Ein makelaus konge

TEATER

ASTRID ELLER FRØYA? Olav (Tarjei Sandvik Moe) fekk kone til slutt, men var det Astrid eller Frøya (Maja Christiansen)? FOTO: OLE KRISTIAN FALSTAD

«Olav den Heldige – Frøyas kjærlighet»
De Heldige og Styggdalsnemnda, Spelamfiet Stiklestad
Idé og konsept: Patrik Stenseth
Manus: Aslak Maurstad og Mathias Luppichini
Regi: Nils Petter Mørland
Tilarbeiding: Sjur Marqvardsen og Nils Petter Mørland
Komponist: Andreas Humlekjær
Arrangør, medkomponist: Håvard Gressum Antonsen
Scenografi: Eilif Fjeld Teisbo
Koreografi: Charlott Utzig
Lysdesign: Oscar Udbye/Thomas Gallagher (tilpassing Stiklestad)
Kostyme: Anette Werenskiold
Lyddesign: Thomas Gallagher
Med: Tarjei Sandvik Moe /Mathias Melsæter Rydjord, Maja Christiansen, Marte Mørland, Simen Bredesen, Patrik A. Stenseth, Kenneth Lorentsen, Beatrice Lystad Akselsen, Terje Brevik, Lavrans Haga, Nikolai Høymyr Abelsen mfl.

Del to av trilogien om Olav Haraldson («den heldige») er like respektlaus og kreativ som førre delen, men noko betre med forteljinga.

Olav Haraldson, eller Olav Digre som han også blei kalla, har gjennom at han fall på Stiklestad gitt opphav til eit utal myter og ei helgendyrking som tidvis overgår det katolske. Og det jamvel om han var ein av dei mest barbariske kongar landet har fostra. Dei siste sytti åra er dette blitt forsterka med det pompøse og ganske innhaldslause «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad, og det meiningslause i at eitt av landets største sjukehus er kalla opp etter denne massemordaren. Men det er ikkje berre Trøndelag som krev eigarskap til Olav. Mindre kjend er det at han grunnla byen Borg (Sarpsborg), og sarpingane har eit litt annleis syn på helgenkongen. Det kjem særleg fram gjennom dei årvisse utandørsframsyningane produksjonsselskapet De heldige i fleire år har sett opp. I fjor laga dei ein større produksjon, «Olav den heldige – Ranes hemmelighet» som var første del av ein trilogi. Den blei spela både i Sarpsborg og i spelamfiet på Stiklestad, og ga oss eit litt alternativt syn på Olav og livet hans. Ganske fritt etter minnet, med referansar både til Snorre, Bibelen, norrøn mytologi og ikkje minst med haugevis av populærkulturelle innslag og mykje metateater, laga dei ei framsyning om Olavs første leveår, og den kloke Ranes redningsaksjon for å berge guten frå dei gamle gudane. Historia var kreativ, tidvis absurd og særs underhaldande, men gjekk litt i stå undervegs ettersom forfattarane hadde så alt for mykje på hjartet.

I sommar var det premiere på del to, «Olav den heldige – Frøyas kjærlighet» i Sarpsborg, og fredag var det nypremiere på Stiklestad. Denne gongen var forteljinga litt meir spissa, og jamvel om historia blei ganske omstendeleg og intrigen nesten like komplisert som ein Shakespearekomedie, var det eit langt framsteg frå fjorårets framsyning.

Medan vi i fjor var på slutten av 900-talet, er vi nå komne til året 1016. Olav skal signast, er full av hybris og gler seg som ein unge til å bli konge. Ettersom han i førre episode sikra seg verdas beste sverd, er han ikkje til å slå i tvikamp, og sjølv om vi møter ein konge som på botn er alt anna enn skråsikker, er han ganske viss på at han ikkje er til å slå. Og så er han makelaus i dobbel tyding, for han har ennå ikkje funne seg ei kone som på den tida var det jamgodt med alliansebygging.

ÆSENE: Odin og Loke.

