Var han eit mobbeoffer?

TEATER

SKEPTISK: Mor Åse (Liv Bernhoft Osa) er ikkje heilt viss på om hu skal tru på Peer (Aksel Hennie). FOTO: BÅRD GUNDERSEN

«Peer Gynt»
Peer Gynt ved Gålåvatnet
Av Henrik Ibsen
Regi og tilarbeiding: Per-Olav Sørensen
Komponist og lyddesign: Kristian Eidnes Andersen
Medkomponist: Hans-Kristian Kjos Sørensen
Scenografi: Geneviève Lizotte
Koreograf og medregissør: Thea Bay
Kostyme: Oddfrid Ropstad
Maskedesign: Tonje Lie
Lys- og videodesign: Richard Andreas Richardsen
Videodesign: U. Lucas Dubé-Cantin
Med: Aksel Hennie, Liv Bernhoft Osa, Mimmi Tamba, Maja Christiansen, Dennis Storhøi, Ameli Isungset Agbota, Frode Winther, Eivin Nilsen Salthe, Tom Styve og 42 statistar.

Eit lågmælt, stramt og heilskapleg drama om eksistensielle val frå ein Peer på leiting, men ei oppsetjing som likevel ikkje heilt greier å røre meg.

Heilt sia 1989 har ulike regissørar og kunstnarlege lag fått høve til å tolke «Peer Gynt» i naturskjønne omgjevnader ved Gålåvatnet i Sør-Fron. For å seie det forsiktig, har resultatet vore ganske ymse. I fjor overtok Per-Olav Sørensen regiansvaret, og fredag var det duka for premiere på hans, og denne produksjonens, siste sesong. I eit regnvêr som aldri greidde å øydeleggje opplevinga, fekk vi ei litt meir lågmælt tolking enn mykje vi har sett tidlegare. Og det meiner eg i positiv tyding.

ENKEL SCENOGRAFI?
Berre tilsynelatande.
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Det første som slår ein når ein finn plass i det fine amfiet i enden av Gålåvatnet, er den tilsynelatande enkle scenografien. Borte er den øydeleggjande plaskedammen til Snøhetta. To stiliserte haugar omkransar scena som er ein gangbane og eit gruslagt plan, der ein halvsirkels spegel avsluttar og formidlar scenerommet ut mot vatnet. I utgangspunktet kan det sjå litt nake og enkelt ut, men den kanadiske scenografen Geneviève Lizotte har skapt ei scene som gir rom for det meste utan å vere overmøblert eller påtrengjande. Det neste som slår meg etter kvart som handlinga skrid fram, er at Sørensen har tillit til publikum. Vi er komne for å sjå Henrik Ibsens Peer Gynt, og ikkje ein turistattraksjon med fullt av gags som dollarglis, småfly, segway og slike påfunn ein del tidlegare regissørar har krydra framsyningane med. Ved å stole på Ibsens tekst og at publikum ikkje er dumme, blir dei få effektane og overraskingselementa som regissøren nyttar, desto sterkare.

I eit intervju i programmet seier Per-Olav Sørensen at han ser dramaet som djupt religiøst. Han har også vald å leggje vekt på det spesielle forholdet mellom Peer og Mor Åse. Og sjølv om han i hovudsak følgjer Ibsens kronologi gjennom dei fem aktene, har han sjølvsagt gjort nokre endringar og regigrep. Han har dessutan vald å få Kristian Eidnes Andersen og Hans-Kristian Kjos Sørensen til å skrive ny musikk. Det har vore eit godt val, for sjølv om Edvard Griegs musikk er både vakker og ikonisk, er den særs førande for innhaldet, og kan nok gjere det vel nasjonalromantisk. Solveigs song er framleis med, og for å understreke det religiøse, har Sørensen også nytta eit par salmar. Opningsscena er også ny. I staden for å gå rett på bukkerittet, startar det med eit slagsmål der Peer får skikkeleg juling. Slik blir han framstilt som eit mobbeoffer som alle hakkar på, og det legg på mange vis premissane for den vidare tolkinga av Peers liv og val og kvifor han blei som han blei. Så let Sørensen Peer gå rett inn i den mest dramatiske forteljinga om bukkerittet utan å gå vegen om ei av verdsdramatikkens mest kjende opningar; «- Peer, du lyver». Ein ørliten detalj kanskje, men den fungerte særs skjerpande på meg som publikum.

