Årets beste frå 2018

I løpet av teateråret 2018 har eg sett mellom 70 og 80 teaterframsyningar over det meste av landet, og eg har meld meir enn 50 av dei anten i Klassekampen eller berre på bloggen min. Dei siste åra har avisa bede oss meldarane om å kåre dei tre beste framsyningane, men i år har det vore så mange teatermeldarar i avisa at vi fekk berre skrive om den beste, og for meg var det «Byggmester Solness» i regi av Johannes Holmen Dahl på Trøndelag Teaters Gamle scene. Men ettersom eg har sett mye godt teater, og det er spesielt gledeleg at dei eg sjølv har på andre og tredje plass er barneteater frå særs dyktige og innovative kvinner, lèt eg lesarane av bloggen min få ein liten bonus med mine topp tre frå teateråret 2018.

1 «Byggmester Solness»

Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Henrik Ibsen

Regi: Johannes Holmen Dahl


MINIMALISTISK: Eindride Eidsvold har ikkje stort anna enn teksten og eige spel å lene seg på. FOTO: GT NERGAARD

I fjor sette Johannes Holmen Dahl opp «Glassmenasjeriet» av Tennessee Williams på Trøndelag Teater i ei stram og minimalistisk form der originalteksten fekk stort rom. For dette fekk han både Heddapris og kritikarpris. I haust har Trøndelag Teater late Dahl setje opp Henrik Ibsens «Byggmester Solness», der han reindyrkar den same minimalismen. Den einaste scenografiske rekvisitten er ein tracingrull. Skodespelarane står åleine på scena med berre orda og eige spel å lite på. Med full tillit til publikum, gir Dahl aktørane god tid, lèt replikkane henge lenge i lufta samstundes med at den stillferdige framføringa gjer at detaljar som mimikk og alt det usagte blir tydelegare. Og i sentrum står Eindride Eidsvold som ein overtydande byggmeister. Lågmælt, og med stoisk ro formidlar han ein person med tilsynelatande full kontroll trass i konfrontasjon med seg sjølv og eiga fortid. Alt er så enkelt, så tydeleg og så godt. Det er scenekunst på høgt nivå.

2 «Mio, min Mio»

Teatret Vårt, Molde i samarbeid med Nordland Teater
Av: Astrid Lindgren

Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann

SKUMMELT: Mio (Iver Innset), Jum Jum (Amalie Sofie Ibsen Jensen) og hesten Miramis på veg for å kjempe mot riddar Kato. FOTO: TINGH

I eit samarbeidsprosjekt mellom Barneteatret Vårt og Nordland Teater har Hilde Brinchmann dramatisert og regissert Astrid Lindgrens «Mio, min Mio» på eit vis som forførte denne meldaren. Med forteljargrepet frå romanen har Brinchmann tydeleg fått fram barneperspektivet. Og saman med scenograf Paul Garbers har ho laga eit lite og intimt scenerom der vi kjem tett på både handling og aktørar, og der scenografien kan bli bladd i som ei bok. Så sterk og illusjonsskapande var denne teaterframsyninga at eg opplevde effektar som ikkje var der. Saman med avtroppande kunstnarleg leiar ved Barneteatret Vårt, Cecilie Lundsholt, er Brinchmann i ferd med å revolusjonere norsk barneteater. Dette er to namn vi får høyre meir til framover.

3 «Gutten som ble et insekt»

Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Franz Kafka

Regi og bearbeiding: Eline Arbo

UTSTØYTT: Gregor blir servert skjemd mat, og halden i eit søppelrom. Systera forstår han, men vågar ikkje gjere noko. FOTO: LARS ÅKE ANDERSEN

Franz Kafka er langt frå nokon stor barnebokforfattar, han kan vere vanskeleg nok for vaksne, men Eline Arbo har likevel våga å ta for seg «Forvandlingen» frå 1915 og gjort den handelsreisande Gregor Samsa til ein åtte år gamal gut med eit stort forventingspress. Ein dag vaknar han, og er blitt eit insekt. Eit særs spesielt grep ved oppsetjinga er at alle i publikum får headsets, men med to frekvensar der ungane får høyre alt som blir sagt, medan vi vaksne får Gregor i forvrengd og delvis uforståeleg versjon. Slik dei vaksne ikkje forstår insektet, og slik vaksne ofte heller ikkje forstår kva barna meiner. Og parallellane til korleis vi handsamar dei som er annleis blir både tydelege og skremmande.

(Kåringa av «Byggmester Solness» stod i Klassekampen måndag den 31. desember 2018, dei to andre er skrivne berre for bloggen.)

Leave a Reply