Den eigentlege heimefronten

TEATER

INDRE STEMME: Johanne (Line Heie Hallem) blir heimsøkt av sitt alter ego (Oda Eggen) som både yter henne motstand og gir god rettleiing. FOTO: TOR HAUGMARK

«Vandringer til Falstad»
Turnéteatret i Trøndelag og Ulvilla teater
Manus, regi og scenografi: Arnulf Haga
Komponist: Asgeir Skrove
Musikar: Øyvind Gimse
Med: Line Heie Hallem, Lavrans Haga, Oda Eggen, Tor Ove Hallem, Nils Hallem og Bjørn Erland Søderstrøm.

Ei viktig og lite kjend historie der heilskapen diverre druknar noko i ein litt for omstendeleg detaljrikdom.

Med dagens verdssituasjon er det meir enn forståeleg at forteljingane frå andre verdskrigen framleis er aktuelle. Og i dag blir det heldigvis også løfta fram sider ved krigshistoria som lenge har vore ukjende, slik som kvardagen i den eigentlege heimefronten og den kampen dei mange anonyme kvinnene førte. Samstundes med å halde fortet heime med ungar og dagleg stell, dreiv mange av dei med livsfarleg illegalt arbeid utan å få korkje medaljar eller anerkjenning.

UHYGGE: På veg inn i teatersalen blir vi minna på kva dette handla om. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Regissøren og dramatikaren Arnulf Haga har tatt tak i ei slik historie, og i ein samproduksjon mellom Turnéteatret i Trøndelag og Ulvilla teater er det blitt eit lite og intenst kammerdrama som nå blir spela på Turnéteatrets intimscene i Verdal. I september 1941 blei den framståande kommunisten Rolf Nevermo frå Verdal arrestert av Gestapo, torturert og sett i fengsel på Vollan i Trondheim, før han eit par månadar seinare blei overført til Falstad fangeleir sør for Levanger. Heime i Verdal, tre mil unna, sat kona Johanne att med fire ungar og økonomisk og kjenslemessig uvisse. Gjennom dei tre åra mannen var fengsla, tok ho den lange turen til fangeleiren heile tretti gongar. I starten med mat og klede og for å vitje han, men etter kvart også som kurer med viktig informasjon mellom Milorg og dei innsette. Det siste var sjølvsagt med livet som innsats. Og etter tre år var ho, med fare for represaliar mot henne og ungane, med på planlegginga av Rolfs dramatiske flukt frå Falstad og over til Sverige.

Til nå har historia til Johanne Nevermo stort sett berre vore kjend i familien. Men gjennom mesteparten av dei tre åra skreiv ho dagbok, og det er på bakgrunn av desse notata at Arnulf Haga har skrive dramaet «Vandringer til Falstad». I dagbøkene skreiv Johanne berre om draumen om å redde mannen og få han heim, men lite eller inkje om det illegale arbeidet. Difor er dramaet blitt ei blanding av fakta og fiksjon, men med solid forankring i kva som faktisk skjedde.

ROLF OG JOHANNE: Det blei nokre flyktige møte mellom Johanne (Line Heie Hallem) og Rolf (Lavrans Hagas) medan han var fange. I bakgrunnen cellisten Øyvind Gimse). FOTO: TOR HAUGMARK

På teaterets intimscene har Haga plassert publikum på alle fire sider rundt eit opphøgd og nake podium. I eine hjørnet av denne enkle scenografien, sit cellisten Øyvind Gimse i fangedrakt og spelar nykomponert musikk av Asgeir Skrove. Den både byggjer opp under dramatikken og understrekar handlinga, og følgjer framsyninga som ein skugge. Det heile tek til med at Rolf (Lavrans Haga) blir arrestert og Johanne (Line Heie Hallem) sit att med redsle og uvisse. Kronologisk følgjer vi Johanne gjennom tre år med besøk, kurerverksemd og planlegging av flukt, men først og fremst hennar kjensler og frykt. Eit godt og heilt avgjerande regigrep er at Johannes alter ego blir personifisert ved ungjenta Oda Eggen som yter henne motstand og blir både samvit og samtalepartnar. At den tolv år gamle amatøren akslar den tekstrike rolla så overtydande, er verkeleg med på å løfte framsyninga.

Line Heie Hallem greier på utsøkt vis å gi truverdig og mangesidig liv til Johanne, til kvardagane med ungar og økonomisk uvisse, lengt og kjærleik, det livsfarlege illegale arbeidet og draumen om å få mannen heim. Ekstra sterkt og nært blir det når vi veit at Hallems eigen farfar var ein av grenselosane som i 1944 fekk Rolf Nevermo trygt over til Sverige. Lavrans Haga som Rolf har mindre å spele på, og blir meir eit symbol på kva Johanne kjempa for enn ein heil person å kome innpå og forstå. I dei mange rollene som tyske soldatar, fangevaktarar, milorgmenn og grenselosar, nyttar framsyninga tre dyktige amatørar frå Ulvilla teater.

«Vandringer til Falstad» er eit viktig bidrag for å løfte kvardagsheltane og få ei meir komplett krigshistorie. Men Arnulf Hagas drama er i for stor grad knytt til det konkrete innhaldet i dagbøkene til at dette blir heilt vellukka. Den store forteljinga druknar litt i alle dei trivielle detaljane som gjer framsyninga vel omstendeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 6. mai 2026.)

Leave a Reply