MOR ÅSES DØD.
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Aksel Hennie er Peer. Han er tydeleg og klår, og spelar litt meir lågmælt enn det vi ofte ser av Peer-tolkingar. Det er eit godt val, og understrekar at dette, kanskje meir enn religiøst, er eit djupt eksistensielt drama der vi bak løgnhalsen og skrytepaven også ser eit sårbart vesen, uviss på seg sjølv, og stadig på leiting. Alt dette får Hennie utmerka fram i dei intime tablåa, særleg i samspelet med Mor Åse, den grønkledde og knappestøyparen. Men når han er åleine i det store scenerommet, blir det ikkje same intensiteten, det blir for lite variasjon i registeret hans til at eg trur heilt på han og han greier ikkje å røre meg.

Sjølv om det aldri er tvil om at dette handlar om Peer, står Mor Åse, og Peers forhold til mora, fram som særs viktig i første akt. Det skuldast i stor grad at Liv Bernhoft Osa gjer ei formidabel tolking av Mor Åse der ho på eit inderleg og truverdig vis greier å ta vare på tvisynet i forholdet til Peer, på den eine sida kjærleiken til han, og på den andre vissa om at han er ein dagdrivar og løgnhals. Og Mor Åses død er ei av dei mest gripande scenene i denne framsyninga der samspelet mellom Hennie og Osa er på sitt beste.

SOLVEIG OG PEER
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Henrik Ibsen har skrive om så mange sterke kvinner, og eg er ikkje åleine om å finne Solveigs rolle som ganske problematisk. Ho som i sin kompromisslause kjærleik, nesten til det sjølvutslettande, berre ventar og ventar. I Mimmi Tambas tolking blir Solveig for meg meir eit symbol på det motsette av Peer, enn på eit heilt menneske. Det kviler noko nesten religiøst og guddommeleg ved henne, ikkje heilt av denne verda, men Tamba har fått alt for lite å spele på til å vise oss meir av dette og kven Solveig er. Då er det langt tydelegare kva regissøren vil med den grønkledde. Ameli Isungset Agbota er eit fyrverkeri, det dampar erotikk av hennar møte med Peer, og det er ikkje vanskeleg å fatte kvifor han let seg forføre. Dennis Storhøi, som sjølv har spela Peer i ei årrekkje for 10-15 år sia, er nå attende på Gålå i rollene som knappestøyparen og den framande (passasjeren). Lågmælt og utan store geberdar gjer han maksimalt ut av båe rollene.

ANITRAS DANS:
Stiliserte, koreograferte tablå
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

«Peer Gynt» er eit dramatisk dikt i heile fem akter, og i ei slik oppsetjing er det naturleg at noko må strykast. Sørensen har fjerna scena med mannen som hogg av seg fingeren for å sleppe unna militærteneste, og då også sjølvsagt gravferda til den same mannen. Det gjer at «prestens tale», som eg alltid har oppfatta som viktig for Peers gryande sjølvinnsikt, også er kutta. Eg er ikkje overtydd om at det var eit rett val. Og så er ikkje Sørensen åleine om å få problem med skildringa av Peers mangeårige eksil i Amerika og Nord-Afrika. Nokre av desse scenene er skore ned til det minimale, og både møtet med Anitra og med Begriffenfeldt i dårekista, er vist meir som vakre, stiliserte og koreograferte tablå, enn som heile scener. Her får Thea Bay verkeleg vist kva ho kan få til av koreografert rørsle frå langt frå profesjonelle statistar. Slik blir desse scenene nesten meir som bakteppe og vakre og visuelle brot, enn som del av handlinga.

