Leik med illusjonar

TEATER

HEKSEBRYGG?: Macbeth (Leo Magnus de la Nuez) let seg overtyde og forføre av heksene (Mareike Wang, Ragnhild Arnestad Mønness og Helga Guren). FOTO: GRETHE NYGAARD

«Macbeth»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: William Shakespeare
Omsetjing, tilarbeiding og regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Lysdesign: Geir Hovland
Koreografi: Kristin Hjort Inao
Med: Leo Magnus de la Nuez, Mari Strand Ferstad, Øystein Martinsen, Espen Reboli Bjerke, Mareike Wang, Helga Guren, Ragnhild Arnestad Mønness, Svein Solenes mfl.

Tyra Tønnessens «Macbeth» på Rogaland Teater er ein kreativ teaterleik, og ei gåve til publikum.

Teater er illusjon, og ikkje røyndom. Med Tyra Tønnessens leikne og kreative oppsetjing av «Macbeth» på Rogaland Teater syner ho oss dette til fulle der ho boltrar seg i teatrale konvensjonar og leikar seg med teksten utan å gå på akkord med korkje tematikk eller innhald.

«Macbeth» av William Shakespeare (1606), er kanskje den svartaste tragedien han har skrive, og i Norge er det i motsetnad til «Hamlet», «Romeo og Julie» og komediane hans årevis mellom kvar oppsetjing. Macbeth er ein skotsk general som vinn eit viktig slag mot irske og norske styrkar. Han får heiderstittel av kongen, men før det møter han tre hekser som fortel at han skal bli heidra to gongar, men til slutt også bli konge av Skotland. Etter at dei første to spådomane er oppfylt, blir Macbeth, og ikkje minst kona hans, Lady Macbeth, fylde av overmot og maktbegjær, og han drep kongen, blir sjølv ein paranoid monark som drep og forfølgjer alt og alle før han til slutt fell for eige grep. Temaet er sjølvsagt kva makt og overmot kan gjere med eit menneske.

Alt dette er godt tatt vare på i Tyra Tønnessens oppsetjing som i tillegg er blitt så uendeleg mykje meir. Tønnessen har sjølv omsett og tilarbeidd teksten, og i eit godt samarbeid med scenograf og kostymedesignar Leiko Fuseya, har ho laga ein tidlaus tragikomedie av stykket, og med haugevis av referansar til likt og ulikt for alle som vil sjå og tolke.

Den fysiske handlinga tyder på at dette er for nærare tusen år sia, men kostyme, og særleg dei mange enkle, men særs illustrerande rekvisittane er frå i dag. Slik kan vi alle dikte inn referansar til krig og ulike despotar, utan at Tønnessen har gitt oss anna enn små indikasjonar. Opninga er ikonisk og set tonen med sendebodet (Matias Kuoppoala) som skal fortelje om slag og siger, (som ein Maratons Pheidippides) og som går i eitt med sandsekkar og skanseverk. Det gjer også dei tre heksene (Mareike Wang, Helga Guren og Ragnhild Arnestad Mønness) som dansar seg gjennom heile framsyninga som eit gresk kor, og med songar i eit spenn frå Robert Burns til Jennifer Rush. Slik, og utan at det blir påtatt, leikar Tønnessen seg med heile teaterhistoria frå antikken til våre dagar. Sentralt i det heile er Leo Magnus de la Nuez som i ei framifrå tolking av Macbeth syner den gradvise utviklinga frå ein uredd general til ein maktsjuk og paranoid konge. Og bak han står den endå meir infame Lady Macbeth (Mari Strand Ferstad) som kompenserer barnløysa med maktsjuke. Det er eit stort og velregissert ensemble som alle dreg dette i riktig retning, og som ser ut til å storkose seg i rollene. Og som eit brot på vondskap og tragedie har Svein Solenes fått vise sine store absurd-komiske talent som Macbeths tenar.

KONGENS SKÅL: Enkel og humoristisk bruk av rekvisittar, som når ein skal skåle for kongen (Øystein Martinsen). FOTO: GRETHE NYGAARD

Brot er det mykje av i denne oppsetjinga, men dei er langt frå berre påfunn, men godt underbygde, og gjer framsyninga på mange vis til ein underhaldande parafrase over både seg sjølv og teateret som institusjon. Særleg gjeld det rekvisittbruken der våpen og vinglas er naivistiske pappfigurar, men likevel så illustrerande.

Tyra Tønnessen kunne sikkert ha bora litt djupare i det indre sjelelivet til fleire av aktørane, men la det liggje, og det var vel heller ikkje forsettet hennar. Ho har i staden skapt ein kreativ teaterleik, velregissert, underfundig og på same tid både svart og underhaldande. Etter nesten 25 år som regissør, er dette første gongen Tyra Tønnessen gjer ein produksjon på Rogaland Teater. Og det er faktisk også første gongen ho set opp Shakespeare. Det bør så avgjort ikkje bli den siste.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 12. september 2023.)

Leave a Reply