Så mange historier

TEATER

TRAUMEHANDTERING: Både Gisken «Marie» (Vanja Øverdal) og Beret Anna (Emilie Mordal) har mista eit nyfødd barn, men taklar det ganske ulikt. FOTO: BJØRN FILIP KJELDSEN HOLM

«Bjørnørfolket, del 3»
Osen Bygdetun, Vingsand
Av: Helena Wik
Regi: Michaela Gettwert
Kostymedesign: Sunniva Hårstad
Komponist: Gunhild Hjertaas
Kapellmeister: Knut Erik Jensen
Musikarar Håkon Hammer og Live Smidt
Med: Emilie Mordal, Vanja Øverdal, Per Rødøy, Barbro Amrud Nilsen mfl..

Spektakulære tablå og framifrå musikk, men for mange uforløyste historier.

I hundreåret fram til 1920 utvandra 800 000 nordmenn til Amerika. I den tidlegare storkommunen Bjørnør på Nord-Fosen i Trøndelag, var det så mange som halvparten av befolkninga som drog. For nokre år sia sette dramatikaren og regissøren Helena Wik, som sjølv er frå Roan, seg føre å skrive teater om dei som drog og dei som blei att. På bakgrunn av både forteljingar i hennar eigen familie og historiene frå Sigurd Brattgjerds fem-bands bygdebok, «Bjørnørfolket», frå 1993, var det for fire år sia premiere på det som skulle vere første del av ein ambulerande trilogi.

Ved ei flytebrygge i Bessaker fekk vi sommaren 2019 første del. Den omhandla i stor grad utvandringa, og både på godt og vondt. Hovudpersonen drog frå ei gravid kone for å tene raske pengar «over there», men kom aldri att.

Pandemien gjorde at det blei opphald fram til i fjor då Kuringen i Åfjord var scene. Nå var utvandringa meir eit bakteppe for det som skjedde her heime, og tema var flukt frå ulike former for utanforskap. Ein gudfryktig konfirmant forstod at han var homofil. Og bestevenninna til systera hans var eit godt og arbeidsamt menneske, men måtte ty til prostitusjon for å livberge seg og ungen sin.

Laurdag var det premiere på det vi trudde var den siste del av trilogien. Nå var scena det idylliske bygdetunet på Vingsand i Osen. I desse oppsetjingane har det vore nokre få profesjonelle, og ei mengd lokale amatørar. For å kunne gjere seg nytte av alle statistane, har Helena Wik vald å måle folkelivet og dei ulike lagnadane med brei pensel. Vi er i 1888, og får presentert flotte miljøskildringar og store opptrinn i tidsriktige kostyme. Medan drøsen og sladderen går, møter vi både bygdedyr, avundsjuke, overtru, fattigdom, barnedød, og sjølvsagt draumen om noko betre. Fattige fiskarbønder er prisgjevne naturen. Havet tek og avlinga slår feil. Så finn dei trøyst i ei djupt rotfesta gudstru som stadig får seg skot for baugen når ulike ulykker rammar. Men dei tviheld på at dei ein dag skal få det betre og kome til det «lova landet». Etter kvart blir dette håpet om paradiset ofte blanda eller forveksla med eit Amerika som kan verke som ein himmel på jord.

Regissøren Michaela Gettwert presenterer alt dette i store spektakulære tablå, og med forbausande god personinstruksjon. Som i dei førre oppsetjingane, har Gunhild Hjertaas skrive ei mengd melodiøse songar. Med imponerande korinstruksjon av Simon Grønås, og med dyktig musikalsk leiing av Knut Erik Jensen, blir vi tekne frå den eine godt framførte songen til den neste, toppa av «Bjørnørsongen» som etter kvart set seg godt fast i øyret.

I dei to føregåande oppsetjingane har vi bak all folkelivsskildringa etter kvart fått ganske tydelege historier. Her ligg nok det største problemet til årets framsyning. Helena Wik har på eine sida alt for mange historier å fortelje, og samstundes for lite tid til å gå i djupna med dei. Nokre blir difor vanskelege å få tak på, og andre blir uforløyste. Den nådelause og alt for tidlege døden er eit gjennomgåande tema. Vi får tidleg høyre om ein prest som forsvann på havet etter ei gravferd tre år tidlegare, poetisk, men litt uforståeleg illustrert ved eit godt koreografert innslag. Barnedødelegheita er stor, og mange er dei som også dør i barsel. Korleis kan ein leve vidare etter slike traume? Dette er vart og vakkert framstilt i framsyningas sterkaste og mest inderlege tablå, ei scene mellom Gisken «Marie» (Vanja Øverdal) og Beret Anna (Emilie Mordal). Dei har båe mista nyfødde barn, men taklar det heilt ulikt.

Ei anna historie som på mange vis gjennomsyrer oppsetjinga, men som likevel blir både lite forståeleg og noko uforløyst, er det konfliktfylte arveoppgjeret på Vingsand der gardbrukaren bestemmer seg for å skrive garden over på eit fem år gamalt barnebarn, ikkje til odelsguten, ikkje til dottera som forpaktar garden, og heller ikkje til dei som er komne heim frå Amerika for å ta over.

I dei store masseopptrinna og den frodige folkelivsskildringa blir alle desse tre sterke historiene berre delar av bakteppet, og med unnatak av scena om spedbarnsdød, ikkje noko regissør og dramatikar greier å dvele nok ved. Det er synd, for i desse forteljingane ligg det materiale til mykje meir. Dette blir det kanskje mogeleg å gjere noko med, for nå syner det seg at det truleg blir meir enn ein trilogi om Bjørnørfolket. I seinare oppsetjingar bør Helena Wik gjere meir ut av dei mange spennande historiene ho sit på.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. juli 2023.)

Leave a Reply