DEN GRØNKLEDDE:
Ameli Isungset Agbota
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Eg har tidlegare vore inne på scenografien, men den fortener meir omtale, for det er i samspelet mellom regi og scenografi at denne framsyninga verkeleg har sin styrke. Scena er tilsynelatande enkel med eit gruslagt golv. Men så syner det seg at denne grusen byr på overraskingar så det held, som når det i første akt med eitt myldrar av troll ut av inkje. Det er magisk. Endå meir magisk blir det etter pause når mørket fell på og Richard Andreas Richardsens fine, men diskré lyssetting kjem til sin rett. Og når det dreg set til med storm og havari, manglar det ikkje på dramatiske sceniske effektar. Då viser det seg at spegelen som er golv på den ytste delen av scena, bikkar opp i vertikal stilling. Ein kunne tru at å fjerne den flotte utsikta til Gålåvatnet som bakteppe, ville vere øydeleggjande, men det motsette skjer. Spegelen er godt eigna til videoprojeksjonar der Peer blir konfrontert med fortida, og i særleg grad med Solveig og Mor Åse. Og så er symbolikken med denne bakveggen tung og overveldande. For det første er ein spegel eitt av dei viktigaste elementa for ein som skal gjere opp rekning med seg sjølv slik Peer gjer i siste akt. Og for det andre, blir det som var ei ope verd der Peer kunne gjere som han ville, med eitt eit tett og lukka rom. Det tetnar seg til rundt han, og det er ikkje lenger nokon stad å «gå utanom» for å redde seg. Før Solveig dukkar opp med ei guddommeleg evne til tilgiving og forsoning. Dette er Henrik Ibsens finale, og Per-Olav Sørensen er tru mot den. Men finalen er for meg likevel ganske uforløyst, for ikkje å seie vanskeleg å fatte.

Årets «Peer Gynt» ved Gålåvatnet er blitt ei rein og tydeleg framsyning, stram, lågmælt og utan noka form for publikumsfrieri. Det er vakre, stiliserte og velkoreograferte tablå, og med ein særs illustrerande og vellukka scenografi. Nokre av Sørensens kutt og endringar fungerer godt, men eg er ikkje samd i alle. Og sjølv om det aldri var vanskeleg å forstå kva regissør og skodespelarar ville, greidde diverre ikkje framsyninga i stor nok mon å røre meg.


Eit lite etterord om det ikkje regisserte til slutt:
Å spele friluftsteater er ein risikosport. Eitt er at ein aldri kan vete kva for vêr ein får. Denne gongen var temperaturen god, men det regna nokså samanhengande heile tida. Slikt må ein tole, og på premieren ga regnet ofte litt ekstra dramatiske effektar som ga oss ein liten tilleggsdimensjon.
Men så må ein også ta høgde for faunaen i spelområdet. Litt uti framsyninga sprang med eitt ein hare tvers over scena. Alle trudde at det var tilfeldig, eit uventa, men artig innslag. Eivind Nilsen Salthe skulle ha neste replikk. Han stoppa opp litt, venta til haren var forsvunne, og så sa han noko om ein steik, ein replikk som
eg trur korkje kom frå Ibsen eller Sørensen. Men som syner kva gode skodespelarar som er trygge i rollene kan få ut av uventa situasjonar. Med denne spontane kommentaren fekk Salthe både meg og mange andre til å lure på om haren kanskje var del av Sørensens regi likevel.

2 Responses to “Var han eit mobbeoffer?”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Morsomt med den haren!

  2. Lars Gunnar Lingås sier:

    Dette var en grundig og fin anmeldelse som jeg synes samsvarer med min egen opplevelse! Jeg synes den religiøse vinklingen ble litt for dominerende på bekostning av det eksistensielle hovedtema. Men du verden for en flott opplevelse!

    Hilsen fra han som satt ved siden av deg og pratet med deg i pausen..

Leave a Reply