Tradisjonar for fall

REVY

GJØGLARGLEDE: Revyen «Sprækk!» har høgt tempo, er velspela og med tre skikkelege høgdepunkt. I botn ligg eit overskot av gjøglarglede.
FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Sprækk!»
UKA-23, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet og komponistkollegiet
Regi: Martin Næss og Fredrik Vildgren
Kapellmeister: Håvard Skotterud
Scenografi og kostyme: Kulissegjengen og Kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT) – Sigrid Festøy, Hanna Breen Gravem, Emilio Lombardo, Kari Melhuus Jenssen, Vårinn Andersen Melhus, Dennis Eliassen, Rikke Skindlo og Mikkel Angelo Anchissi Joner.

For første gong på nærare hundre år står Studentersamfundet i Trondhjem ved eit viktig vegskilje, – og det ber revyen «Sprækk!» tydeleg preg av.

«There is a crack, a crack, in everything. That’s how the light gets in» song Leonard Cohen, og dette minnest eg når eg ser årets UKE-revy «Sprækk!». Det raude runde huset ved Elgeseter bru stod ferdig til revyen «Cassa Rossa» i 1929, og har sia vore den andre heimen for tusenvis av Trondheimsstudentar, meg sjølv inkludert. Dei fleste som har studert i denne byen gjennom dei siste hundre åra, har lagt att mykje av sjela si i dette huset. Men etter kvart som studentkulla blei større og større fekk ein også behov for meir plass. Alt for seksti år sia tok ein til å drøyme og fantasere om «Auditorium Maximum» og andre luftslott på naboeigedomen fengselstomta. Det blei stort sett berre med draumen. Men så, – under over alle under, – nå er bygginga faktisk i full gang, og eit stort tilbygg vil bli opna neste år. Byggearbeid på dårleg grunn fører ofte til sprekkar i nabobygg, og slik også med det runde huset, derav årets UKE-namn. Når det nye tilbygget står ferdig og dei fysiske rammene er endra, vil sjølvsagt også mykje anna bli endra. Slik er nok UKA-23 på mange vis den siste i sin generasjon. Det gamle står ikkje akkurat for fall, men tradisjonar vil forsvinne eller endrast ,og mykje av det gamle vil sjølvsagt krakelere eller sprekke opp. Men som Cohen syng, – ein sprekk er det som gjer at lyset kjem inn.

UKA er tradisjon, rituala er mange, alt for mange og tidvis både utdaterte og tåpelege. Med unnatak av krigsåra, har det vore arrangert UKE annakvart år sia 1917, og slikt blir det sjølvsagt ritar og tradisjonar av. UKE-namnet er ein del av dette. Jamvel om det har vore både stutte og lange namn, har det etter kvart festa seg ein idé om at namnet skal ha tre stavingar og minst like mange tydingar. Allereie her har forfattarkollegiet i år signalisert eit viktig brot. «Sprækk» er berre ei staving, og har heller ikkje så mange tydingar, om ein ikkje skal ta til å leike seg med metaforar. Men brotet er likevel i god tradisjon, for UKE-namnet har som oftast vist til samtidsfenomen eller aktuelle saker, og slik er det så avgjort i år.

Fredag var det bypremiere og U-dag, og eg må vedgå at det var med ganske høge forventingar eg tok plass i Storsalen. For på scena var det ein uvanleg røynd gjeng med skodespelarar eg har hatt gleda av å følgje i fleire år, og som både i førre revy og i mange av SIT sine andre produksjonar har vist overtydande spel. Og berre så det er sagt med ein gong, – eg blei ikkje skuffa.

Eg har ofte sakna ein raud tråd i revyen, – eitt eller anna tema som går att. Men ikkje denne gongen. Sprekken, og brota, går att frå start til slutt. Alt før det tek til, ser vi eit sceneteppe med eit tydeleg riss, og visste ein ikkje betre kunne ein tru det var ein parafrase over Jan Groths ikoniske sceneteppe på Det norske teatret. Den same sprekken går att i kostyme og tematikk, og alt i opningsnummeret, eit forrykande velkoreografert danseopptrinn i høgt tempo, skjer det eit skikkeleg brot. Straumen går, ein HMS-ansvarleg i nabobygget kjem ilande til og seier seg lei for uhellet. Før vi tek til att. Og litt sjølvironisk, litt meta, og med haugevis av skråblikk held dei fram i same gate.

UKA er den største kulturdugnaden i landet, og her er det så godt som berre snakk om friviljuge, og glade amatørar. Men ein del år var det vanleg at revyen henta inn profesjonelle instruktørar. Det har ein nå gått bort frå, og eg trur det er eit rett val. Årets regissørar, Martin Næss og Fredrik Vildgren, har lang fartstid i huset, kjenner både revytradisjonen, aktørane, og ikkje minst den ganske vanskelege scena i Storsalen godt. Dei har laga ein revy som sit, som er godt komponert, og som har ein bra balanse mellom skjemt og alvor. For ikkje å snakke om at dei mange skifta, med eit utal kostymebytte, går overraskande saumlaust. Personinstruksjon er også bra, og trass i at scena ikkje er så stor, og orkesteret sit godt synleg på bakscena, har dei og fått plass til velkoreograferte danseopptrinn. Komponistane har gjort ein solid jobb, mange av songane er særs melodiøse, og i finalen var det ikkje vanskeleg for oss i salen å bli med etter kvart. Eit orkester på heile ti sørger for eit solid lydbilde.

