Ulike utanforskap

TEATER

ANNLEIS: To ulike lagnadar, men eit håplaust utanforskap har dei felles. FOTO: PETTER SKAR

«Bjørnørfolket – Drømmen om Amerika»
Kuringen, Åfjord
Av: Lene Nilssen Viken og Helena Wik
Regi: Lene Nilssen Viken
Komponist: Gunhild Hjertaas
Scenografi: Runa Dahler Sandø
Kostymedesign: Sunniva Hårstad
Kapellmeister: Knut Erik Jensen
Musikarar: Håkon Hammer og Karoline Bredvik
Med: Emilie Mordal, Bjørn Tore Grøntvedt, Lavrans Haga, Barbro Amrud Nilsen, Andreas Tronga, Tove Karoliussen, Stines Langklopp Svenning, Claire Yvonne Haugen, Bengt Arntzen, Nora Monkan, Michael Johan Setså, Vibeke Stjern, Selma Stene, Fredrik Stene mfl.

Ikkje berre armod og eventyrlyst førte folk til Amerika, men også draumen om eit rausare samfunn.

I hundreåret fram til 1920 utvandra rundt 800 000 nordmenn til Nord-Amerika, og i den tidlegare Fosen-kommunen Bjørnør reiste halve befolkninga. Med bakgrunn i ei bygdebok og verkelege hendingar sette regissøren Helena Wik seg føre å lage ein ambulerande trilogi om dette. Første del, som ho skreiv og regisserte sjølv, blei oppført på Bessaker i Roan sommaren 2019. Temaet var han som reiste frå kjærast og unge for å tene seg opp litt pengar, men som aldri kom heim. Etter to års utsetjing på grunn av pandemien, var det fredag premiere på andre del, denne gongen på Kuringen i Åfjord.

Årets framsyning har Wik skrive saman med Lene Nilssen Viken, og det er Viken som har ansvaret for regi. Som i førre episode, målar dei ut eit kystmiljø med brei pensel. Og med eit femtitals aktørar, toppa av ein handfull profesjonelle, blir det mange storslåtte tablå der vi får rike skildringar av samhald, motsetnader, armod, bygdedyr, slarv, gudstru og draumen om noko anna. I tillegg til historiene om dei som fór og dei som blei att, er tema denne gongen dei som fell utanfor og kor tøft det kunne vere i eit lite kystsamfunn på 1880-talet. Konfirmanten Ludvig Sørgaard (Bjørn Tore Grøntvedt) har forstått at han er homofil. I tillegg er han ingen arbeidskar, men langt meir opptatt av bøker og religion. Emelie (Emilie Mordal), besteveninne med storesystera til Ludvig, er stadens «gledespike» og sjølv om ho både er ei god mor og eit godt menneske, er det ingen sosial aksept for det ho gjer for å overleve.

Medan Ludvig og Emelie ventar i det lengste, får vi presentert den eine etter den andre som bryt opp og dreg. Og her ligg oppsetjingas største problem. Forfattarane har så alt for mange historier og nyttar for mykje tid på miljøskildringar og bakteppe. Undervegs får vi rett nok mange flotte tablå, forbausande gode kor- og solistprestasjonar og ei mengd melodiøse songar. Men det er først i andre akt at vi forstår kva det dreier seg om, og korleis to heilt ulike utanforskap kan føre to menneske saman. Når vi endeleg kjem så langt, blir dette sterkt, intenst og framifrå formidla av dei to, og særleg Emilie Mordal imponerer i tolkinga av den prostituerte som etter kvart blir spedalsk i dobbel tyding.

Framsyninga brukar for lang tid på å kome til poenget, men på vegen gjer musikken til Gunhild Hjertaas at dette likevel blir opplevingsrikt. I fleire produksjonar dei siste åra har ho laga vakre og melodiøse songar å gle seg over og nynne med i, og denne framsyninga var ikkje noko unnatak.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 12. juli 2022.)

One Response to “Ulike utanforskap”

  1. […] gjorde at det blei opphald fram til i fjor då Kuringen i Åfjord var scene. Nå var utvandringa meir eit bakteppe for det som skjedde her heime, og tema var flukt […]

Leave a Reply