Fluge på veggen

TEATER

ENDELEG: For ei hektisk mor (Inga Skogseth), kan noko så trivielt som å vere åleine i ei hotellseng med kjøpepizza og brus by på kvalitetstid. Om ikkje mann og ungar stadig ligg på telefonen. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Rom rives»
Studentersamfundets Interne Teater
Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus
Av: Vibeke Preus Beck
Regi: Ali Waarieh
Scenografi: Alba Arnesen
Kostyme: Nora Crawfurd Svensen
Med: Aasta Valen, Nora Bugge Pasca, Inga Skogseth, Ane Sofie Forseth, Iona Schandy Papageorgiou, Selma Schøyen Løkken, Markus Sannes, Birk Keiseraas, Vida Woie og Hedda Krogh

Når eit hotellrom tar til å fortelje, kan det bli mange historier.

Om berre veggane kunne fortelje, heiter det. Det trur eg vi skal vere glade for at dei ikkje kan, men mangt eit drama eller spennande roman kunne det ha blitt. For ti år sia vann Vibeke Preus Beck, til dagleg universitetslektor i drama ved Høgskulen i Volda, førstepris i Norsk teaterråds manuskonkurranse med dramaet «Rom rives». Der tek ho for seg eit tilfeldig hotellrom, går førti år attende, og gjennom ei rekkje tablå fortel ho noko av det veggane i dette rommet har vore vitne til sia 1972. Nå skal hotellet rivast og rom 309 er det siste som står for fall.

Det er openbert mange grunnar til at folk tar inn på hotell. Det er brudeparet som skal ha første natta si der, det er dei som søkjer ei natts ulovleg spenning, eller ho som ønsker ein liten fristad frå kvardagens slit og trivialitetar. Og det er dei som av ulke grunnar berre skal ha ei overnatting. I denne oppsetjinga møter vi mange av dei.

Stykket blei opphaveleg skrive for fem menn og fjorten kvinner. Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har kappa det ned til ti aktørar, men ettersom mange spelar fleire roller, er nesten heile menasjeriet på plass. Ettersom dramaet blei skrive i 2012 og omhandlar rommets historie frå 1972 til 2011, har SIT utvida det med ti år, så her får vi femti år med historier frå 1. mars 1972 til 24. februar i år.

UNIFORM: Stuejenta (Aasta Valen) går nesten i eitt med tapetet, og har sterkare band til rommet enn nokon. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

I ein scenografi med tapet i triste, men tidsriktige syttitalsfargar (brunt og oransje!) får vi eit rom der lite har skjedd dei siste femti åra. Og her er slitasje og raudvinsflekkar og mangt anna som også fortel sine historier. Stuejenta (Aasta Valen) har ein uniform som nesten går i eitt med tapetet, og blir slik personifikasjonen av både hotellet og rommet. Etter kvart skal det vise seg at ho også har langt sterkare band til dette rommet enn berre uniforma og jobben. I framsyninga blir ho vår trygge guide til dei ulike tablåa der vi hoppar fram og attende i tid gjennom femti år. Og ryddinga hennar etter kvar gjest er ein god freistnad på å gjere dei alt for mange sceneskifta litt meir synkrone.

Gjennom halvannan time blir vi presenterte for eit utal hotellgjestar, og det som først kan sjå ut til å vere tilfeldige tablå, syner seg etter kvart å bli litt meir enn det. I botn ligg ei sterk familiehistorie, men på vegen til demaskeringa av den, får vi innblikk i så mange andre lagnadar. Det er sjølvsagt mykje trist, og jamvel feiring av både heterofil og skeiv kjærleik har sine blå sider. Og i det ein kanskje kan sjå som eit ungdommeleg sjølvironisk innslag, får vi presentert fire idealistiske miljøaktivistar som med på humoristisk vis blir avslørte ettersom dei viser seg å ha meir hormonelle enn idealistiske agendaer. Det er underhaldande. Og sjølv om det nok tidvis er lett å ta til overspelet, og der endringa i sinnsstemningar kan kome litt i raskaste og noko umotiverte laget, er spelet jamt over meir enn godt nok. Ei som verkeleg synte at det er i dei små detaljane, mimikk og nyanserikdom at scenekunsten ligg, var Inga Skogseth. Med små fakter og utsøkt repeterande spel ga ho oss ei travel mor og kone som berre ville ha nokre få timar heilt for seg sjølv. Då kan brus og kjøpepizza i ei hotellseng vere kvalitetstid av høgste klasse.

«Rom rives» er ei oppsetjing med mange tablå, hyppige sceneskift og eit utal entrear og sortiar. Intimscena Knaus er langt frå ideell til dette føremålet. Scenografien til Alba Arnesen var illustrerande, og så god som dei fysiske rammene kunne tillate, men hadde fortent ei meir tradisjonell scene. Regien til Ali Waarieh er i hovudsak god, men fleire av tablåa kunne nok ha vore stramma inn litt samstundes som han også sleit med å få dei mange sceneskifta til å flyte. Grepet med at stuejenta rydda, var ein god freistnad, men det blei nok litt for fragmentarisk med mange og lange brot.

«Rom rives», som blir spela fram til 13. mars, er den første produksjonen til SIT etter to års nærast totaltørke der dei heldigvis fekk eit lite smittefritt vindauge akkurat under UKA i haust. For studentar som kanskje er aktive i teatergruppa i to-tre år, er to års scenisk fråvær øydeleggjande mykje. Men nå er dei i gang att, og om berre tre veker er det duka for ny premiere. Spelegleda på Knaus var det difor ikkje noko å seie på, og ho smitta over på både publikum og denne meldaren. Eg gler meg alt til neste møte.

Leave a Reply