den symboltunge veggen. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Villanden»
Teatret Vårt, Molde
Av: Henrik Ibsen
Tilarbeidd av: Brit Bildøen
Regi: Victoria Meirik
Scenografi og lysdesign: Norunn Standal
Musikk: Daniel Herskedal
Med: Kristine Hartgen, Bjørnar Lisether Teigen, Jon Bleiklie Devik, Sara Fellman mfl.

Ei alt for tydeleg framsyning som aldri greier å røre meg.

I «Vildanden» viser Henrik Ibsen oss den vesle familien Ekdahl som lever relativt lukkeleg på det som syner seg å vere ei gedigen livsløgn. Så kjem Hjalmar Ekdahls barndomsven, den sanningssøkjande Gregers Werle, og skal lufte ut løgna, og dermed redde dei, trur han. I staden går familien til grunne. Denne problemstillinga om løgn og forteiing kontra absolutt sanning er like aktuell i dag som i 1884. Teatret Vårt i Molde har difor fått Brit Bildøen til å tilarbeide og modernisere teksten. Handlinga er lagt til ei litt nyare tid, og språket er gjort lettare og meir munnleg. I tillegg har Daniel Herskedal skrive bakgrunnsmusikk som absolutt kler framsyninga. Men dette er diverre også det mest positive eg kan seie om denne oppsetjinga.

I Norunn Standals scenografi er hovudscena i teateret delt i to symmetriske rom på kvar si side av ein vegg. Den består av skyveglas og forheng. Publikum sit på eine sida der også det meste av handlinga går føre seg. Bak forhenget får vi berre indikasjonar og skuggebilde av kva som skjer. Eg reknar med at regissøren, Victoria Meirik, med dette vil syne det opne kontra det løynde. Symbolikken er kanskje tydeleg, men han fungerer ikkje. I staden blir denne veggen ei tvangstrøye der skodespelarane brukar alt for mykje tid på å gå ut og inn, dra for forheng, og skyve på glas utan at det er korkje motivert eller forklårande.

Historia er sett til eit 1970-tal med musikalske populærkulturelle referansar, slengbukser og brunt servise. Alt slikt er greitt, men bør ha ei meining. I staden for å gjere problematikken tydelegare eller meir ålmenn, blir han her tidvis ulogisk. Og når løgna familien Ekdahl lever på blir avkledd, blir slikt som i 1884 var dramatisk, meir melodramatisk i 1970. I Ibsens tekst, og i dei fleste oppsetjingar eg har sett av «Vildanden» får vi heile tida små hint om kva for løyndom og løgn som skjuler seg i dei to familiane Werle og Ekdahl. Det skjer subtilt og gradvis. I Meiriks regi blir dette langt tydelegare alt frå starten, og slik mistar vi også mykje av den dramaturgiske oppbygginga.

TO RØYNDOMAR: Ein symboltung vegg deler scena, og røyndomen, i to. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Framsyninga er bygd opp rundt familien Ekdahls spisebord og fotoatelier der folk kjem og går, tidvis ganske umotivert, og leitar seg fram gjennom dei mange opningane i skiljeveggen. Med unnatak av nokre få scener der vi kjem bakom personane, er det for mykje av at aktørane snakkar til kvarandre i staden for med kvarandre. Når mange av dei stundom også er litt overspela, blir dei ikkje heile menneske og lagnadar til å tru på. Kristine Hartgen som Hedvig er unnataket. Trass i at også ho har fått for lite å spele på, syner ho oss den sårbare ungjenta som etter kvart forstår meir enn dei vaksne. Men vegen dit er for lang, omstendeleg, og greier diverre aldri å røre meg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. august 2023.)

Leave a Reply