Byggmeisterens luftslott

TEATER

MINIMALISTISK: Eindride Eidsvold har ikkje stort anna enn teksten og eige spel å lene seg på, men det syner seg å vere meir enn nok i denne overtydande Ibsentolkinga. FOTO: GT NERGAARD

«Byggmester Solness»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Henrik Ibsen
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi og kostyme: Nia Damerell
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Eindride Eidsvold, Mari Hauge Einbu, Ingrid Bergstrøm, Vetle Bergan, Maria Omarsdottir Austgulen, Isak Holmen Sørensen og Hallbjørn Rønning

Ei minimalistisk oppsetjing, framført i full tillit til tekst, skodespelarar og ikkje minst publikum.

Etter å ha sett opp minst eitt av Henrik Ibsens nåtidsdrama kvart år i sjefsperioden sin, avsluttar teatersjef Kristian Seltun med «Byggmester Solness». Sjølv om stykket i desse dagar også går på Nationaltheatret, er det ikkje blant dei mest spela av Ibsens drama, kanskje fordi handlinga og tematikken er både meir kompleks og mystisk enn i dei øvrige. Til å setje opp denne produksjonen har Seltun vald laget som gjorde furore med «Glassmenasjeriet» på Trøndelag Teater i fjor, og i Johannes Holmen Dahls uvanleg minimalistiske regi er «Byggmester Solness» korkje kompleks eller mystisk, men tvert om særs klår og tydeleg.

Halvard Solness (Eindride Eidsvold) er byggmeister og sjølvlært arkitekt, og på toppen av ein karriere der han har fått til det meste. Relativt kynisk har han olboga seg fram til suksessen, og når han nå på litt eldre dagar ser attende, er det med både ei frykt for og lengt etter ungdomen. Han teiknar heimar folk kan bu i, men greier ikkje å skikke sin eigen. Ekteskapet med Aline (Ingrid Bergstrøm) skrantar, særleg etter ein skilsetjande brann tolv år tidlegare. På kontoret er han livredd for å sleppe den unge Ragnar (Vetle Bergan) til, og har eit ganske tvitydig og uavklåra forhold til bokhaldaren Kaja (Maria Omarsdottir Austgulen), som er Ragnars forlova. Så dukkar den merkelege og nesten mytiske Hilde Wangel opp, ei kvinne Solness møtte ti år tidlegare då ho berre var tretten år. I møtet med Hilde blir fortida rulla opp, både det nærast incestuøse som skjedde for ti år sia, alle dei lovnadane han gav henne, og etter kvart også det meste frå resten av livet hans. Det blir den gamle som blir tvungen til å gjere opp rekneskap med seg sjølv, Vårherre og omgjevnadane.

Johannes Holmen Dahl og scenograf og kostymedesignar Nia Damerell har vald å setje opp stykket som om det var i 1892 berre med litt forsiktig språkleg modernisering. Det er eit særs godt val for sjølv om situasjonen er gamal, og kjønnsrollene likeså, er tematikken aktuell så det held. Faktisk har eg aldri sett ei Ibsen-oppsetjing som tydelegare syner kor moderne Ibsen var. Utan å vere korkje påståeleg eller insisterande, grip dette rett inn i kvardagen vår.

Johannes Holmen Dahl gir oss ei oppsetjing som har full tillit til teksten og som lèt orda gjere jobben. Skodespelarane får ta seg god tid, kan dvele, lèt replikkane henge lenge i lufta og framfører det heile stillferdig og utan store faktar. Då blir også dei utsøkte små detaljane i mimikk og spel så tydelege. Som til dømes alt det usagte vi kan lese i andletet til Maria Omarsdottir Austgulen i hennar finstemte tolking av Kaja. Ei slik presentasjonsform er sjølvsagt krevjande, både for aktørane, som ikkje har anna å lene seg på enn teksten og eige spel, men også ei utfordring for publikum. Men når det blir gjort så dyktig som dette, ser vi verkeleg sanninga i den gamle devisen om at «less is more».

Scenografien til Nia Damerell er nærast fråverande med berre Eivind Myrens varsame lyssetjing, og ein tracingrull som einaste rekvisitt samt litt røyk som ei forsiktig påminning om bakteppet. Då blir også kontrasten stor til den relativt enkle, men særs illustrerande bruken av vertikale lysrøyr i siste akt.

Eindride Eidsvold er overtydande som byggmeisteren. Lågmælt, og med stoisk ro formidlar han ein person med tilsynelatande full kontroll, jamvel når Hilde Wangel konfronterer han med fortida og han tar til å analysere seg sjølv. Berre ein gong bryt han ut i eit stutt og valdsamt raseri mot den unge Ragnar, for raskt å finne attende til stålkontrollen. I Mari Hauge Einbus nesten leikande tolking av Hilde Wangel kan vi lese henne som ei konkret ungjente som oppsøkjer han vi i dag ville ha kalla ein overgripar. Men ho kan like gjerne vere ein metafor, eller eit skrømt som kjem attende og held dommedag over byggmeisteren.

Det heile blir gjort så enkelt, så tydeleg og så godt. Dette er scenekunst på høgt nivå.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 17. september 2018.)

 

 

Leave a Reply