IKKJE OM OSLO: Trondheimsvisa, flott framført av Hanna Breen Gravem, skulle ikkje handle om Oslo. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Ein bra revy skal ha ei god blanding av samfunnssatire, studentikos humor og berre tull og tøys. Og om vi nok ein gang skal halde oss til tradisjonane, skal UKE-revyen ha ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Drikkevisa skal ein ha brukbar fantasi for å finne denne gongen, men Trondheimsvisa, tidleg i første akt, var ei av dei verkeleg gode, sjølv om ho ikkje akkurat egna seg for allsong. Ein av veteranane i ensemblet, botnsolide Hanna Breen Gravem framfører åleine på scena ei vakker vise som stadig blir avbroten av hennar eigne verbalinnslag, for visa skal sjølvsagt ikkje handle om Oslo, må vite. Så går det slag i slag med sketsjar, songar og forrykande dansenummer. Alt er ikkje like vellukka, noko er litt uforløyst, andre manglar ein treffande punchline, men i hovudsak er det gode poeng. Blikket når diverre ikkje så veldig langt utanom vår eiga litle verd, og det er korkje krig i Europa eller migrasjonsproblem i denne revyen. Men sponsorar er ikkje til for å bli sleika oppetter ryggen, og klimaet har fått ein sentral plass (det skal eg kome attende til).

LES MIS: Helseplattforma – ein dystopisk parafrase over Les Misérablestn. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Elles får vi eit solid oppgjer med Helseplattforma som ein dystopisk parafrase over Les Misérables, vi er innom Sindre Finnes, helseministaren, kosthald, kulturelle generasjonsskilnadar, forsvarets konsentrasjon om å forsvare sine eigne mannlege offiserar, politiets forhøyrsmetodar, overambisiøs dating, og mykje meir, samt sjølvsagt ein del heilt meiningslause innslag med berre tull og tøys og ganske absurd humor. Om framføringa er god, er ofte desse innslaga dei artigaste, og slik var det også denne gongen. Det er eit uvanleg røynd og godt ensemble, og særleg alt nemnde Hanna Breen Gravem, i tillegg til Kari Melhuus Jenssen, Rikke Skindlo og Mikkel Angelo Anchissi Joner imponerte i ulike monologar og publikumsfrieri. Utan at dette er nokon kritikk av dei fire andre, for denne revyen var ensemblespel som få amatørar kan gjere dei etter.

Etter 20 år som ordførar går Rita Ottervik nå av, og for dei fleste studentane har ho «alltid» styrt denne byen. Dette blei skildra nydeleg i ein vakker song, men sjølvsagt også med kritisk distanse, varmt og inderleg framført av Rikke Skindlo. Ottervik er raus, og har late seg videofilme som ein kommentar til visa, og på bypremieren var ho til alt overmål også fysisk til stades. Det blei ei oppleving i seg sjølv.

NOK OLJE OG PLAST: Revyens beste innslag, ungdomens oppgjer med hovudsponsor og dei vaksne. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Eg har ofte sakna samfunnskritikken og den bitande politiske satiren i nokre av revyane. Men i år fekk ein av UKA’s viktigaste sponsorar så hatten passa, og vel så det. Det har lenge vore ein diskusjon om det var rett å ta imot økonomisk støtte frå eit firma som Equinor. Når studentane til slutt godtok sponsoren, er det vanleg å seie at du skal ikkje bite handa som før deg, men det gjer denne revyen til fulle. Det startar med eit hardrock-innslag om klimaet, med plakatar om at UKA må bli meir miljøvenleg, eit innslag som endar i inkje og temmeleg uforløyst. Men så syner det seg at det var ikkje fordi det var mislukka, men fordi det var eitt av dei mange vellukka brota i denne revyen. For litt seinare kjem innslaget på nytt i ei langt betre tapping, og endar opp som det beste av dei tre verkelege høgdepunkta i revyen. To åtte til ti år gamle ungjenter (Sofie Werkland Ratvik og Erika Sletten Kjerringvåg) kjem inn, og melodiøst, sukkersøtt og som ein innsmigrande Greta Thunberg syng dei ein drepande satire over hovudsponsoren og vaksengenerasjonen:
«No går det til hælvete takket være dokk. Faen ta dem voksne, dokk e en jævla saueflokk.»

Med eit litt uforståeleg, men forrykande innslag om truser (?) var det slutt, – trudde vi. Folk reiste seg i ståande applaus, men så var det berre nok eit brot. Og det viktigaste av dei mange brota. For dette handla om Samfundet, om Huset med stor H. Tidlegare i andre akt var det ein fin sketsj om kva som hadde skjedd om dei snart hundre år gamle veggane kunne snakke, for så å oppdage at det kunne dei, og at alle minna var ikkje berre minneverdige. Men då alle trudde at revyen var over, og eg sjølv tok meg i å tenke at dette var ein ganske stutt revy, – ja så var vi gong att. Og denne gongen med den verkelege sprekken, eller gapet som ein står framfor, og frampeiket om kva som skjer når nybygget står ferdig neste år. Som ein nesten religiøs ode til Huset og alt det har betydd for generasjonsvis av studentar i nær hundre år, var epilogen «Vise til Nybygg» til å bli skikkeleg rørt av. Sjølv har eg i desse dagar femti års fartstid i dette huset, og med avsluttingsstrofa i finalen var det vanskeleg å halde att tårene:
«Sjøl om du slår sprekka og åran dæm går, så veit vi at festen bak veggan består. En øl eller tre holder allting på plass, for du står på en grunnmur av hevede glass.»

Leave a Reply