TEATER

«Hva er det?»
Teatret Vårt, Storyville, Molde
Idé: Sara Fellman
Utvikla av: Sara Fellman og Lars Melsæter Rydjord
Regikonsulent: Katja Lindeberg
Med: Sara Fellman og Lars Melsæter Rydjord
Ei enkel og upretensiøs framsyning stappfull av opplevingar for dei aller minste.
Dei fleste er samde om at det enkle ofte er det beste. Men å gjere noko som både er enkelt og vellukka, kan paradoksalt nok vere ganske vanskeleg. På biscena til Teatret Vårt i Molde har dei verkeleg fått det til. Der blir det for tida spela ei framsyning for barn frå tre år og oppover. «Kva er det?» er ei upretensiøs og tilsynelatande særs enkel klovnehistorie i den grad det i det heile er ei historie. Sara Fellman, som også har bakgrunn frå sjukehusklovnane, fekk ideen til framsyninga og saman med Lars Melsæter Rydjord har ho utvikla konseptet. Og ettersom dette er ein produksjon på økonomisk sparebluss, så var det ikkje pengar nok til ein eigen regissør, men berre litt konsulenthjelp. Valet av Katja Lindeberg, kanskje den i landet som verkeleg har drive klovneri til ein vitskap, var klokt, og truleg avgjerande for resultatet. For i løpet av berre førti minuttar får vi ei opplevingsrik og interaktiv stund som held dei yngste fullstendig oppslukt.
Utan scenografi, men med fine kostyme og ein del kreative rekvisittar kjem dei to klovnane inn på scena. Dei skal henge opp ei snor med vimplar, og at det går an å lage så mange artige påfunn ut av ei så triviell handling, er imponerande. Samstundes veit dei to akkurat kor grensa går for når repetisjonane og stunta blir keisame og ikkje artige lenger. Så når vimplane er oppe, går dei over til ei opplevingsrik reise i små trivielle rekvisittar. Frå eit par barnesko tryllar dei fram ei rekkje egg i ulike fargar, og frå ein stor sekk dei bokstaveleg talt kan dykke ned i, hentar dei fram bøtter og spann, eit horn og mykje anna. Ved å dele både egg og andre rekvisittar med ungane (og dei vaksne) i salen, blir det etter kvart duka for ein konsert av det reine symfoniorkester.
Berre førti minutt varar det, men på denne stutte tida greier Sara Fellman og Lars Melsæter Rydjord og gi oss opplevingar som var det ei heilaftans oppsetjing. Utan ord, berre med ekspressive lydar, er dei presise og samkøyrde, men likevel særs fleksible for reaksjonar frå publikum i ei framsyning som eg vil tru er forskjellig frå dag til dag, alt avhengig av publikum. Og der dei to på scena har ein timing der dei veit akkurat kva som skal til for å halde merksemda i salen.