Dickens på syre

TEATER

SKJØRE SAKER: I Porselenia må Marie og Nøtteknekkeren trå varsamt for ikkje å knekke skjøre varer. FOTO: BENGT WANSELIUS

Nøtteknekkeren
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Mads Bones, Kyrre Havdal, Matilde Holdhus og Olve Løseth
Songtekstar: Mads Bones
Musikk og musikalsk leiing: Kyrre Havdal
Regi: Arvid Ones
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Koreografi: Belinda Braza
Med: Herbert Nordrum, Tor Ivar Hagen, Kjersti Tveterås, Øyvind Brandtzæg, Trond-Ove Skrødal, Silje Lundblad m.fl.

Ei underhaldande, hemningslaus og surrealistisk juleframsyning.

Ein dramaturg og to skodespelarar ved Trøndelag Teater, samt ein kapellmeister frå tidlegare musikalar har skrive ei julehistorie dei har kalla «Nøtteknekkeren», og sjølv om utgangspunktet er det gamle tyske eventyret, er det lite korkje av Hoffmann eller Tsjaikovskij i denne oppsettinga. Eller meir korrekt; – det er både litt Tsjaikovskij og mye av alt mogeleg anna. Ei meir komplett postmodernistisk sjangerblanding skal ein leite lenge etter.

Godt kjende, som dei fire forfattarane er med teatermetaforar, klassikarane og musikaltradisjonen, har dei openbert kasta det eine gode innfallet etter det andre i potten, og litt ukritisk latt det vere der. Det er blitt både styrken og problemet til denne produksjonen, som er den mest surrealistiske juleframsyninga eg har sett, underhaldande, påkosta, særs visuell, men sprikande i alle retningar. Det er Dickens på syre.

Historia finn stad på minst to plan. Utgangspunktet er ein rikmannsfamilie i Tyskland for 200  år sia der ungane Marie (Ingrid Levik) og Fritz (Brage Krogh Kvisten) gler seg til jul. Dagen før julaftan får Marie ein nøtteknekkar som ho tek med seg i senga (fordi heile familien har nøtteallergi), og om natta, i draumeverda eller kva veit vi, får nøtteknekkaren (Herbert Nordrum) liv, og samstundes tek det til å yngle med heslige rotter av alle slag. På eit litt uforklarleg vis drar både rottene, Marie og nøtteknekkaren til Lekeland, eit Carrollsk eventyrland der alle leikane er levande, men der rottene vil øydeleggje jula ved å hindre julenissen i å kome gjennom pipa. Slik blir oppsettinga eit klassisk barneteater med heltar og skurkar, og der ungane må ordne opp fordi vaksne anten ikkje forstår, eller rett og slett ikkje er del av same verda.

Intrigen er særs komplisert, og på vegen fram mot løysing av problema, eller knekking av nøttene, for ikkje å seie quizløysinga, skjer det så mye rart, absurd og komisk at det ikkje er så viktig med logikken. I staden får ein berre la seg underhalde. For i denne påkosta produksjonen har ikkje teatret spart på noko. Eit par dusin aktørar på scena spelar omlag dobbelt så mange roller, kostymeavdelinga har gått amok, og scenografien er meir enn spektakulær. I store tablå med gode songtekstar og musikk som kler stykket, blir det spela, dansa og sunge slik at det reint kan ta luven frå ein. Her kryr det med politiske, litterære og andre referansar. Så får vi tole at framsyninga tidvis tar form av ei vareoppteljing, for kanskje er det nettopp slik julekvelden er med si endelause utpakking?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. november 2013.)

One Response to “Dickens på syre”

  1. […] det ekstremt kreative trekløveret Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal. I 2013 skreiv dei «Nøtteknekkeren» som korkje er Tsjajkovskij eller Hoffmann, men hemningslaus surrealisme, og etter kvart blei det […]

Leave a Reply