Med eller mot naturen

TEATER

VEKTLAUS: Camilla Therese Karlsen synleggjer gjennom akrobatisk dans magien når steinar tar til å sveve. FOTO: ØYVIND MALUM/WOW MEDIALAB

«Allaq – Dållen gïele/Ildens stemme»
Åarjehlsaemien Teatere, Turnéteatret i Trøndelag og Beaivváš Sámi Našunálateáhter
Av: Cecilie Persson
Regi: Peter Oskarson
Scenografi og kostyme: Peter Holm
Masker: Leo Thörn
Kostymemakar: Berit Haltvik With
Komponist: Frode Fjellheim
Koreografi: Camilla T. Karlsen
Lysdesign: Per Sundin
Med: Lene Cecilia Sparrok, Mary Sarre, Camilla Therese Karlsen, Tore B. Granås, Stein Bjørn og Trond Peter Stamsø Munch

Ei sanseleg, vakker og mytisk framsyning som ikkje alltid er like lett å forstå.

Med Høgsteretts dom om vindmøllene på Fosen og regjeringas suverene forakt for denne avgjerda, er det høgst aktuelt å stille spørsmål om kva som skjer når klimaendringar og overgrep frå storsamfunnet gjer at livsvilkåra for urfolk forsvinn. Dette er bakteppet i «Allaq – Dållen gïele/Ildens stemme», ein samproduksjon mellom Åarjehlsaemien Teatere (Det sørsamiske teateret), Turnéteatret i Trøndelag og Beaivváš Sámi Našunálateáhter (Det samiske nasjonalteateret). På bakgrunn av tre arktiske myter frå Alaska, Kalaallit Nunaat (Grønland) og Sápmi, og som alle har bjørnen og naturen som sentrale tema, har Cecilia Persson skrive eit drama der nordkalotten er blitt ørken, is og eld. Varsla har vore mange, men dei er blitt ignorerte. Nå har livsgrunnlaget til det vesle samfunnet vi møter forvitra, og leiaren avgjer at dei må flytte.

Framsyninga opnar med eit slags ritual der aktørane på ulike vis syner respekt for den livgjevande elden. Men når alt er tørke og aude, er det ikkje anna råd enn å flytte. Den gamle bestemora Sakka (Mary Sarre) må bli att, overlate til seg sjølv og ein sikker død. Men medan mannfolka dreg, vel dotterdottera Allaq (Lene Cecilie Sparrok) å bli att med Sakka,.

Den vidare handlinga er ikkje like lett å få tak på, for her er det ei samanveving av myter, metaforar, symbolikk og stilisert teater som manusforfattar Cecilie Persson og regissør Peter Oskarson ikkje alltid har greidd å gjere heilt forståeleg. Men hovudforteljinga er at Allaq, som er halvt bjørn og halvt menneske, forstår at ein må finne attende til naturen og samspelet med han, personifisert gjennom bjørnen.

Framsyninga har ein del problem med sjølve historia, og noko av spelet blir også vel patosfylt utan at det står i forhold til det som skjer på scena. Men som ei sanseleg oppleving har oppsetjinga store kvalitetar. Scenografien og kostyma til Peter Holm gir oss, utan nærare geografisk plassering, eit illustrerande bilde av eit urfolk. Leo Thörns masker er flotte og Per Sundins lysdesign er stemningsskapande på eit nøkternt og diskré vis. Og det som verkeleg løftar framsyninga, er musikken til Frode Fjellheim som gjennomsyrer det meste, og koreografien og dansen til Camilla Therese Karlsen. Saman med steinar som tar til å sveve, illustrerer ho den same vektløysa med akrobatisk dans som ein trapesartist klatrande i to draperi, og alt samansmelta og synkront med Fjellheims musikk.

«Allaq – Dållen gïele/Ildens stemme» er andre del av ein trilogi som vil bli vist og fullført i samband med Bodø 2024 når Bodø til neste år blir europeisk kulturhovudstad. Men etter urpremieren i Verdal fredag, skal framsyninga i tre veker framover turnere i Trøndelag og Nordland.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. januar 2023.)

Leave a Reply