TEATER
«God dag, herr Jul»
Det Vestnorske Teateret, Hovudscena
Av: Laura Djupvik
Dramatisering: Thomas Bye
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Komponist: Torbjørn Berglund Eriksen
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Vilde Biserød Vengnes, Anders Vårdal Gjerde, Johanne Fossheim, Sigmund Njøs Hovind og Piero Issa
Ei juleforteljing som byggjer opp om undring og spørsmål utan svar.
«God dag, herr Jul», som for tida blir spela på Det Vestnorske Teateret, er basert på Laura Djupviks roman med same namn. Det er ei ganske annleis juleforteljing med mange lag og ein god porsjon mystikk.
Malin (Vilde Biserød Vengnes) er ti år, og saman med mora (Johanne Fossheim) har ho flytta til ein ny stad der ho ikkje kjenner nokon, Faren er på Sydentur med «ho der nye», og mora er også litt fråverande. Det nærmar seg jul, og Malin vil at jula skal vere som ho alltid har vore. Men mora er ikkje like opptatt av slikt, og har «gløymt» å lage julekalender. Malin er overlate til seg sjølv, men når ho tar til på ny skule, får ho kameraten Henrik (Anders Vårdal Gjerde). Han bur i same gata og kan fortelje at i nabohuset bur det ei heks. Der bur også Jørgen som av merkelege grunnar får levert eit nytt juletre kvar dag. I forteljinga dukkar også Malins onkel Thor opp, ein som er meir i det religiøse, og ein lærar som er varm og forståingsfull.
Så er det ikkje slik at alt er slik det ser ut, for alle har sine løynde sider. Forteljinga har fleire lag og tema. Viktigast er nok spørsmålet om innhaldet i jula og kvifor vi feirar henne. Men her er samstundes tema som einsemd og Malins lengt etter faren, og også psykisk helse, for heksa er sjølvsagt ikkje heks. Og her er litt mystikk og merkelege ting som desse juletrea som kjem på døra til Jørgen kvar dag.
Jon Tombre har laga ein poetisk regi som reiser fleire spørsmål enn svar. Fire gode grep understrekar det poetiske. Torbjørn Berglund Eriksen har skrive nydeleg og stemningsskapande musikk som smyg seg om framsyninga. Even Børsums scenografi er stilistisk, enkel og gjennomført juletregrøn, men gir likevel rom for mange ulike situasjonar. Silje Grimstads lysdesign og særleg bruken av skuggeteater med dobbeleksponering, er særs effektfull. Og så er framsyninga krydra med små lyriske brot der Piero Issa dansar, klatrar, og gjer noko så uvanleg som å breakdanse. Alle desse elementa gjer framsyninga til noko langt meir magisk enn den meir prosaiske forteljinga, og løfter fram undringa og det både mystiske og mytiske.
Vilde Biserød Vengnes er trygg og truverdig i rolla som Malin, og får godt fram tiåringens ulike sider som både nyfikna, det triste og lengten etter faren. Anders Vårdal Gjerde er den varme og gode vennen Henrik, men syner også tydeleg at han har ei heilt anna tilnærming til røyndomen enn Malin. Johanne Fossheim, Sigmund Njøs Hovind og Piero Issa spelar alle fleire roller, men gjer det tydeleg og med lett attkjennelege karaktertrekk.
«God dag, herr Jul» er inga enkel eller typisk juleforteljing, og kan vere litt krevjande å kome inn i. Men ungane i salen sat som tende ljos, så det var openbert at dei fint greidde å leve seg inn i all mystikken.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. november 2024.)