TEATER
«A Doll’s House»
Teater Innlandet
Av Plexus Polaire i samarbeid med Figurteatret i Nordland og Teater Innlandet
Basert på «Et Dukkehjem» av Henrik Ibsen
Regi: Yngvild Aspeli og Paola Rizza
Scenografi: François Gauthier-Lafaye
Kostyme: Benjamin Moreau
Koreograf: Cécile Laloy
Komponist: Guro Skumsnes Moe
Figurar: Yngvild Aspeli, Sébastien Puech, Carole Allemand, Pascale Blaison og Delphine Cerf
Lysdesign: Vincent Loubière
Lyd: Simon Masson
Med: Yngvild Aspeli og Viktor Lukawski
Ei metaforrik og symboltung framsyning som både gir ny innsikt og er særs tru mot Ibsens idé.
Den norske scenekunstnaren Yngvild Aspeli (f. 1983) er utdanna i Frankrike der ho har budd og arbeidd dei siste 20 åra. Figurteatergruppa Plexus Polaire som ho har bygd opp, spelar for fulle hus over heile verda. Her heime er ho framleis lite kjend sjølv om det har vanka både Hedda-pris og nominasjonar. Nå har ho, med utgangspunkt i Henrik Ibsens «Et Dukkehjem», laga ei symboltung, utfordrande, intens og opplevingsrik framsyning som opnar nye dører og som sit i deg lenge etter teppefall. Verdspremieren var i Frankrike i september, og i helga var det norgespremiere på Teater Innlandet.
På scenekanten og i «sivil» fortel Aspeli oss i opninga om ein fugl som flaug inn i vindauget hennar, og som ikkje ga henne ro. I bokhylla fann ho ei tilfeldig bok som viste seg å vere «Et dukkehjem», dramaet om Nora, Torvald Helmers «lerkefugl» som freista å fly gjennom heimens usynlege glasveggar og jage ut alle skrømta. Så fell teppet, og scena er eit lukka 1880-tals rom der tre ungar sit ved juletreet, Torvald ved bordet, og i bakgrunnen står husvennen, Dr. Rank. Etter kvart kjem også Sakførar Krogstad og Kristine Linde. Alle er dokker i full storleik og særs detaljrike. Aspeli er Nora, men er også dokkeførar og spelar alle dei andre figurane, samstundes som ho med metagrep går ut av handlinga og fortel kva som skjer. Gjennom berre snaue halvannan time greier ho å gjere Ibsens drama lett tilgjengeleg. Ho gir oss ei Nora som ope vedkjenner seg å ha signert falskt for å redde mannens liv, og som ikkje ser noko moralsk forkasteleg i det. Men ho får ein augeopnar når Torvald seier han ikkje kan ofre æra si for den han elskar, og ho repliserer at det er det som tusenvis av kvinner alltid har gjort.
Alt dette blir framført velspela og forståeleg. Men det er alle dei andre laga, det symboltunge, og den kreative bruken av metaforar, som gjer denne framsyninga så annleis. Tarantellaen som Nora dansar, har ein mytologisk bakgrunn. Edderkoppen tarantell ga giftige bitt som gjorde at, kanskje spesielt kvinner, fekk krampar og blei som besette. Løysinga var heftig dans for å sveitte ut gifta. I denne framsyninga er det som om nettet snører seg saman rundt Nora, edderkoppane heimsøkjer henne og blir stadig større og meir trugande. Heilt til det toppar seg i ein ekstatisk dans som gjaldt det livet. og der Aspeli gir oss ei nesten akrobatisk oppvising i føring av ei dansande menneskestor dokke.
Plexus Polaire og Yngvild Aspeli er perfeksjonistar, og det fekk vi tydelege prov på i utsøkte og sinnrike detaljar, i imponerande synkrone skift, og i ekstremt livaktige figurar. Det er stram regi, og oppsetjinga er forbausande tru mot Ibsens idé. Som i tidlegare produksjonar har Guro Moe komponert stemningsskapande musikk som bygger opp under dramatikken og som er med på å gjere framsyninga til ei stor multimedial oppleving. Og mot slutten skjer eit kraftig og overraskande brot når Viktor Lukawski entrar scena som Torvald. Når Nora går, er ringen slutta. Alt fell frå kvarandre og Torvald sit att med restane av ein fugl som flaug rett på ein glasvegg. Er vi alle berre marionettar?
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 19. februar 2024.)