Eg skal halde meg frå å gå i detalj på historia, for den er, som alt sagt, både litt omstendeleg, og ganske komplisert. Tidvis kanskje litt i overkant. Men stutt fortald dreier det seg om at Rane (Terje Brevik) slår Olav (Tarjei Sandvik Moe) til konge. Etter råd frå eit par urkomiske sarpingar (eller særpingar er vel meir korrekt) blir Borg grunnlagd, og der vil Olav bu. Dei gamle æsene er redde for at Olav, som ein kristen konge, tyder slutten for dei, og freistar å lage intrigar for å ta livet av han. Oppi det heile dukkar svenskekongen Olof (Kenneth Lorentsen) opp med den kåte og giftesjuke dottera Ingjerd (Beatrice Lystad Akselsen). Olav på si side, er som ein Peer Gynt, – seg sjølv nok, og elskar berre seg sjølv. Æsene tek menneskekroppar for å lure Olav i ei felle, og her er vi ved kjernen i historia. Kjærleiksguden Frøya (Maja Christiansen) blir då det svenske sendebodet Astrid, som også viser seg å vere svenskekongens andre dotter. Og når ho møter Olav og skal lure han, blir det i staden søt musikk. Frøya er ikkje kjærleiksgud for inkje, må vite. Meir skal eg ikkje røpe, anna enn at her må ein verkeleg henge med, men då blir det også underhaldning så det held.

Manusforfattarane og ikkje minst regissøren Nils Petter Mørland, har laga ei langt meir spissa og betre dramaturgisk oppbygd framsyning enn det vi fekk i fjor. Men framleis er det mykje å gå på. Etter ei særs god opning, og mykje forrykande halloi, blei historia vel omstendeleg mot pause. Men så tok ho seg opp att, og i kunstljoset på slutten blei det ei rekkje heilt magiske scener. Personinstruksjonen er god, og dei mange hovudaktørane er tydelege, og akkurat på grensa til å vere overspela. Det er eit trettitals lokale statistar, og i ganske ung alder. Instruksjonen av desse, og ikkje minst koreografien til Charlott Utzig, er framifrå.

Framsyninga er eit musikkspel, og som i fjor, er musikken til Andreas Humlekjær noko ujamn. Nokre songar er for vanskeleg å synge, men dei eg vil hugse, er dei mange vakre, lyriske låtane. Og songprestasjonane til dei mange aktørane er i hovudsak særs bra, sjølv om lydkøyringa nok kunne ha vore betre. Framsyninga starta i dagsljos, men då sola gjekk ned etter pause fekk vi sjå korleis kunstljos nytta på rette viset kan skape fantastiske scener. Oscar Udbyes lysdesign (med tilpassing på Stiklestad av Thomas Gallagher) var imponerande god, og skapte tidvis heilt magiske rom.

SJARM: Tordenguden Tor (Patrik Stenseth) er ei lita framsyning i framsyninga, full av overmot, ikkje spesielt lur, men såååå sjarmerande. FOTO: OLE KRISTIAN FALSTAD

I dei berande rollene er det stort sett godt røynde skodespelarar og musikalartistar. Jamvel om historia og intrigen er komplisert, og det også var dobbeltroller som når æsene blei menneske, så var alle tolkingane tydelege. Terje Sandvik Moe ga oss ein Olav som var langt meir menneskeleg enn det Olavsmyten freistar å formidle. Han var usikker, men samstundes full av hybris, glad i seg sjølv, men likevel open for kjærleiken når den baud seg fram. Til hans eiga store overrasking. Maja Christiansen var overtydande i dobbeltrolla som Frøya og Astrid der ho greidde å få fram både intriganten og den kjærleiksfulle på truverdig vis. Og så synte ho god stemmeprakt. Men trass i at desse to var hovudrollene i denne ganske uhistoriske framstillinga, var det Patrik Stenseth som var mest avgjerande for at dette blei så underhaldande. Han ga oss ein stor og kraftig Tor med hammaren, men samstundes ein erkekomisk figur, full av overmot, men ikkje spesielt lur for å seie det forsiktig. Han var høgt og lågt, velmeinande, men fullstendig øydeleggjande for dei andre gudane, og ekstremt sjarmerande. Slik blei han ei lita framsyning i framsyninga, og korleis han drog opp dei yngste i amfiet under og rett etter pausen var imponerande.

Del to av trilogien om Olav den heldige har framleis ein del å gå på, men er eit godt steg fram frå fjoråret. Og sjølv om avslutninga både var banal, litt klissete og nesten rosaromantisk, så let eg meg underhalde. Og slik verka det som resten i det fullsette amfiet også hadde det. Denne framsyninga var eit uhøgtideleg, respektlaust og særs underhaldande skråblikk på historia.

Leave a Reply