Historisk teater

TEATER

TIDSRIKTIG: Ikkje berre kulissar og kostyme, men også spelestilen er som i 1816. FOTO: OLE EKKER

TIDSRIKTIG: Ikkje berre kulissar og kostyme, men også spelestilen er som i 1816. FOTO: OLE EKKER

«Armod og edelt sinn»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: August von Kotzebue
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Sigrid T’Hooft
Scenografi og kostyme: Stephan Dietrich
Med: Hallbjørn Rønning, Jon Lockert Rohde, Mari Hauge Einbu, Trond-Ove Skrødal, Olve Løseth, Hans Petter Nilsen, Wenche Strømdahl, Marianne Meløy og Jan Frostad

Fornøyeleg og strålande formidla jubileumsframsyning på Gamle scene.

Trøndelag Teaters Gamle scene er Nord-Europas eldste i kontinuerleg drift og feirar i år 200-årsjubileum. Det gjer teatret ved å spele ei «historisk informert framsyning», ein eigen sjanger vi knapt ser noko til her i landet, og som går ut på å setje opp framsyninga så historisk korrekt som mogeleg. «Armod og edelt sinn» er skrive av den særs produktive tyske dramatikaren August von Kotzebue (1761-1819) og framifrå omsett av Øyvind Berg. Ettersom barokkteatret nå er relativt ukjend i Norge, har ein henta inn den belgiske koreografen og regissøren Sigrid T’Hooft, og den tyske scenografen og kostymedesignaren Stephan Dietrich. Saman med Kyrre Havdal på hammerklaver (utlånt frå Ringve) og Ola Lindseth på fiolin, og eit særs samspela ensemble, har dei laga ei framsyning som blei langt meir enn berre ei historisk oppsetjing av akademisk interesse.

Historia og intrigen i «Armod og edelt sinn» minnar i mangt om Holbergs komediar, men er meir komplisert og omstendeleg. Det er ei tretimars framsyning i sju aktar og med to pausar, og med ein intrige det vil føre alt for langt å gi eit resymé av. Men stutt fortald er det ein forviklingskomedie om kjærleik, pengemakt og grådigheit, ei historie med store skift mellom det komiske, det tragiske, og det djupt alvorlege. Sjølv venta eg meg ein historisk leksjon om korleis teater blei spela i 1816, men forstod ganske raskt at dette var noko langt meir.

I særs tidsriktige kulissar, og med like korrekte kostyme, møtte vi eit ensemble som spela teater slik dei aldri har gjort det før. T’Hooft har gjort ein formidabel innsats med personinstruksjon, for her gjeld andre reglar. All tale skal vere vend mot publikum og ikkje til kvarandre, det meste skjer særs omstendeleg med raffinement og akkurat passeleg overspel, og med geberdar og kroppsspråk som er temmeleg framandt. Og det fungerte. Først og fremst på grunn av eit strålande opplagt og særs velinstruert ensemble, men også fordi oppsetjinga blei så mangefasettert. Eitt er det historisk/pedagogiske som var både lærerikt og underhaldande, men vi fekk også ein metadimensjon ved at vi alle visste at dette var ei teaterframsyning om ei teaterframsyning.

Og medan vi let oss underhalde og opplyse, og kosa oss med ei intrikat historie, god humor og framifrå spel, fekk vi med eitt i siste akt ein sanningas augneblink som faktisk rørte ved noko i oss. Det skuldast nok at von Kotzebue var ein langt betre dramatikar enn gløymsla skulle tilseie, men også at denne scena blei framført av Trond-Ove Skrødal og Mari Hauge Einbu, dei to som i eit elles uvanleg godt ensemble, hadde greidd å dyrke fingertippkjensla for den noko aparte spelestilen til det nær perfekte.

(Ei forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. januar 2016.)

Leave a Reply