Bak fasaden

TEATER

FASADE: Når kameraet er på, er denne familien berre Oh-my-God-så vellykka. FOTO: ØYVIND MALUM

«Instamamma»
Turnéteatret i Trøndelag
Av: Ida Høy
Regi: Ida Høy
Musikk: Thomas Bye
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig
Lysdesign: Simon Alvsvåg
Med: Trine Flinder Haraldsen, Evy Kasseth Røsten, Ingunn Beate Strige Øyen, Andreas Koschinski Kvisgaard og Tore B. Granås

Underhaldande og godt observert om reklame, sponsing, influensarar og retten til å vere barn.

For mange, spesielt dei unge, blir dagsorden i dag ofte sett av heilt røyndomsfjerne rosabloggarar og influensarar. Dette fenomenet har dramatikaren og regissøren Ida Høy late seg fascinere av, og saman med ensemblet ved Haugesund Teater laga ho i fjor oppsetjinga «Instamamma». Det er ei humoristisk lita familieframsyning, særs underhaldande, litt surrealistisk og ikkje så reint lite magisk. Nå har den nytilsette teatersjefen på Turnéteatret i Trøndelag, Arne Fagerholt, vald «Instamamma» som si opningsframsyning, og tysdag var det premiere i Verdal, også denne gongen i regi av Ida Høy.

I eit heilt upersonleg og nærast sterilt kjøken møter vi influensaren «Instamamma» (Evy Kasseth Røsten), stæsja og utspjåka. Til sine tusenvis av følgjarar byr ho ikkje berre på seg sjølv og sitt oppkonstruerte og falske tilvære, men også på mannen Glenn Robin og døtrene Sol og Samantha. Dei lever eit heilsponsa liv som er berre så perfekt og lykkeleg. I alle fall så lenge kameraet er på. Når historia tar til, er det berre to dagar til yngstedottera Sol (Trine Flinder Haraldsen) fyller ni år. Mora planlegg ein online beauty-bursdag, og heile verda utanom Sol veit at gåva ho vil få er den dyraste smarttelefonen, sjølvsagt med ekstrem produktplassering. Medan Sol berre ønsker seg ein vanleg bursdag og eit kjæledyr.

Så møter Sol Marco (Andreas Koschinski Kvisgaard) som er den nye guten i parallellklassen. Han bur saman med den spesielle og fargerike bestemora (Ingunn Beate Strige Øyen), og i deira verd er leik og magi heilt avgjerande. Sol fell sjølvsagt for dei to og deira levevis, og gjer til slutt eit lite opprør. Så endar det i ein heilt surrealistisk finale, og utan å røpe for mykje blir det meir enn nok kjæledyr for Sol til slutt.

Jenny Hilmo Teig har laga ein velfungerande scenografi der veggane er som ei biletbok ein kan bla i, og som effektivt gjer at ein kan veksle mellom den sterile heimen til Instamamma, skolevegen, og den langt meir fargerike bustaden til Marco og bestemora.

Ida Høy må vere av landets mest produktive dramatikarar og regissørar for tida. På fire månadar har eg sett tre premierar på framsyningar ho både har skrive og instruert, ein av dei ein urpremiere. Trass i stort arbeidspress, og berre eit drygt år sia førre oppsetjing av «Instamamma», gjer både casting, scenografi og ein del regigrep at dette likevel langt frå er nokon reprise på det som også var ein god produksjon.

Forteljinga er sjølvsagt litt outrert og overdrive slik ei god historie skal vere, men likevel til å kjenne att. Og det kryr av artige opptrinn, ikkje minst i dei mange kulturkollisjonane. Særleg underhaldande er bestemoras manglande kjennskap til dagens kodar, terminologi og sjargong. Det er framifrå spel av alle fem på scena, som gjennom raske skift fyller sju roller. Og kanskje er det typisk at den artigaste av dei alle var den mest absurde då godt vaksne Tore B. Granås spela ei avundsjuk og utspjåka ungjente. Ei lita innvending i all rosen er at teateret kallar oppsetjinga ein familiemusikal. Til det er det for få musikkinnslag, og songane er diverre korkje særleg melodiøse eller fengande.

«Instamamma» er ikkje berre uskuldig og humoristisk gjøn med all slags overflatiske nettfenomen. I botn ligg også retten til å vere barn, til leik, tøys og tull og masse magi. Dette blir framifrå balansert og formidla av Trine Flinder Haraldsen, og særleg i samspelet hennar med Andreas Koschinski Kvisgaard.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. oktober 2023.)

Leave a Reply